Forside:Volda kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Volda kommune (forside)»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeHaramÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog • (Hornindal)

Om Volda kommune
1519 Volda komm.png
Volda kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar i nord til Ørsta og Ulstein, i sør til Stad og Stryn, i øst til Stranda og i vest til Vanylven. I sjøen er det grense til Herøy. Volda kommune omkransar, eller er delt av Voldsfjorden, med fjordgreinane Dalsfjorden og Austefjorden. Kommunen fekk sin noverande form i 2020, då tidlegare Hornindal kommune og to kretser frå Ørsta kommune vart innlemma. Administrasjonssenteret er tettstaden Volda med blant anna sjukehus og Høgskulen i Volda. Kommunen har fire kyrkjer, Volda kyrkje, Dalsfjord kyrkje, Austefjord kyrkje og Kilsfjord kyrkje.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Rosekyrkja i Stordal
Foto: Kristian Almås/Fortidsminneforeningen
Webjørn Maler, eller Webjørn Olsen Hamersbøen, var ein av dei markerte rosemalarane i Hallingdal i si tid. Webjørn var fødd i 1766 i Hol. Det var mange framståande rosemalarar i Hallingdal i hans samtid. Webjørn flytte derfor tidleg ut, til Vestlandet, der det var lettare å finne arbeid enn i heimetraktene. Her blei han etter kvart ein ettertrakta kyrkjemalar, kjend som Webjørn Malar eller Webjørn Halling. Etter ei tid slo han seg ned i Loen i Nordfjord, der han gifte seg og skaffa seg gard.   Les mer …

SS «Nevada», modell, babord side

Kvalfangst med seglfartøy i Nordatlanteren Nebbkval-/bottlenosefangst i Nordatlanteren frå Sunnmøre/Ålesund gjekk føre seg i tiåra rundt 1900 (1888 -1915) med spesialutrusta seglfartøy på 55 – 100 netto registertonn (sjå tabell nede i stykket). Fartøya var fyrst kjøpt brukt frå USA og England/dei britiske øyar. Seinare vart det kjøpt nye og brukte fartøy i Noreg. Størrelse og utrusting på fartøya var tilnærma lik for fangst og lasting rundt 1900. Tidleg og seint i perioda var der heftig forsking på fartøy og utstyr. Kvalfangarane var opptekne av god funksjon, ikkje detaljar. Dei sorterte fartøya i to typer etter seglføring, skonnertar og skværseglarar.

Fangstinga fylgde vandringa til nebbkvalen og fangsten var spekk til oljeproduksjon. Kvalen fylgde truleg vandringa til ein blekksprut/akkar. Kvalfangarane sjekka av og til mageinnhaldet til kvalen som var mest blekksprut med innslag av litt sild og torsk.   Les mer …

Lovise Heggen
Foto: Johan J. Nerbøvik

Lovise Heggen (fødd 17. mars 1893, død 11. februar 1975) på Heggen i Valldalen var lærar og lokalpolitikar. Foreldra var Gurine Ingebriktsdtr. og Mons Ellingss. Heggen, og ho var nummer fem av fjorten sysken. Ho vart konfirmert i Norddal i 1908 med karakteren «Næsten udmerket godt».

Lovise Heggen tok eksamen ved Volda lærarskule i 1914 og hadde deretter stillingar ved Arendal, i heimbygda Valldalen og tre år i Narvik. I 1930 tok ho embetseksamen ved Universitetet i Oslo med hovudfag i norsk og sidefaga historie og engelsk. Deretter vart ho lektor ved Volda lærarskule fram til 1957. Ho bygde seg hus i Kårstavegen nr. 12 i 1937 og bude der til ho døydde.[1].

Lovise Heggen var sosialist og var med på etableringa av Volda Arbeidarlags kvinnegruppe i 1937, same året som ho vart vald inn i heradsstyret. Ho var sterkt religiøs, og vart medlem av Oxfordrørsla. Lærarskulen vart eit sentrum for denne rørsla. Ho var òg pasifist, og markerte seg ved å gå i mot hjelpa til Finland i februar 1940. Det fekk ho «skarpe hogg» for.   Les mer …

Hans Strøm: Kart over Austefjorden 1762.
Austefjorden er både nemninga på inste delen av Voldsfjorden innafor Furneset og eit bygdelag i Volda kommune. Bygdelaget består ifølge den nye Busetnadssoga av dei mindre grendene / skulekrinsane Follabygda, Fyrde, Kalvassbygda (Kalvatn) og Årset. Fyrde er sentrum i bygdelaget mellom anna med Austefjord kyrkje, Austefjord skule og Austefjord Museum, i eige bygg ved skulen. Tidlegare var dette eit halvemål-(alvemål)område og skal ein tru dei munnlege overleveringane var her frå gamalt ei tredeling: Austefjorden (Haustefjårinj), innom Furneset. Inste Austefjorden (Hinste Haustefjårinj), innom Årsetøya. Aller inste Austefjorden (Hallje hinste Haustefjårinj) går frå utløpet av «Mørevassdraget» som startar på Heggjadalen i Nordfjord der Møreelvane renn mot Møre og mot Osdalen, Kalvatn, Langvatn, Fyrde og endar i Pøyten/utløpet av Fyrdselva. Namn i området etter lagerplassar for tømmer (Timbreneset, Timbrebakken) og oppgangsager fortel om fleire hundre år med levering av trevirke. Elvane har vore brukt til å drive sager og kvernar. Ca. 1910 starta arbeidet med Kolfossen, fyrste småkraftverket, og 2010 er dei fleste elvane i bruk til energiproduksjon.   Les mer …

Andreas Aarsetøy f. 1902 har skrive to stykke om Aarset notlag i Årbok 1976 til Sunnmøre museum s. 56 til 58. Det første gjev att eit dokument, «Overenskomst» frå 1897, som syner formalisering av samarbeidet etter «den gamle notlova» etter at notlaget har vore i drift i mange år. Det andre, «Notlaget frå Årset», syner kor nøgne dei var med kontraktar for drifta for ikkje å «ryke i tottane på kvarandre». Ved skriving av stykket har ein korrekturlese mot den orginale protokollen frå Årset notlag.   Les mer …

Dette er «Varnes», truleg ein av fyrste turane med båten. På dekket framom rorhuset står Klara Marie Velle og Inge Rolv Velle.
MB «Varnes» F-10-LB. Kjenningsignal: 3YGO. L/L Vik Båtbyggeri bygde denne båten i 1946 for Alf Nilsen, Kjøllefjord i Lebesby. Det vart bygt nokre båtar i storleik rundt 35 fot. Desse båtane har det no seinare vore vanskeleg å spore opp. Varnes fann ein på eit bilde der fiskerimerket var synleg. I fiskeriregisteret finn ein namn på eigar, og det gir spor for meir opplysningar. Håkon Høydalsvik hugsar frå då båten var bygd. Båten var bygd tradisjonelt på doblingspant, truleg 5-toms tømmerbreidd. Korleis den tradisjonelle oppbygginga av skrog var ved Vik, har artikkelen Hud og dekk litt meir detaljar om.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Volda kommune
 
Andre artiklar