Nærleiken til breen har alltid prega livet i Jostedalen. Her Nigardsbreen fotografert av Knud Knudsen mellom 1895 og 1902.
Jostedal (Jostedalen, Justedalen, Jøstedalen) er ei bygd og ein tidlegare kommune i Sogn og Fjordane fylke, som i 1963 vart ein del av nye Luster kommune. Jostedal er òg namnet på eit kyrkjesokn, og det var namnet på eit prestegjeld fram til 2004. I dag omfattar skulekrinsen Jostedal den tidlegare kommunen. Bygda er særleg kjend for segna om Jostedalsrypa og for Jostedalsbreen, spesielt Nigardsbreen. Busetnaden finn ein over ei strekning på kring 20 km i hovuddalføret Jostedalen mellom grendene Myklemyr og Fåberg, og i sidedalen Krundalen.
Jostedalen har i dag 26 matrikkelgardar. Framover på 16- og 1700-talet låg gjerne talet på gardbrukarar oppunder 30 før bruksdelinga skaut fart utover 1800-talet. Dei gamle gardane låg gjerne oppe i dalsida medan busetnaden i bygda i dag er dominert av dei nyare grendene i dalbotnen. Les mer …
Andreas Cordsen (døypt 18. november 1778 i Stavanger, gravlagd 16. oktober 1817 i Stavanger) tok teologisk embetseksamen 30. april 1807 og var ei tid skipsprest i Kina.
Han heldt den fyrste gudstenesta si i Jostedalen 15. mars 1808 etter å ha vorte utnemnt til sokneprest i 1807. Det har nok vore så som så med vedlikehaldet av Jostedal prestegard i tida hans. Åbota for prestegarden då Cordsen overtok kallet og garden i 1807, kom på 125 riksdalar. Då Cordsen forlet Jostedalen, måtte han ut med 236 riksdalar til etterfølgjaren Holger Halling Schjødt.I kallsboka heiter det at han "syntes undertiden at lide af nogen sinds/aandsforvirring". Biskop Pavels har følgjande soge om Cordsen: "En dag var prediken tillyst, og almuen samlet. Da faldt det presten ind at han ikke vilde prædike, men lod klokkeren lese en prædiken fra kordøren. Det skede, og almuen fandt sig deri. Men da den gik ud av kirken, hadde Cordsen klædt sig av og svømmede om i et vand straks udenfor, for alles øine." Les mer …
Fyrste sida i protokollen for Jostedal bygdemagasin som fortel om skipinga i 1823-24
Jostedal bygdemagasin ( Justedals Bygdemagazin) var eit magasin skipa i 1824. Det eksisterte til 1895 då kapitalen gjekk inn i nyskipa Jostedal sparebank. Peder Pavels Aabel vart 13. april 1822 utnemnt til sokneprest i Jostedal prestegjeld, men byrja raskt å leita etter ein veg bort frå det vesle og fattige prestekallet. Alt året etter, 20. august 1823, vart han utnemnd til sokneprest i Sogndal. Aabel fekk då gjennomslag for framlegget sitt om at han skulle styra Jostedal prestegjeld frå Sogndal. Som motyting gjorde han framlegg om at korntilskotet frå dei andre kyrkjene i Sogn i tre år (19 ½ tønner årleg) skulle nyttast som grunnkapital i eit bygdemagasin. Les mer …
|