Forside:Pitesamisk historie og kultur

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Forside:Pitesamar»)
Hopp til navigering Hopp til søk

URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
samisk • skogfinsk • kvensk • rom • romani • jødisk
sørsamisk • umesamisk • pitesamisk • lulesamisk • nordsamisk • austsamisk
språk • byggeskikk • rein • mat • religion/livssyn

Om Pitesamisk historie og kultur
Sæjjde (offerstad) og beitande tamrein ved StødiSaltfjellet.
Foto: Olve Utne, mars 2010.

Pitesamar er eit samisk folk som tradisjonelt hovudsaklig har halde til mellom området kring Saltfjellet og Saltfjorden i Noreg via området på nordsida av Arjeplog og Arvidsjaur i Sverige. I sør grensar den pitesamiske kulturen til umesamisk kultur, og i nord grensar han til lulesamisk kultur. Tradisjonelle næringar blant pitesamane inkluderer reindrift, jakt og fiske, jordbruk og båtbygging. Dei bufaste samane har med tida vorte assimilerte i lokal skandinavisk kultur gjennom lokal integrering med norsk- og svensktalande så vel som gjennom langvarig assimilasjonspolitikk frå myndigheitene på begge sidene av Kjølen, og pitesamisk språk er no sterkt utryddingstruga med berre 25–50 morsmålstalande i Sverige og ingen i Noreg i 2010.   Les mer ...

 
Smakebitar
Árran i juli 2009.
Foto: Olve Utne

Árranjulevsáme guovdásj / lulesamisk senter er eit senter for lulesamisk kultur på Drag i Tysfjord kommune i Salten/Ofoten. Senteret inneheld blant anna museum, språksenter og ein lulesamisk-språklig barnehage. (Barnehagen vart utskild som eiga verksamheit i 2018.) I tillegg har både sametingsadministrasjonen, NRK Sápmi, Nord Universitet og Statped kontor der.

Árran gjev ut eit populærvitskaplig tidsskrift om lulesamisk språk og kultur, Bårjås, som kjem ut med eit nummer i året. Språksenteret har vore involvert i produksjonen av det lulesamiske språkkurset Sámásta, og i tillegg er dei involvert i den planlagte utgjevinga av ei norsk–lulesamisk ordbok.   Les mer …

Säjjden på Stødi.
Foto:  Bjørn Utne
Stødi, pitesamisk Stuädtje, er ein stad lengst nord i Rana kommune, på grensa til Saltdal kommune. Stødi ligg ved det høgaste området, kring 700 moh., av fjellpasset mellom Dunderlandsdalen og Saltdalen. Aust-søraust for Stødi ligg toppen Svánjgavárre (904 moh.) nærmast, og austom denne att Svánjga (Svangsfjellet) mot grensa til Arjeplogs kommun i Norrbottens län i Sverige. Vestom passet ligg Bolnatind (1389 moh.). Frå gammalt av er Stødi særlig kjent for säjjden — ein samisk offerstad som var i bruk fram til innpå 1800-talet. Frå 1947 til 1949 var det haldeplass på Nordlandsbanen her, og frå 1950 til sommaren 1967 hadde Stødi status som jarnbanestasjon. Rett nordom stasjonsområdet og austom jarnbanelina ligg Semska–Stødi naturreservat, som blei etablert i 1976.   Les mer …

Saltfjellet (bokmål/nynorsk) eller Sáltoduoddar (pitesamisk), òg skrive Sáltoduottar (nordsamisk) og Sálltoduottar (lulesamisk), er eit høgfjellsområde mellom Rana og Saltfjorden i Nordland fylke.   Les mer …

Salten Pitesamiske Forening, også kjent under namneformene Sálto bihtesáme siebrre (lulesamisk), Salto Bihtesamiid Særvi og Salto Bihtesamiid Searvi, er ei interesseforeining for pitesamisk språk og kultur. Foreininga blei stifta i 1999 og har medlemmer hovudsaklig i Beiarn, Bodø og Gildeskål. Foreininga oppretta stiftelsen Duoddárá Ráffe den 30. juli 2002, og denne stiftelsen har ansvar for drifta av det pitesamiske kultursenteret på gnr. 48, bnr. 38, «Heimen» i Beiarn som blei offisielt opna fredag den 20. juni 2003.   Les mer …

Planteikning utført av okkupasjonsstyret.
Krokelva fangeleir var ein tysk fangeleir omlag 300 meter nordom den seinare Semska stasjonSemska i Saltdal kommune under andre verdskrigen. Leiren vart etablert i 1942 og oppløyst ved den tyske kapitulasjonen i mai 1945. Krigsfangane var sett til tvangsarbeid på Blodvegen. Ved kapitulasjonen var det 790 fangar der. 364 fangar omkom i løpet av åra leiren var i drift. Dei attlevande fangane sette opp eit minnesmerke i 1945. Dette minnesmerket vart sprengt av dei norske myndigheitene i samband med Operasjon asfalt i 1950, og dei einaste spora etter leiren i dag er overgrodde levningar i landskapet.   Les mer …

Bolna stasjon en vinterdag i 1957
Foto: Jac Brun/Nasjonalbiblioteket
Bolna stasjon i juli 2012.
Foto:  Olve Utne
Bolna stasjon er ein jarnbanestasjon på strekninga mellom Dunderland stasjon og Røkland stasjonNordlandsbanen. Stasjonen ligg på Bolna (pitesamisk Båldno, lulesamisk Bållná) i Rana kommuneHelgeland. Denne stasjonen, så vel som Hjartåsen stasjon, Krokstrand stasjon, Stødi stasjon og Lønsdal stasjon, blei opna onsdag den 10. desember 1947 da Nordlandsbanen vart forlenga frå Dunderland til Lønsdal.   Les mer …
 
Kategoriar for Pitesamisk historie og kultur
 
Andre artiklar