Seminarlærer og ordfører Jens Jenssen.
Jens Jenssen (født 27. mars 1833 i Os, død 1885) var seminarlærer og ordfører i Hamar 1883-85. I enkelte kilder er etternavnet skrevet Jensen.
Jenssen var bondesønn fra Høsøien i Os i Nord-Østerdalen. Han tok lærerskoleeksamen i Klæbu i 1854 og begynte deretter som folkeskolelærer. Midt på 1860-tallet var han bestyrer for lærerseminaret på Tynset før det ble nedlagt. I 1868 ble Jenssen ansatt som tredjelærer ved det nyoppretta Hamar seminar, den seinere Hamar lærerskole. Han satt i stillinga til sin død i 1885. Les mer …
Esten Embretssen Trøan (fødd i Os i Østerdalen 1809, død 18. august 1887 i Madison, Dane county, Wisconsin), var gardbrukar, handelsmann og aktivist i Thrane-rørsla. Han vart dømd til tre års tvangsarbeid for deltakinga i denne oppreisten. I 1857 emigrerte han til Amerika. Han hadde da vore enkjemann i over 10 år.Esten Trøan var fødd og oppvaksen på garden Trøan i Dalsbygda i Os. Han var son av Embret Estensen Trøan (1875-1860) og Berit Solandsdotter (1783-1836) frå Nirstun Østgarden, også i Dalsbygda. Esten var den eldste av ein syskenflokk på sju. Han var dotterson av Soland Jonsen Østgaard, nevø av Michael Østgaard og syskenbarn med Nikolai Ramm Østgaard. Av syskena på Trøan er særleg Anders (1812-1872) og Mikkel (fødd 1817) kjende. Les mer …
Sara vaks opp på garden Ousta (Øststua) til høgre. Foto: Per Magne Grue (1965)
Sara Oust (fødd i Vingelen i Tolga 15. mars 1778, død same stad 25. oktober 1822) var ein av dei tidlege haugianske lekpredikantane i landet. Ho blir omtala som kanskje den mest kjende og avhaldne av pionerpredikantane. Sara skal etter tradisjonen ha blitt vakt ein gong Hauge sjølv var innom i bygda, men opplysningane om dette er usikre. I alle høve byrja Sara snart å halde oppbyggingsmøte og ha samtalar og bøn rundt omkring i heimane i bygda. Etterkvart drog ho som predikant også til andre bygdelag, til Tynset, Oppdal, Gauldalen og andre stader. I Oppdal lærde ho å kjenne ei anna ung kvinne som også var vakt, Randi Hevle frå Drivdalen. Dei to reiste ein del rundt saman og forkynte. Mellom anna er det fortalt om at dei var i Ålen, der dei hadde heldig innverknad i ein heim der folket hadde skeia ut i religiøst svermeri og fanatisme og endatil alvorleg psykisk sjukdom. Les mer …
Den gamle prestegarden i Rendalen, der Samuel Mandall bodde. Foto: Fra Øvre Rendalen: gårdenes og slektenes historie. Samuel Mandall (født 2. juni 1748, død 4. juni 1843), i Rendalen også kjent som «Gammel-Samuel», var sokneprest i Rendalen i åra 1787-1827. Han var en svært populær prest i bygda, fordi han var omgjengelig, dyktig og opptatt av bygdas interesser: Han sørget for restaurering og nybygg på prestegarden, og var opptatt av fattig- og skolevesen, men var også opptatt av å styrke «sedeligheta» i bygda. Han er skildret skjønnlitterært av Jacob Breda Bull i de to romanene Hr. Samuel og Hr. Samuels rike, der han er hovedperson. Herr Samuel var født på Søgarn Låke i Nannestad, og var sønn av sekondløytnant Jens Samuelsen Mandall (1729-1806) og Anna Munch Grüner. Både moren og faren hans var prestebarn: Morfaren var sokneprest i Romedal Peter Christian Jenssen Grüner, mens farfaren var sokneprest i Nannestad Samuel Mandall. Onkelen hans Fredrik Grüner Mandall (1727-1802) ble dessuten sokneprest i Sørum. Familien flyttet til garden Brattvoll i Romedal i 1752. I 1764 flyttet de så videre til Granberg i samme bygd. Les mer …
Nikolai Ramm Østgaard ca. 1864 med døtrene Thora, Ragnhild og Aagot på fanget
Nikolai Ramm Østgaard (fødd i Trondheim 21. april 1812, død i Elverum 3. januar 1873) var jurist, embetsmann og forfattar. Han var fut i Sør-Østerdal futedømme 1859-1872. Særleg er han kjend som forfattar av folkelivsskildringa En Fjeldbygd, med tema frå Tynset, der han budde frå han var sju til han var tolv år gammal.
Østgaard tilhøyrde i 1840- og 1850-åra eit nasjonalt orientert, språkpolitisk engasjert og folkelivsinteressert litterært miljø i Christiania. Det var sentrert rundt foreininga Tollekniven og Kristiania norske Theater, og inkluderte elles namn som P. Chr. Asbjørnsen, Jørgen Moe, Bernt Lund, Aa. O. Vinje og Knud Knudsen.
En Fjeldbygd kom i kjølvatnet av og bidrog sjølv til vidareutvikling av det nasjonale gjennombrotet i litteratur og folkelivsgransking midt på 1800-talet. Boka er ein kombinasjon av dokumentarberetning og underhaldande forteljing. Den har truleg gjeve inspirasjon og lånt motiv til Bjørnstjerne Bjørnsons bondeforteljingar, noko som i samtida iallfall vart sterkt framhalde av Aa.O.Vinje. Verket er ikkje minst interessant ved dei haldningane som forfattaren legg for dagen i høve til sitt tema og «granskingsobjekt», bygdefolket på Tynset.
Ved museumssenteret Ramsmoen på Tynset er det reist ein bauta over Østgaard. Les mer …
|