Lestebenken, aldrande og motteten. Der er ikkje noko årstal som kan sei noko om alder, men den er vel frå ein gong på 1800-talet. På forsida er eit hol. Det er nok ein pode frå seinare generasjonar som har funne bor og borvinde som skulle prøvast (2010)
Lestebenken, tilårskomen, stutthalt og motteten (møllspist). Han har sikkert mykje å fortelja. Siste åra har han hatt eit tvilsamt opphald, vekkstua under taket i eit uthus. I yngre år var han, etter det som er fortalt, del av innventaret på kjøkkenet. Når benken var på kjøkkenet så må det sjåast i samanheng med slik det var før 1900, og kanskje ein del år etter også. Vinterkveldane var det berre kjøkkenet som var oppvarma. Det fall då naturleg at litt skoreparasjon vart gjort der.
Ledige stunder skulle nyttast.
Eit hol på framsida, kan tyde på at ein pode frå seinare generasjonar har styrt litt på eiga hand. Benken hyste (innheldt) sko-lestane, og det gjer han framleis. Tidlegare generasjonar laga sine «fotformsko» på desse lestane. Lest er altså ein mal eller modell, og den har litt ymse fasongar og fleire størrelsar. Kor elegant, - ja det er no opp til augene som ser. I tidlegare tider og til ut i 1950-åra, var det vel viktigast å ha sko. Les mer …
Bilde er frå kulturvandring 11. september 1994. Tema var mellom anna båt. Denne spantveggen som er oppsett er dimensjonert som ein båt på 60 fot. Plankane er skalma på. Nokre naglehol vart bora, og her ser ein naglen vert slått inn. Håkon Berg svingar mokkerten. Foto: Magnar Høydal Doblingspant er eit dobbelt spant. For folk langs kysten er dette truleg eit kjent begrep. For innlandsbefolkninga seier det kanskje ingen ting. Kort forklart, det er ein tradisjonell byggeteknikk for kravell bygde båtar. Det er bygt av to tømmer med same dimensjon. Tømmer i denne samanheng er den eine delen av det doble spantet. Det eine tømmeret har rot ned på kjølen, det skapar heil binding mellom begge sider. Her kjem gevinsten ved dobbelt spant inn, sefterane overlappa skøytane i spantet. (Sjå legge saman spant lenger ned i stykket.) Lengste enden på rota vender skiftevis til styrbord og babord. På båtar i størrelse 60 – 70 fot er det 6 -7 toms breidde på kvart tømmer. Lengste enden på rota er oftast frå 1,5 meter til opp mot 2 meter. Kortenden mellom 0,7 meter og oppmot 1 meter. Les mer …
MB «Rolf» blir sjøsett på våren. MB «Rolf» SF 220 A eller «Uragavlen», frå 1952 «Rolf» M 10 VA eller «Gråmerra». Den har desse opplysingane i Statens Fiskeriregister, Sogn og Fjordane, Askvoll 1932: Må = Motorbåt, åpen. Kf = Kystfiske. T = tre. 31 = Byggeår 1931. Lengd 39,3 fot, breidd 12.2 fot, djupte 5,3 fot. «Rolf» er i den handskrivne utgåva av fiskeriregisteret i Askvoll kommune innskriven som «hekksbygget dekksbåt», altså ein kutter. Det har sikkert vore rett i utgangspunktet, då den var under bygging som kutter i Hardanger i 1931. Båten er i Fiskeriregisteret oppgitt som Må = Motorbåt, åpen. Det tyder ikkje dekka, at der ikkje er dekk i heile båten. «Rolf» hadde dekk på fremste halvdel. På dekk var rorhus med bysse i bakkant og lugarkappe midt på dekk framom rorhuset. Motoren hadde plassering under rorhuset. «Rolf» hadde ein kraftig stamn og ein stor «svinerygg» som fungerte som rekke på fremste del av båten. Bak hadde båten «rull» i «dokker» driven av spakar, slik det var vanleg då båten vart bygd. Nota låg midt i og der var halvmeter breide gangvegar på begge sider. Dette var ein vanleg konstruksjon for «notgavlar» utover til 1940. Seinare vart det lagt dekk i dei største båtane. Les mer …
Kart over indre del av Austefjorden Løfoll notlag var eit notlag i Austefjorden i Volda kommune. Notlaget (Løfoll bruk 66/2) hadde ei landnot. Eigarar: Sivert E. Løfoll og sønene Sverre og Erik bruk 66/4. Fyrst brukte dei nota frå ein stor færing, truleg bygd av Rasmus Høydalsvik (truleg den yngste av Rasmus-ane. Der var ikkje mindre enn tre samtidige Rasmus Høydalsvik som bygde båt samtidig ei tid i Vikane). Sigurd Løfoll fotel at då han kom flyttande til Folla saman med foreldre og syskjen i 1944, var nota der, men han veit ikkje kor lenge den hadde eksistert då. Les mer …
Dette er MB «Speser» slik ho var før ombygging på Vik Båtbyggeri.
MB «Speser» var eit fraktefartøy frå Melbu i Vesterålen. Bygd ved Holms verft, Sverige, i 1928, oppgitt til 93 brt. Det var ei svartmåla, kravellbygd, svenskemakke i eik, bogen baug og speiel. Eigaren, Malvin Eriksen frå Melbu, hadde kjøpt båten frå Sverige, og brukt den til sandfrakt og kystfrakt. «Speser» kom til L/L Vik Båtbyggeri i januar 1960.Båten skulle forhøyast tre hudgangar, og få kryssarhekk. Under arbeidet bestemte eigaren seg for at baugen skulle skiftast med ein rana baug, framover liggande. Den gamle baugen vart kappa av og vinsja tilsides. Kaising eller dekkshus skulle byggast i jern, og vera i full breidde. Alle lugarar skulle innreidast på dekk, altså i kaisinga. Det skulle byggast overbygg med rorhus og bestikklugar, og ein skipperlugar i bakkant. Motoren skulle skiftast med ein brukt 130 hk Voldamotor. Les mer …
|