Forside:Tysnes kommune

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Askøy • Austevoll • Austrheim • Bergen • Bjørnafjorden • Bømlo • Eidfjord • Etne • Fedje • Fitjar • Kvam • Kvinnherad • Masfjorden •Modalen • Osterøy • Samnanger • Stord • Sveio • Tysnes • Ullensvang • Ulvik • Vaksdal • Voss • Øygarden

Om Tysnes kommune
1223 Tysnes komm.png
Tysnes kommune er ein kommune og ei øygruppe i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland), litt sør for Bergen med eit samla areal på 255 km². Øya Tysnes utgjer hovuddelen av arealet til kommunen, dei største øyene elles er Reksteren, Skorpo, Seløya og Ånuglo. Kommunen er landfast over Lukksund bru. Det er gode kommunikasjonar. Reisetida til Bergen sentrum er om lag 1 time og 20 min., og til Stord om lag 35 min. Kommunen grensar i aust mot Kvinnherad, i nord mot Bjørnafjorden, og i vest mot Austevoll, Fitjar og Stord kommunar.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Ole Myklestad (1841-1918) frå Tysnes kommune i Sunnhordland.

Ole Torbjørnsen Myklestad (fødd 19. januar 1841 i Tysnes, død 1918 i Fana) var agronom og gardbrukar, men er best kjent som mannen som utrydda smaleskabben i Noreg og på Island.

Myklestad vart fødd på garden Myklestad i Uggdal i Tysnes kommune. Han var yngste son på garden. Av det som finst att av dokument etter han, tyder alt på at han må ha vore både driftig og føretaksam. Han vart elev ved jordbruksskulen i Kvinnherad, der han fekk tittelen ”Landbrugsseminarist”. Det finst mange attestar frå forskjellig hald etter han, og alle stader er det berre vellæta. Han vert omtala som ”et flittigt og agtværdig Menneske” med stor lærehug. Etter kvart vart han agronom, og garden han kjøpte i Fana, vart snart drive fram til eit mønsterbruk. Og slik kunne han ha enda sine dagar, som ein flittig og dyktig bonde om det ikkje hadde vore for smaleskabben som herja land og strand rundt.   Les mer …

Tysnes Sparebank sin filial i Våge før 1963, like etter samanslåinga med Tysnes Privatbank.
Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

Tysnes Privatbank vart stifta i 1908 og verka i litt over femti år, inntil banken vart overteken av Tysnes Sparebank i 1959. Då Tysnes Sparebank kom i drift i 1863, heitte det i statuttane for banken at hovudkontoret skulle vera i Tysnes hovudsokn, men då banken kring hundreårsskiftet vart flytta til Uggdalseidet, der også kommuneadministrasjonen hadde flytta, var det ein del interesserte menn som tok til å arbeida for oppretting av ein privatbank i Våge (Tysnes). Under hand vart det teikna aksjar for kr 5 900, fordelt på aksjar à kr 50.

Det vart sendt innkalling til konstituerande møte i skulehuset på Gjerstad i Tysnes i oktober 1908, og der møtte interesserte frå Våge (Tysnes), Lundegrend, nordre delen av Onarheim og Nord-Reksteren.   Les mer …

Tysnes Sparebank heldt til i dette bygget frå 1959, og flytta på 1980-talet i eit nybygg like ved.

Tysnes Sparebank vart etablert i 1863 som eit lokalt føretak, etter mønster av liknande bygdebankar som vart oppretta i byrjinga av 1860-åra. Desse bankane kunne koma i stand på ymse vis. Stundom var det eit privat tiltak som tok initiativ, i andre tilfelle var det kommunestyret som kom inn i biletet. For Tysnes Sparebank sitt vedkomande var det heradstyret i Tysnes som stod for opprettinga.

Tysnes Sparebank har fram til dei aller seinaste åra vore ei av dei få frittståande bankane i Noreg. Ved utgongen av januar 2013 passerte banken sin forvaltningskapital 1 milliard kroner. Banken er i dag tilslutta Eika Gruppen.   Les mer …

Offersteinen i Lundo.
Foto: Knut Rage (2009)
Lundo høyrer til garden Myklestad i Uggdal i Tysnes kommune. På området er det registrert fleire gravrøyser, ei hustuft og ein stein som er tolka som ein offerstein. I tillegg vart det like etter krigen funne ein laus stein med ristingar, den såkalla runesteinen frå Myklestad. Området på Myklestad, som Lundo er ein del av, vart undersøkt så tidleg som i 1888, der det vart gjort hellerfunn. Sjølve Lundo vart undersøkt på ny i 1949, like etter funnet av runesteinen, og meir grundig i 1988 - det var då ei større tuft som stod i sentrum for undersøkingane. Tufta ligg på flate Lundo, nord for ein berghammar nord for tunet på bruket og aust for kapellet ved Uggdal kyrkje, i den sørvestre kanten av flata der lendet skrår slakt ned mot nordvest, men går brattare ned mot dyrka mark i sørvest. Tufta måler ca. 18 x 5 m (nordvest-søraust) i ytre mål.   Les mer …

Flyfoto over Våge på Tysnes, teke ein solskinsdag i august 1961.
Foto: Ukjend
Våge er den største tettstaden i Tysnes kommune og det viktigaste trafikknutepunktet på øya, med ferjeruter til Halhjem sør for Bergen. Bygda er samstundes det merkantile tyngdepunktet i kommunen. Det er også her ein finn ungdomsskulen, fleirbrukshall og flest kulturelle aktivitetar. Innbyggjartalet er 524 personar pr 2006. Våge er eit usamansett naturnamn og har med ordet ”våg” å gjera, ei nemning som kan sporast tilbake til norrønt og sannsynlegvis endå eldre tid. Namn av denne typen viser gjerne til den aller eldste busetnaden i eit område. Det tyder såleis på at garden Våge må vera ein svært gammal gard.   Les mer …

Tysnes Sogelag vart stifta 20. oktober 1945 i samband med ein stor kulturkveld i Tysnesbygda, ein folkefest med eit tettpakka kulturprogram i ungdomshuset Vonheim. På slutten av 1950-talet sette laget seg som mål å få skrive ei Tysnes-soge. Etter kvart vart arbeidet overlate til forfattaren Johannes Heggland. Det første bandet, som dekkjer historia fram til 1814, vart publisert i 1963. Det andre bandet kom i 1975.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Tysnes kommune
 
Andre artiklar