Selstøbuane var dei enaste bygningane som stod att etter nedbrenninga av bygda i 1942. Foto: Commons-brukaren Cavernia
Telavåg er ei bygd på Sotra i Øygarden kommune. Staden hadde i 2022 rett i overkant av 600 innbyggjarar.
Telavåg er særleg kjend for represaliane etter ei trefning i 1942. Alle hus vart sprengt og brent, alle dyr ført bort og alle båtar senka. Av innbyggjarane vart alle menn mellom 17 og 60 sende til Sachsenhausen, der 31 av 72 døydde. Dei andre vart internert i Noreg inntil mai 1944. Telavåg er den einaste staden i Noreg som vart utsatt for så harde represaliar, og hendingane vart teke med som eitt av tiltalepunkta i Nürnbergprosessane. Hendingane i 1942 vert minna på Nordsjøfartmuseet, som óg fortel historia om Englandsfarten og Shetlands-Larsen. Les mer …
Fjell kystlag er lokallag av Forbundet KYSTEN og held til i tidlegare Fjell kommune ved Bergen. Kystlaget har teke vare på og restaurert tradisjonsrike bruksbåtar og naustmiljø. Laget vart starta 23. mars 1983 av ein flokk idealistar som såg verdien av den gamle kystkulturen, som den gongen var i raskt forfall. I dag disponerar dei om lag 110 medlemene eit representativt utval av gamle båtar og tre bygningar med lokalhistorisk sus. Les mer …
«Gneisenau» fotografert i 1939/40. Foto: Deutsches Bundesarchiv
Fjell festning (også Fjell fort, Batterie Fjell, Festung Sotra, MKB 11/504 Fjell eller Torden Felix) er et kystforsvarsanlegg på Sotra, Fjell i Øygarden kommune. Anlegget ligger på et høydeplatå over Fjell gard midt på øya. Anlegget ble bygget av den tyske okkupasjonsmakten under andre verdenskrig og tilhørte den tyske Kriegsmarine og inngikk i Atlanterhavsvollen. Festningen var bygget som et forsvar rundt hovedvåpenet, en trippel 28,3 cm kanon, plassert i et pansertårn med en maksimal rekkevidde på 37 km. Kanonen var opprinnelig en skipskanon fra slagkrysseren «Gneisenau», som hadde tre slike kanoner og disse ble demontert etter at skipet ble skadd etter britisk bombing i Kiel i februar 1942. Festningens hovedformål var å forsvare innseilingen til Bergen, nord og sør for Sotra. Bergen var en viktig by for okkupasjonsmakten, ikke minst på grunn av ubåtbunkeren i Laksevåg. Les mer …
Johan Christian Walhammer Juuhl (født på Brattholmen i Fjell kommune 27. mai 1866, død i Bergen 15. juli 1947) budde som vaksen i Bergen, og arbeidde som journalist og forfattar. I dag er han i stor grad gløymt, men for dei som er interesserte i historia til den ytste delen av strilelandet og folket der, er bøkene hans vel verdt å henta fram att. Slekta til Johan C. W. Juuhl var knytt til Knarrvika og Brattholmen på austsida av Litlesotra i Fjell kommune. Oldefaren Anders Magnussen (1775-1846) kjøpte Knarrvika i 1838 og starta opp kornmølla der. Tre generasjonar av familien Magnussen dreiv denne industriverksemda fram til tidleg på 1900-talet. Les mer …
Herdlevær mot nordvest. Foto: Vigleik Mathisen
Herdleværet er ei øy og bygd i Øygarden kommune i Hordaland. Bygda ligg ut mot havet, men ein skjerm av øyar og holmar verner mot storhavet, og Herdleværet er ei god hamn. Namnet kjem frå garden Herdlevær, gnr. 46.
Øya har ei lang busettingshistorie, noko ei grønnsteinsøks frå steinalderen vitner om. Frå historisk tid finnes det fleire skriftfestingar av øya. I soga om Egil Skallagrimsson, er Herdlevær staden Egil tek landkjenning og nyttar som base for ferda over fjorden til Askøy. I soga om Håkon Håkonsson, får vi vite at sommaren 1263 låg leidangsflåten ved øya før den stemna på krigstokt vestover mot Skottland. I same soga kjem det og fram at ferder vestover mot Orknøyane tok utgangspunkt i Herdleværet. Øya låg med andre ord sentralt til for ferder mot Island, Vesterhavsøyane og Dei britiske øyane. Les mer …
|