Kopper (Fedje gnr 168 bnr 2)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 1. mar. 2024 kl. 08:53 av Cnyborgbot (samtale | bidrag) (Robot: Legger til {{nn}})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kopper
S053.168.2.CD 11 059.jpg
Flyfoto Kopper 1963. Framme frå venstre: Bedehuset (bnr 85), bnr 108, bnr 37, bnr 1 og «Filialen» (bnr 61). Rognsvågen i bakgrunnen.
Foto: Widerøes Flyveselskap
Utskilt: 1660-åra
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 2
Gravminne på Bøgardshaugen, sjå nr 14: Her hviler Støvet af Johanna Koppen Født 19 Januar 1823 Død 28 September 1883 Fred med dit Støv Foto 2023: Gisle Handeland

Kopper er eit gardsbruk i Fedje kommune.

1. Johan Monsen f. 1641 Kopper (gnr 168 bnr 1-8a). Dette bruket vart som nemnt under gnr 168 bnr 1-8 frådelt mellom 1661 og 1666 med Johan som den første brukaren. Han er nemnd i manntalet i 1666 25 år gammal. Han hadde truleg sønene: a. Jon Johansen, oppført som soldat i Nordhordland reservekompani 1710-18, var 1712 i Fredrikshald (Halden) med kompaniet. b. Mons Johansen, nemnd i ei sak i tingboka 1707, sjå Husa gnr 168 bnr 7-5. Han var då umyndig, og er truleg fødd på slutten av 1680-talet. Då var altså faren Johan brukar her.

2. Thomas Kristiansen f. 1663 Kopper (gnr 168 bnr 1-9a) d. 1740 (det første dødsfallet på Fedje som er ført i kyrkjeboka) g.m. Anna, ho var fadder fleire gonger i tida 1709 til 1722, nemnd som «Thomas Koppers kone». Namnet hennar får me greie på gjennom ei sak i tingboka 1706, sjå Husa gnr 168 bnr 7-5. Thomas var brukar her ifølgje odelsskatten 1691 og 1692 samt skattemanntalet i 1694, der det går fram at han hadde ⅓ av garden med landskyld 0,5 våg fisk. I manntalet for 1701 er han nemnd med fullt namn og alder 38 år, med sonen Kristian 2 år og tenestedreng Anders Hansen Austrheim 16 år (jf Austrheimb. I s 399). Thomas var kyrkjeverje på Fedje ifølgje eit skriv frå stiftamtmannen i 1704, og skulle altså sjå etter kyrkjegodset. Skoskatten 1711 syner at Thomas måtte betala for seg, kona og 2 born, samt ein tenar ved namn Knut Monsen (seinare Børo gnr 168 bnr 24-10?). Sjå merknad under nr 11 på gnr 168 bnr 1 om byte av gardar. Thomas fekk bygselsetel frå Dankert Dankertsen tinglyst i 1721 på 1 pund og 3 merker smør, eller halvparten av Kopper. Han var framleis brukar ifølgje matrikkelen i 1723, men det ser ut som han har overlete garden til sonen Kristian dette året.

Born: a. Anna Thomasd ?g.m. Nils Persen, seinare brukarar (4). b. Kristian Thomassen f. 1699, neste brukar (3). c. Thomas Thomassen f. 1700, ukjend lagnad. d. Mikkel Thomassen f. 1703, stod fadder i 1724, elles ingen opplysningar om han. e. Mons Thomassen f. 1706, heller ikkje om han veit me meir enn at han var fadder i 1727. ?f. Ivar Thomassen d. 1736 g. m. Gjertrud Olsd f. 1696 Natås i Myking, Lindås d. 1761, busette på Husa (gnr 168 bnr 5-7). Det er ikkje sikkert at Ivar er fødd her. Det som tyder på det, er at ved skiftet etter Ivar Husa i 1736 er frende Nils Kopper oppført som formyndar. Dei er òg fadrar til kvarandre sine born. Nils kan då ha vore gift med Ivar si søster Anna Thomasd.
Framme ligg Kopper med Skipshaugen til venstre. I midten bak ligg skulen med kommunehuset og gravplassen framom, Svena til venstre og Husa til høgre. I bakgrunnen til venstre er Vågane og Nygård med Husavatnet framom. Bilde 2016.
Foto: Arne Wiken

3. Kristian Thomassen f. 1699 på dette bruket (2b).

Born: a. Siri Kristiansd f. 1723. b. Marta Kristiansd f. 1726.

Kristian ser altså ut til å ha vore brukar i åra 1723 til 1726. Ein veit ikkje namnet på kona, og heller ikkje kvar det vart av familien seinare.

4. Anna Thomasd f. på dette bruket (2a) g.m. Nils Persen. Sjå merknad under nr 2f. Brukarar frå 1727. Anna er nemnd som fadder første gong i 1707 og siste gong i 1740. Dødsfallet er ikkje ført i kyrkjeboka. Ei Anna er oppført som innerst på Kopper ved ekstraskatten 1762/64, kan det vera henne? Farsnamnet til Nils får me vita gjennom tingboka, då han var lagrettemann på vårtinget i Lindås i 1738. Heller ikkje hans dødsfall er komme med i kyrkjeboka. Det kom ny brukar i 1746.

Born: a. Per Nilsen f. 1728. b. Marta Nilsd f. 1733. Me har ingen opplysningar om borna sin lagnad. Dei kan vera døde før dødsregisteret byrja i 1740. Nils Person fekk som gift mann med tenestejenta si Marta Kristoffersd sonen c. Kristoffer f. 1744 på Nordnes i Bergen. I kyrkjeboka er det nemnt at Nils budde på Kopper i Fedje, og saka er omtala på hausttinget for Lindås i 1745. Ifølgje futerekneskapen for Nordhordland vart buet hans registrert i 1745, og etter at gjelda var trekt frå var nettoformuen 8½ rdl. Dette var ikkje nok til å dekkja legemålsbota på 24 rdl. Det vart opplyst at han oppheldt seg i Bergen, og at han skulle straffast på kroppen for den manglande delen av bota, 15½ rdl, så snart han vart fakka. Nils måtte gå frå garden som følgje av dette legemålet.

5. Synneva Jonsd f. 1728 Kopper (gnr 168 bnr 1-11b) d. 1779 g. 1747 m. Mons Jensen f. 1720 Eide (gnr 168 bnr 15-6d) d. 1769. Mons fekk bygselbrev i 1746 på 13½ mark smør, eller ¼ av Kopper. Dei var brukarar til Mons døydde i 1769, 48 år gammal. I ei militær rulle får me vita at han var svakeleg og blind på det eine auget. Enkja Synneva er oppført som brukar i ei militær rulle frå 1778. Tidlegare hadde ho i nokre år hatt hjelp av Mikkel Knutsen, sjå brukar nr 6.

Born: a. Kari Monsd f. 1748 d. 3 veker gl. b. Mons Monsen f. 1749 d. 1791 g. 1775 m. Abelona Jonsd f. 1748 Brotet (gnr 168 bnr 16-7c) d. 1832, brukarar på Husa (gnr 168 bnr 5-10). c. Jens Monsen f. 1752 d. 1813 g. 1776 m. Kari Villumsd f. 1747 Ystebø, Lygra i Lindås (seinare i Radøy) d. 1822, busette på Ystebø (jf Radøyb. V s 351 og 366) før dei i 1780 flytta til Bergen, der han var bøkker (tønnemakar) ifølgje folketeljinga i 1801. d. Mari Monsd f. 1755, seinare brukar (7). e. Siri Monsd f. 1758, nemnd i faren sitt skifte 1769, men truleg død ung då ho manglar i seinare skifte. f. Rasmus Monsen f. 1763 d. 1779 ifølgje ei militær rulle. g. dødfødt barn f. 1769.

6. Mikkel Knutsen f. 1747 Vika (gnr 168 bnr 28-8c) var brukar her frå 1770 (ifølgje ei militær rulle) til han gifta seg i 1774. Familien er oppført på Husa (gnr 168 bnr 8-1), sjå der.

7. Mari Monsd f. 1755 på dette bruket (5d) g. 1780 m. Jon Olsen f. 1758 Bergsvika, Austrheim d. 1786 (jf Austrheimb. III s 231). Jon drukna på sjøen saman med Ivar Ertsholmen (8), Lars Skotholmen (gnr 170 bnr 1-10) og Mathias Eide (gnr 168 bnr 15-10). Brukarar frå 1780 til 1786. Mari er nemnd som enkje på Kopper i eit skifte 1802, men dødsfallet hennar er ikkje funne på Fedje. Det kan vera ho som døydde 1825 i Bergen som almisselem, sonen Mons var iallfall flytta dit. Det var skifte etter Jon i 1786. Han etterlét seg enkja Mari og dei tre borna. Det stod heller dårleg til, jordeigaren Dankert Dankertsen Heiberg melde at alt i buet tilhørte han. Han hadde fått det utlagt ved skiftet etter Jon si svigermor Synneva Jonsd (5) i 1779 (dette skiftet er ikkje innført i skifteprotokollen). Heiberg hadde då lånt ut til Mari og Jon fem kyr, ein stor båt med segl, to tønner fiskeliner og to gryter. I tillegg kravde han 22 rdl for varer på borg.

Born: a. Olea Jonsd f. 1780 d. 1792. b. Rasmus Jonsen f. 1782 d. 1832, dikselmann, bustad Bergen, g.1.g. der 1806 m. Ane Martine Ivarsd f. 1773 Bergen d. 1813 (39½ år gl.), g.2.g. 1815 m. Oline Villumsd (også kalt Rognaldsd). c. Mons Jonsen f. 1785, ved folketeljinga i 1801 budde han som fosterson hjå morbroren Jens Monsen i Bergen. Ifølgje ei rulle over sjømannskap i Bergen 1804–1805 var Mons krøpling.

8. Agata Arnesd f. 1745 Seim, Lindås d. 1818 (dotter av Arne Alfsen Seim f. 1708 d. 1768 og Gunhild Ivarsd, sjå Alenfitb. I s 595) g.1.g. 1777 m. Jens Olsen f. 1748 Kårdalen, Lindås d. 1798 (son av Ola Lassesen f. 1713 d. 1777 og Siri Nilsd f. 1720 d. 1780, jf Lindåsb. IV s 145). Bygsel på 1 pund og 3 merker fisk i Kopper (¼ av heile garden) frå Dankert Dankertsen Heiberg i 1786. Familien kom då frå Kårdalen i Lindås, som dei same året selde til nettopp Dankert Dankertsen. Heiberg. Jens hadde tatt over Kårdalen i 1779 etter faren. Alle borna er fødde der.

Born: a. Ola Jensen f. 1778 d. 14 veker gl. b. Arne Jensen f. 1779 d. 11 dg gl. c. Ola Jensen f. 1780 d. 1828, neste brukar (9). d. Arne Jensen f. 1783 d. 1816 g. 1810 m. Ingeborg Jonsd f. 1786 Husa (gnr 168 bnr 10-1d) d. 1864, busette på Moldøyna (gnr 170 bnr 6-6). e. Helge Jensen f. 1787 d. 15 veker gl. f. Lasse Jensen f. 1787 (tvilling med e.) d. 1854 g. 1812 m. Turi Knutsd f. 1788 Kopper (gnr 168 bnr 4-2d) d. 1870, brukarar der (gnr 168 bnr 1b-2).

Enkja Agata vart g.2.g. 1802 m. em. Lars Jensen Moldøyna (gnr 170 bnr 6-5), dei budde der.

Det var skifte etter Jens i 1798. Arvingane var enkja og tre søner. For å syna korleis eit slikt skifte kan sjå ut, tek ein med ei full avskrift her (store bokstavar i byrjinga av substantiv er ikkje tekne med):

Aar 1798 den 5te februarii indløb mig fra lensmanden i Lindaas skibrede Lars Larsen Fieldsende en af ham paa mine vegne under 15 forrige maaned holdne lovlig registrering og vurderingsforretning efter den sammestæds ved døden afgangne mand Jens Olsen, af følgende indhold: Anno 1798 den 15de januarii indfandt jeg Lars Larsen Fieldsende lensmand for Lindaas skibrede mig paa gaarden Koppen der er proprietairgods liggende udi Lindaas skibrede og Nordhordlehns fogderie medhavende de 2de af mig paa hr foged Unmachs vegne efter hans foranstaltning til denne forretning opnævnte laugrette og vurderingsmænd Anders Fusesen Koppen og Iver Johannesen Tangen, for der paa den constituerede sorenskriver hr. Hans Lem Jessens vegne udi hans lovlige forfald og efter hans ordre at foretage en lovlig registrerings og vurderingsforretning efter den samme stæds ved døden afgangne mand Jens Olsen, hvis efterladte eyendele naar stervboets vedhæftede giæld er skeet fyldest og kommer til lovlig arve skifte og deeling imellem hans igienlevende stervboe enke Agathe Arnesdatter paa den ene siide og paa den anden side deres udi ægteskab sammen avlede 3de sønner af navn og alder som følger: 1. ældste søn Ole Johannessen der er 17 aar gl med curator, 2. søn Hans (feilskrift for Arne) Jensen der er 14 aar gammel med formynder, 3. søn Lasse Jensen der er 11 aar gammel med formynder. Derefter blev stervboe enken tilholdt og advaret at giøre en rundelig og uforbeholden forevisning af alle stærvboets tilhørende eyendele, hvorefter til registrering og vurdering blev anvist frembragt og befundet følgende som af forbemeldte vurderingsmænd, saaledes er bleven taxeret, vide udlægget, beløber 30-4-10. Derimod blev anmeldt følgende boet vedhæftende giæld, som anføres til udgift: 1. tienestepigen Karie Pedersdatter fordrede for tienesteløn og blev tilstaaet med 4-3-0, 2. Jacob Rasmussen Riise for laante penge 1-3-0, 3. Lars Magnesen Bøevog for korn vahre 3-1-8, 4. Tilkiændigav stervboe enken at være skyldig til hr. Andreas Heiberg for borgede vahre, men vidste ey hvor meget forindnen hr. Heiberg giver reigning fra sig. Da saaledes intet videre var at tilføre blev forretningen sluttet og underskrevet, saaledes paa den constitueret sorenskriver hr. Hans Lem Jersins vegne at være forrettet vedgaar L.L. Fieldsende, som vidner og vurderingsmænd Anders Kopper og Iver Tangen. Aar 1798 den 7de may blev dette skifte foretaget til endelig slutning i sorenskriverens huus i Bergen i nærværelse af de 2de vitterlighedsvidner sr Andreas Kreft og Berent Grimstad.

Foruden kundgiørelse i no. af de Bergenske addressecontoirs efterretninger for indeværende aar er under 4de f.m. udfærdiget behørigt proclama hvorved stervboe enken og med laugverge og de umyndiges fødde verger hertil i dag var indkaldede at møde, saavelsom stervboets creditorer og debitorer, hvilket proclama efter lensmanden Lars Larsen Fieldsendes paategning er kundgiorde af Lyhren og Lindaas kirkebakker den 15de og 29de nestefter og indtages hermed forkyndelses paategningen saalydende: Efter paaraab mødte ingen til stæde i boet, hverken stervboe enkens laugverge eller nogen af de for de umyndiges beskikkede værger, ey heller indfandt sig nogen med krav, den skeedde indkallelse uagtet, der staar da altsaa tilbage i tillæg den ved registreringen anmeldte gield og udgift 9-1-8 at tilføye beregningen over dette skiftes paagaaende omkostninger som bestaar i følgende poster: Stemplet papir til dette skiftebrev et ark no 1 til 0-1-8, skiftesallarium 0-2-0, den ved forordningen af 13de januarii 1792 paabudte 1/3 pcto 0-0-8, for proclamatis udstædne med stemplet papir 0-1-14, for skiftebrevets beskrivelse paa 4 ark papir til 3 s arket er 2-0-0, hr fogden tilkommer for vurderingsmændenes opnævnelse 0-2-0, lensmanden tillægges for proclama at kundgiøre med videre 0-4-0, de tvende brugte vurderingsmænd tillægges hver 1-8 = 0-3-0, de i dag brugte vidner tillægges hver 1 mk = 0-2-0, for skifteberammelsens kundgiørelse i adressebladet 0-0-8, til sammen 4-5-6. Saaledes bliver summa boets gield og udgift 14-0-14. Naar nu boets indtægt og formue der beløber 30-4-10 bliver der igien til arv og deling 16-3-12 deraf tilkommer stervboe enken Agothe Arnesdatter Koppen for hendes hovedlod den halve deel 8-1-14, og den anden halve deel tilfalder den afdødes efterlevende børn saaledes at 1. ældste søn Ole Johannesen arver 2-4-10 og 2. Hans 2-4-10 og 3. Lasse 2-4-10, som udgiør den til arv og deling overskydende summa 16-3-12. Hvorefter til angiven vedkommende sker følgende udlæg: 1. tienestepigen Karie Pedersdatter erholder for hendes her i boet tilgodehavende 1 koe kaldet Dyrei for 3-3-0, 1 line toug vad 1-0-0, fuldt udlæg 4-0-0, 2. Jacob Rasmussen Riise erholder for hans i boet tilgodehavende 1 fiske snøre med steen 0-3-0, 1 stort saae eller kar 0-3-0, 1 gammel gryde 0-3-0, fuldt udlæg 1-3-0, 3. Lars Magnesen Bøevog erholder for hans i boet tilgodehavende 1 hviid qvige med horn 3-0-0, 2 gl furru tønder 0-1-8, fuldt udlæg 3-1-8, 4. for dette skiftes paagaaende omkostninger 1 koe kaldet Laache for 4-0-0, 1 værgang med sten og tilbehør 0-3-2, 1 stort skab 0-2-0, 1 vand stamp 0-0-6, fuldt udlæg 4-5-6, 5. stervboe enken Agothe Arnesdatter Koppen erholder for det hende havende tilkommende halve boedslod: 1 gammel kaabber kjedel veier 1 pund 6 mk for 3-3-0, 1 messing lyse stage 0-2-0, 1 gryde 0-1-12, 1 spade græv 0-0-12, 3 høe ljaaer 0-1-0, 2 gamle navrer 0-1-0, 1 hugge øx 0-1-12, 1 eege tønde 0-0-8, 1 kiste med laas 0-2-0, 1 ditto rødmahlet 0-1-0, 1 ditto 0-1-0, 1 smør kiærne 0-0-6, 8 malte kobber 0-1-0, 1 kiste med laas 0-3-0, 1 ditto uden laas 0-2-0, 1 bomme 0-0-12, 1 eege halv tønde 0-2-0, 1 eege ambar 0-0-12, 1 furru stampe 0-0-12, 1 korn børre 0-2-8, 3 melke ambarar 0-1-0, 1 ølambar 0-0-8, 2 furru fierdinger 0-0-8, 1 par vand bøtter 0-0-6, udi et par skoe for 16 s tages 0-0-2, fuldt udlæg 8-1-14, 6. sønnen Ole Johannessen for arv 1 anpart udi 1 silde noedt med touger 2-0-0, 1 hvid ulden skiorte 0-4-8, udi et par skoe for 1 mark 0-0-2, fuldt udlæg 2-4-10, 7. sønnen Arne Johannessen for arv 1 gammel 4-keipingsbaad uden seigl for 1-4-0, 1 graae vadmelsvampe 0-5-0, udi et par sorte vadmelsbuxer for 3 mk tages 0-1-10, fuldt udlæg 2-4-10, 8. sønen Lasse Johannessen for arv 1 hviid vadmelsvampe for 0-3-8, 1 nye rød klædes væst 0-5-0, 1 par røde klædesbuxer 0-3-0, 1 gammelt skab med laas 0-3-0, udi et par sorte vadmelsbuxer for 3 mk resten 0-1-6, udi 1 par skoe for 1 mark resten 0-0-12, fuldt udlæg 2-4-10, hvilke otte udlægsposter tilsammenlagt udgiør boets foran anførte fulde masse 30-4-10. Saaledes er dette stervboets eienndele udlodet og efter det passerede beskreven utstæd.

9. Ola Jensen f. 1780 på dette bruket (8c) d. 1828 g.1.g. 1802 m. Kari Persd f. 1764 Kopper (gnr 168 bnr 4-1i) d. 1815.

Ola overtok garden etter faren i 1799 med bygselbrev frå stadshauptmann Kristoffer Kahrs. Ved folketeljinga 1801 budde Ola her saman med brørne Arne og Lasse, og tenaren Kari Persd, som han seinare vart gift med. Takseringa for jordavgifta 1802 syner at garden hadde eit utsåd på 2 tn korn, og avla 3 tn, eller mange år ingenting. Ein kunne fø 3 storfe. Verdien av bruket vart sett til 65 riksdalar, og landskylda var 1 pund og 3 merker fisk, eller ¼ av heile Kopper.

Born: a. Gidske Olsd f. 1802 d. 1807. b. Per Olsen f. 1805 d. 1877 g. 1832 m. Anna Kristensd f. 1807 Husa (gnr 168 bnr 11-4d) d. 1885, busette i Rognsvågen (gnr 167 bnr 1-2). c. Gidske Olsd f. 1808 d. 1894 g. 1833 m. Mikkel Larsen f. 1804 Litlelindås, Austrheim d. 1881, brukarar i Rognsvågen (gnr 167 bnr 2-3).

Skiftet etter Kari i 1817 syner at ho etterlét seg enkjemannen Ola og dei to borna. Dei hadde berre ei ku, kalla Sala, og ein okse, samt to vêrar, fire sauer og eit lam. Ein seksæringsbåt med segl og utstyr er oppført, likeins eit småsildegarn, vårsildegarn, fiskestenger og fiskesnøre med jernstein. Av innbu og utstyr var det elles m.a. to eiketønner, ein spinnerokk, eit par vassbøtter, to høvlar, tre kister utan lås, to med lås, to skap, ei gryte, ein spade, fem høyljåar, ei forgylt sølvsølje og ein sølvdråpering.

10. Enkjemannen Ola Jensen (9) g.2.g. 1818 m. Kari Hansd f. 1795 Børo (gnr 168 bnr 24-15a) d. 1850. Av skiftet etter Ola si første kone går det fram at Kari hadde tent her på garden i minst 4 år før giftarmålet.

Born: a. Arne Olsen f. 1819 d. 19 veker gl. b. Agata Olsd f. 1820 d. 1856 g. 1849 m. em. Mons Jørgensen f. 1824 Opphaugen (gnr 168 bnr 13-16b) d. 1894, brukarar på Husa (gnr 168 bnr 9-7). c. Johanna Olsd f. 1823 d. 1883, seinare brukar (14). d. Hans Olsen f. 1824 d. 1910 g. 1856 m. Anna Maria Monsd f. 1834 Hernar, Øygarden d. 1901, busette i Rognsvågen (gnr 167 bnr 3-1). e. dødfødd son f. 1827. f. Olina Olsd f. 1828 (4 md etter farens død) d. 1901, utflytta til Kleppe i Austevoll 1853, her fekk ho med Jakob Ivarsen f. 1827 Skjerven, Voss (sjå Evangerb. II s 273) sonen fa. Jakob Olai Jakobsen f. 1858 d. 1928, brukar på Kopper (gnr 168 bnr 30-1). I folketeljinga 1900 var Olina ugift og tenar på Hidlerøy i Austevoll, hjå Magdeli Jonsd f. 1830 Kopper (gnr 168 bnr 1-17c).

Det var skifte etter Ola i 1828, med arvingane enkja Kari og seks born frå to ekteskap. Buet var på brutto 49 spd, men etter at gjeld og kostnader var trekte ifrå, vart det under 1 spd igjen til arv. Av buskap var det tre kyr, tre vêrar og tre søyer. Dei eigde åttedelen i ei sognejakt, ein åtteåra båt og eit segl. Det var to sett med vårsildegarn, eit fiskesnøre med jernstein, ein del fiskestenger og fisketau med anglar. Av innbu var det elles fleire sildetønner, ei bakstehelle, to gryter, to kister, eit skap, ei trantønne, eit par vassbøtter, to ambrar, ei smørkinne, to barkespann, ein navar, ein spade med orv og ein høvel.

11. Enkja Kari Hansd (10) g.2.g. 1830 m. Nils Sjursen f. 1808 Toftegård, Austrheim d. 1883 (son av Sjur Nilsen f. 1773 d. 1812 og Brita Johannesd f. 1769 d. 1827, sjå Austrheimb. II s 238). Dei fekk bygselbrev på 1 pund og 3 merker fisk i Kopper i 1833 frå Kristoffer Kahrs. Matrikkelen 1838 syner at skylda vart sett til 3 ort 1 skilling eller ¼ av heile Kopper. Nils var los, først reservelos og så fastlos frå 1846 ifølgje Bergen losrulle. Ved folketeljinga i 1845 var dyretalet oppgitt til 4 kyr og 9 sauer, og utsådet ½ tn havre og ½ tn potet.

Born: a. dødfødt born f. 1830. b. dødfødd son f. 1831. c. dødfødd dotter 1833. d. Sjur Nilsen f. 1837 d. 14 dagar gl.

Skiftet etter Kari i 1850 syner at arvingane var enkjemannen Nils og fire born frå første gifte. Dei hadde m.a. eit par sølvspenner, ein ring, ein agnusdei (kjede), ein lysestake, ein spinnrokk, eit par karder, ein høvel, ein navar, åtte ljåar, ein del kornstaur, eit åkle, to kvitlar (ullteppe), to gryter, ei bakstehelle, ein skjerding, ei øks, ein spade, ei sag, ei kiste med lås og beslag, 12 mjølkeringar, ei smørkinne, to sildetønner, ei øltønne av eik, ei trantønne, ein fjerding, ein kakkelomn og ei vevgogn med tilhørsle. Husdyra talde fire kyr, ei kvige, to sauer og ein vêr. Av sjøutstyr var det ein åtteåra båt, ein fireåra båt, ⅛-part i ei råsegljakt, ein notebolk, to linevadar, tre bolkar (partar) i eit kastegarn, fem vårsildgarn og eit fiskesnøre. Det vart heile 81 spd til arv, så dei stod seg godt økonomisk.

12. Enkjemannen Nils Sjursen (11) g.2.g. 1852 m. Olina Mikkelsd f. 1801 på Austrheim d. 1865 (dotter av Magdeli Josefsd f. 1766 d. 1831 og Mikkel Mikkelsen f. 1767 d. 1827, far hans var Mikkel Uthaugen gnr 168 bnr 14-6a). Ingen born saman. Olina var enkje etter Knut Larsen f. 1800 d. 1844 (dei budde på Austrheim, jf Austrheimb. III s 50), og ved skiftet etter henne (netto bu 265 spd) i 1865 er det oppført tre born av 1. ekteskap: Mikkel, Magdeli og Maria. Dottera a. Maria Knutsd Austrheim f. 1836 fekk med blikkenslagarsvein Bernt Arent Iversen Berle frå Bergen f. 1835 d. 1898 dottera aa. Berntina Berntsd f. 1859 d. 1897, vart fostra opp her, g. 1891 m. Mikal Andreassen f. 1871 Hesteneset (gnr 169 bnr 4-1g), budde på Opphaugen (husmenn 1). Maria Knutsd vart g. 1864 i Bergen m. Rasmus Rasmussen f. 1837 Søre Drivenes, Austevoll (jf Austevollb. III s 311), matros, budde i Bergen. Nils og Olina gav frå seg bygsla i 1855 til nr 14 mot kår. I folketeljinga 1865 budde Nils her som enkjemann.

Flyfoto 1954. Framme frå venstre: Kopper bnr 1, Bedehuset (bnr 85), bnr 53, bnr 89 (bak), bnr 2, bnr 86, bnr 294. Eide, Grendaberget, Muren/Steinborg til venstre/i midten. Til høgre Stuberg, Grenda og Vika. Fabrikkanlegget til Bjelland (til venstre bak) er komme på plass.
Foto: Widerøes Flyveselskap

13. Enkjemannen Nils Sjursen (11, 12) g.3.g. 1870 m. Larsina Knutsd f. 1844 Rebnor, Austrheim d. 1885 (dotter av Knut Olsen f. 1805 d. 1871 og Anna Maria Larsd f. 1815 d. 1884, sjå Austrheimb. III s 361). Larsina var tenar her på Kopper i 1865. Ved folketeljinga i 1875 er det opplyst at familien budde i gamlestova, så då er det bygd nytt hus her. Nils og Larsina hadde som kårfolk 1 ku, 1 ungdyr og 6 sauer. Det var skifte etter Nils i 1884. Buet var på netto 2326 kr, av dette i Bergens privatbank 1676 kr Det var eit etter måten rikt bu, og det hadde nok samanheng med inntekter og pensjon frå losyrket. Då det vart skifta etter Larsina i 1887 var enda 1835 kr igjen, som dottera arva.

Barn: a. Berta Maria Nilsd f. 1872 d. 1891. Ved skiftet etter henne i 1892 var netto bu komme opp i 2920 kr, m.a. 2380 kr i Lindås sparebank. Arven gjekk til foreldra sine slektningar i Austrheim.

14. Johanna Olsd f. 1823 på dette bruket (10c) d. 1883 g. 1855 m. Bertel Olsen f. 1820 Midt‑Tangen (gnr 168 bnr 26-15a) d. 1901. Bygsel 1855 frå Kristoffer og Arnold Kahrs. Bertel var med i formannskapet i Lindås herad frå 1860 til 1863. I 1855 hadde han og Johanna 6 storfe og 18 sauer, og sådde 1½ tn havre og 1 tn potet. Ved folketeljinga i 1865 var dyretalet heile 8 storfe, men berre 8 sauer, og utsådet 1½ tn både av havre og potet. I 1875 hadde dei 1 okse, 4 kyr og 8 sauer, og sådde 1 tn havre og 1 tn potet. Ved matrikkelforarbeidet i 1863 var buskapen oppgjeven til 4 6/10 kyrlag og utsådet 1¼ tn havre og 1 tn potet. Avlinga var på 5 tn havre, 5 tn potet og 237 våger høy. Det var 2 mål dyrka åker og eng, og 20 mål naturleg eng. Beitemarka låg fint til, var i dårleg stand, men tilstrekkeleg til buskapen. Likevel vart det nytta lyng og tare som tilleggsfôr. Garden hadde nok med torv til brensel. Den var lettdriven og godt dyrka. Ny matrikkelskyld ifølgje den endelege matrikkelen i 1890 er på 1 mark og 14 øre. I 1894 vart dette bruket delt i to like store delar mellom borna Ole og Elisabeth. Hennar del fekk nytt gnr 168 bnr 30.

Born: a. Kari Bertelsd f. 1855 d. 1858 (kikhoste). b. Ole Bertelsen f. 1857 d. 1941, neste brukar (15). c. Karen Elisabet Bertelsd f. 1861 d. 15 dagar gl. d. Elisabeth Bertelsd f. 1863 d. 1951 g. 1885 m. Jakob Jakobsen f. 1858 Austevoll d. 1928, brukarar på den frådelte parten gnr 168 bnr 30-1. e. Bertha Johanna Bertelsd f. 1867 d. 1955, utvandra 1903 til Dawson, Minnesota, USA, g. 1903 m. Mikal Josefsen Viken f. 1867 Vikane i Austrheim d. 1958 (jf Austrheimb. I s 711, utvandra 1888), fotograf, ho var heime på besøk 1908. Dei flytta sidan til Santa Rosa i California. f. Nikolina Bertelsd f. 1871 f. 1957 g. 1900 m. Thomas Larsen Berg f. 1870 Stuberg (husmenn 3d) d. 1932, dei utvandra til Fresno i California, USA i 1900.
Misjonsforeining i 1920-åra. Foreiningsverksemda var ein viktig del av det sosiale samværet for konene. Møta gjekk på omgang, og kvar hadde med seg mat og handarbeid. Ole Bertelsen Koppen nr 2 frå venstre.

15. Ole Bertelsen Koppen f. 1857 på dette bruket (14b) d. 1941 g.1.g. 1884 m. Katrina Olsd f. 1862 Opphaugen (gnr 168 bnr 13-20a) d. 1910. Tinglyst skøyte 1901 frå Fedje Torvkompagni for 1050 kr, men Ole var nemnd sjølveigar alt i 1891. Matrikkelskyld etter delinga med bnr 30 er 0 mark 57 øre. Han sette opp nytt hus om lag 1893, det var det første huset på Fedje der grunnen vart skoten ut. I kjellaren var det meieridrift frå 1899 til 1907 (jf Tveit, Meieribruket i Hordaland s 394). Meieriet hadde 16 lagsmenn med Ole som formann. Det vart laga smør som vart seld i Bergen, og leverandørane fekk att skummamjølka. Det vart levert om lag 12 000 – 16 000 liter mjølk pr. år, som tilsvarer mjølka frå 12 til 16 kyr. Ei meierske var tilsett, i 1900 var det Karen Bertina Monsd f. 1866 Mjøs, Radøy d. 1918 (jf Radøyb. I s 216, budde seinare på Straume, Radøy). Det kan verka vel optimistisk å driva meieri på Fedje (jf kapitlet om jordbruket), og etter 1907 var det ikkje aktuelt lenger. Men det syner at det var vilje til å satsa på jordbruket, spesielt i tida etter utskiftinga av innmarka. Ole var elles fiskar og fiskehandlar.

Born: a. Bernt Olsen Koppen f. 1885 d. 1944, reiste til USA i 1903, styrmann m.a. på dei store sjøane, bustad Seattle og så New York, g. der 1929 m. Marta Monsd f. 1889 Husa (gnr 168 bnr 8-11e) d. 1977, sjå òg Kopper gnr 168 bnr 46-2. b. Marta Olsd Koppen f. 1888 d. 1972, utvandra til USA i 1908, g.m. Kristian Bendix Kjerulf f. 1889 Danmark d. 1959, budde i Fresno, California. c. Johanna Olsd Koppen f. 1890 d. 1979, reiste til USA i 1909, g. 1912 m. John Henry Wilson f. 1873 Utah d. 1956, farmarar i Fresno, California. d. Ragna Olsd Koppen f. 1893 d. 1914 g. 1911 m. Hellemann Andreas Martinussen Solheim f. 1888 Austrheim d. 1980 (sjå Austrheimb. II s 440), han var skomakar her. Dei budde så i Austrheim til han reiste til USA i 1912, Ragna året etter, budde i Seattle, Washington. e. Olaf Olsen Koppen f. 1896 d. 1957, neste eigar (16). f. Elida Olsd Koppen f. 1898 d. 1986, utvandra til USA 1914, g. 1920 m. Leslie Lloyd Rodgers f. 1900 Eden i California d. 1970, truckførar, budde i Oakland, California. g. Olga Katrina Olsd Koppen f. 1901 d. 1971, utvandra til USA 1921, g. 1925 m. John Abel Gundersen f. 1899 Bergen d. 1985 (utvandra 1917), brannmann, bustad Oakland, så Berkeley i California.

Enkjemannen Ole Bertelsen Koppen g.2.g. 1911 m. Ågot Knutsd f. 1867 Vold, Rauma i Romsdal d. 1950 (dotter av Brit Knutsd f. 1828 d. 1897 og Knut Amundsen f. 1834 d. 1914 her på Kopper, jf Vollb. II s 472). Ingen born.

Bedehusforeininga på trappa til bnr 2, om lag 1950. Frå venstre: Torborg Thoresen, Bertha Gullaksen, Ingeborg Stuberg, Emma Uthaug, Marie Lunde Uthaug, Olga Lunde, Anna Ophaug, Olga Wiken, Bertha Olsen Koppen, Petra Gullaksen, Karolina Krossøy, Marie Fanebust og Elida Koppen (15f).

16. Olaf Koppen f. 1896 på dette bruket (15e) d. 1957, var i USA i ungdommen. Han fekk skøyte her frå faren i 1922. I 1925 fekk han frådelt ei tomt med våningshuset på, sjå gnr 168 bnr 46-1. Han skøytte samstundes jorda tilbake til faren, som straks selde den vidare til neste eigar (17) for 2500 kr og kår.

17. Olai Ophaug f. 1914 (gnr 168 bnr 294-1a) d. 1996 fekk skøyte i 1925 på den resterande jorda på dette bruket. Den vart brukt saman med Opphaugen. I 1959 kjøpte han våningshuset, sjå gnr 168 bnr 46-3, der familien er ført.

18. Magnhild Opsahl f. 1948 og Solveig Ophaug f. 1949 er døtrene til Olai (17), og fekk skøyte i 2011 på bnr 2, som omfattar jorda, uthus og naust.


Fedje komm.svg Kopper (Fedje gnr 168 bnr 2) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Kopper (Fedje gnr 168 bnr 1b) • Neste bolk: Kopper (Fedje gnr 168 bnr 3)