Gunnar Skotte utanfor produksjonslokala til Sykkylven Sportsforretning i 1939. Eigar av biletet er Reidar Skotte.
Gunnar Lorentz Skotte (fødd 16, august 1919 i Borgund, død 19. januar 2010 i Stranda) var ein sykkelprodusent, handelsskulelærar og rektor frå Sykkylven. Det var Skotte som stod bak etableringa av Sykkylven Sportsforretning i 1937. Hovudaktiviteten til verksemda var dei første åra produksjon av syklar. Alt etter eit par års drift var årsproduksjonen komen opp i om lag 150 syklar. Gunnar Skotte var son til styraren av Sykkylven Handelslag, Edvard Skotte. Mora, Olivia, dreiv Sykkylven Hotell på Aure, og der budde også familien ei tid. I 1933 flytte dei til Fauskebygda der borna i familien fekk meir tumleplass. Det viste seg snart at Gunnar var ein gut med uvanleg tiltak og virkelyst. Alt då han gjekk i folkeskulen, tok han brevkurs i hagedyrking og prøvde ut dei teoretiske kunnskapane på jordlappen dei hadde ved bustaden. Han laga drivbenkar der han dyrka fram blomster og kålplanter. Han dyrka også kål på hyttetomta dei hadde ved Andestadvatnet, og på eit jordstykke han leigde i Kagholen. Les mer …
Grava til sokneprest Peter Thams Buschmann. Foto: Olve Utne.
Peder Thams Buschmann (fødd 6. desember 1762 på Nesna, død 6. april 1845 på Aure) var sokneprest i Ulstein prestegjeld i perioden 1798-1822 og i Aure prestegjeld i perioden 1822–1845. Han var fødd i Nesna, der faren Augustinus Buschmann var sokneprest. Mor hans var Anna Barbara Thams.
Peder Thams Buschmann fekk teologisk eksamen i 1787, og same året vart han personleg kapellan hos faren, som då var sokneprest i Frosta prestegjeld. I 1798 vart han utnemnt som sokneprest i Ulstein prestegjeld på Sunnmøre, og i perioden 1818-1823 var han også prost på Sunnmøre. I 1822 vart han utnemnd som sokneprest i Aure på Nordmøre. Her døydde han i 1845.
Peder Thams Buschmann vart i 1798 gift med Elen Johanne Buschmann (1777-1806). Paret fekk tre born. Etter at kona hans døydde i 1806, vart han året etter gift med Christine Schreuder (1780-1810), dotter til sokneprest i Vanylven prestegjeld, Peder Schreuder. I dette ekteskapet fekk Thams Buschmann to barn. Han gifta seg for tredje gongen i 1811 med Barbro Henrika Wind. Les mer …
Fartøyet/båten sine lengdemål som del av å oppgi storleiken på ein båt skulle ein tru er ei enkel sak.
Ta eit målband, mål ditt fartøy og samanlikn med andre fartøy: Det er truleg best å ta lengdemåla i fyrste omgang. Tenk slik: Lengste lengde er forståeleg for folk flest. For dei andre måla er ein avhengig av kunnskap om fartøytypar og for gamle fartøy/båtar endar ein opp med eit spørsmål om kor høg ein vaksen mann var i dette tidsromet for å kunne føreta ei fornuftig samanlikning av størrelsar.Register over merkepliktige norske fiskefarkostar, også kalla Fiskebåtregisteret har frå 1920 til dags dato registrert mange fiskefartøy og har denne formuleringa for måling 1923: 3dje rubrikk:
Lengde, bredde og dybde: Kjennningsmålene er angitt i fot og tiendedeler derav. Engelske mål er trykt med skrå skrift, norske mål med opretstående skrift. Mål oppgitt til registeret i meter, meterfot eller norske fot og tommer, er omregnet til norske fot og tiendedele. Det mål som er oppgitt som lengde for en rekke hekksbyggede farkosters vedkommende, antas å angi farkostens største lengde, mens der skulde være opgitt lengde fra forkant av forstevnen til akterkant av øverste ende av bakstevnen.
Tenk perpendikulærene og at bakstevnen er den rett oppståande planken på kjølen som propellhylsa sit i med "attklossingar" eller rotvaksen bakstamn for gjenomboring for rorstamme eller beslag for rorhengsle. Lokale konstruksjonar blir tolka. Blir synleg ved ommåling, måla endrar seg, ikkje båten. Les mer …
|