Forside:Jødisk historie og kultur

(Omdirigert fra «Forside:Jødedom»)

RELIGION OG LIVSSYN
buddhisme • folketru • hinduisme • islam • jødedom • kristendom • samisk religion •
URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
samisk • skogfinsk • kvensk • rom • romani • jødisk

Om Jødisk historie og kultur
I St. Jørgensveita 7 i Trondheim låg den første synagogen i byen — eit midtpunkt for jødane i Midt-Noreg frå slutten av 1800-talet.
Foto: ukjent

Jødar (nynorsk) eller jøder (bokmål/dansk) er ei folkegruppe av hovudsakleg semittisk opphav som tradisjonelt praktiserer religionen jødedom med sine variantar. I Nord-Europa er har det tradisjonelt vore to hovudgrupper av jødar — portugisarjødar, som er den vest- og nordeuropeiske undergruppa av sefardím, og høgtyske jødar, som det same som asjkenazím. Jødar har vore nemnt i offisielle dokument i Noreg sidan 1400-talet, og vi veit om jødar som har hatt varierande tilknyting til Danmark-Noreg sidan tida kring 1600. Fram til 1814 var hovudregelen at høgtyske jødar hadde generelt innreiseforbod, medan portugisarjødar hadde lov til å reise til og i Danmark-Noreg og livnære seg med eller utan leidebrev i nokre periodar. Frå 1814 til 1844 var det totalforbod mot jødar i Noreg, og dei fleste jødane i Noreg i dag ættar frå jødar som kom inn etter 1851. Jødane er ein av dei nasjonale minoritetane i både Noreg og Sverige.   Les mer ...

 
Smakebiter
Dei første taktene av Ungarisch : Skizze, eit av dei mest populære pianostykka av Mathilde Berendsen Nathan.
Mathilde Berendsen Nathan (f. 10. juni 1857 i København, d. 22. februar 1926 i Italia) var ein pianist og klaverkomponist av dansk-jødisk bakgrunn. Ho var gift med grosserar John Nathan og dei budde i Kristiania frå 1884 og fram til noko etter 1916. Mathilde Berendsen Nathan var blant dei meir populære norske komponistane i tida kring 1900. Ho skreiv i seinromantisk stil med eit pianoteknisk til tider virtuost preg, men samtidig med vekt på det sangbare og med ein del pedagogisk orienterte stykke.   Les mer …

Den portugisiske Nakskauer Menighed med Henriques-esnogaen i København i Danmark vart oppretta i eller rett føre 1750 av Henriques-brørne som arvtakar etter den portugisarjødiske menigheita, som hadde vore dreven av Isak Granada (d. 1731). Forstandaren kring 1784 var Abraham Moses Henriques, bestefar til forretningsmannen og stortingsrepresentanten Ludvig Mariboe. Esnogaen låg da trulig i Snaregade, der Marcus Valentin, Jacob Moses Magnus, Samuel Fraenkel og Moses Bendix Schiff budde med familiane sine. Esnogaen brann ned i den store brannen i 1795. Trulig etablerte menigheita den nye esnogaen i Gammel Mønt, der forstandaren, silke- og klædekræmmer Moses Ruben Henriques budde i mange år.   Les mer …

Parókhet (arkforheng) (datert 5670 (1910)) frå synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim.
Foto: Olve Utne
Jødedom er den tradisjonelle religionen til det jødiske folket. Jødedommen er ein monoteistisk religion som har grunnlag i Tenákh (Den hebraiske bibelen, Det gamle testamentet) med hovudvekta på Toráen (Mosebøkene). Hovudretninga av jødedommen i dag er rabbinsk jødedom, som i tillegg baserer seg den munnlege tradisjonen som han nedfeller seg i Talmúd med sine kommentarar. Sjølv om det på mange tidspunkt i historia har vore eit mindre tal jødar i Noreg, er det først sidan dei par siste tiåra av 1800-talet at det har vore offentlege jødiske gudstenester her i landet. I dag finst det fullt ut organiserte jødiske meinigheiter i Oslo (Det mosaiske trossamfund i Oslo) og Trondheim (Det mosaiske trossamfunn, Trondheim), men føre andre verdskrigen var det òg meir eller mindre organiserte grupper andre stader, inkludert i Kristiansund (sjå Jødedom i Kristiansund).   Les mer …

Gerson og sonen Samuel under slåttonna sommaren 1939.
Foto: ukjent
Gerson Karpol (f. 27. januar 1865 i noverande Litauen; d. 1947), òg skrive Gerson Karpel og Gernos Karpol, var ein litauisk-fødd, jødisk handelsmann og gardbrukar som kom til Norge i 1890-åra og er nemnt i Den israelitiske menigheds protokoll i 1897. Under anleggstida til Raumabanen frå 1913 av dreiv Gerson ein butikk i Verma øvst i Romsdalen. Frå 1918 til andre verdskrigen dreiv han og familien eit gardsbruk på Harpefoss i Sør-Fron kommune i Gudbrandsdalen. Gerson og kona Jette overlevde krigen, men tre av borna deira vart deporterte og drepne av nazistane vinteren 1942/43. Gerson og Jette døydde i 1947 og vart gravlagde på Helsfyr gravlund i Oslo.   Les mer …

Synagogen i Bergstien.
Foto: Grzegorz Wysocki
(2007)
Synagogen i Bergstien er gudshuset til Det mosaiske trossamfund i Oslo, altså den jødiske menigheten i hovedstaden. Den ble innvia i 1920, ark. Herman Herzog, og ligger i Bergstien 15, ved siden av menighetslokalene i Bergstien samfunnshus. Synagogen har plass til 340 personer, fordelt på 200 på grunnplanet og 140 på galleriet, normalt fordelt med menn på grunnplanet og kvinner på galleriet.

Toraskapet står høyt opp på den avrunda østveggen, med trapp opp fra begge sider. Under dette finner man bima, et podium hvor man leser fra Tora. Prekenen holdes ved toraskapet. Teksten over bua i øst er fra 4. Mosebok 24,5: «Hvor vakre er dine telt Jakob, dine boliger Israel».

Den hebraiske innskriften over inngangen er et sitat fra Jesaja 56.7: « For mitt hus skal kalles et bønnens hus for alle folk».

Som nevnt er menn og kvinner plassert atskilt. Synagogen følger ortodoks observans, et valg som er gjort ikke fordi alle medlemmer av menigheten regner seg som ortodokse jøder, men fordi dette er det mest inkluderende. Liberale medlemmer av menigheten kan ergre seg over enkelte ting, men det er ingen ting i den ortodokse observansen som forhindrer dem i å gå i synagogen. Fra ortodoks side ville det derimot vært ekskluderende dersom man plasserte menn og kvinner sammen.   Les mer …

Hovudrommet i den tidlegare synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim.
Foto: Ukjent, tidleg i 1920-åra
Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim (aktiv 18991925) låg i loftsetasjen av St. Jørgensveita 7 og vart innvigd som den første synagogen i Trondheim i 1899. Synagogen var i bruk fram til den noverande synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim vart innvigd i oktober 1925. Ein del av inventaret frå synagogen i St. Jørgensveita 7 finst i dag i den nye synagogen — blant anna arka, sjulḥánen (lesepulten) og eit par benker.   Les mer …
 
Kategorier for Jødisk historie og kultur
 
Andre artikler
 
Siste endringer for Jødisk historie og kultur


Flere endringer ...