Åheim Hotel vart opna på siste helvta av 1800-talet. Hotellet låg på Ulefoss i Nome kommune i Telemark. Gjestene kom hit med Telemarkskanalen, båtruta Dalen-Skien, samt bussruta Skien-Lunde-Strengen. Hotellet tok i mot besøkande for både kortare og lengre opphald.
Hotellet var særleg godt annerkjent i 1880- og 1890-åra. Hotelleigar Rasmus Hansen hadde bygd ein vakker park ovanfor hotellet, samt fleire vakre trebygningar kring hotellet. Les mer …
Nils Roth Heyerdahl. Foto: Ukjent, henta frå Studenterne fra 1881. Biografiske meddelelser samlet i anledning av deres 25-aars studenterjubilæum. (1906)
Nils Roth Heyerdahl (fødd i Vadsø 31. januar 1862, død i Oslo 19. mars 1956) var teolog og verka som kapellan og sokneprest fleire stader i landet: Voss, Sandar, Tinn og Holla. Han var sterkt engasjert i kristeleg ungdomsarbeid. Frå ung alder viste han sterk interesse for landsmål og dialekter, og han gav ut ei samling norske «songar og kvæde». Som teolog og ungdomsarbeidar var han etter alt å dømme påverka av grundtvigianismen. Les mer …
Alette Heyerdahl (Aagaard Hansen). Foto: Ukjent, faksimile frå Øverås m. fl. (1952): Trondheim katedralskoles historie 1152-1952.
Alette Maren Helga Henriette Heyerdahl (fødd i Berg på Senja 20. september 1862, død på Alnabru i Oslo 31. mars 1957) var ein pioner blant kvinner som tok høgare utdanning. Ho var blant dei aller fyrste kvinnene i landet som tok eksamen artium. Ho var den fyrste kvinnelege teologistudenten ved universitetet i Kristiania, men satsa ikkje vidare på akademisk karriere. Da ho gifta seg og vart prestefrue, vigde ho evner og krefter til familie, foreiningsverksemd og lokalsamfunn. Ho var samfunnsengasjert, ivrig mellom anna med ungdomsarbeid, og hadde fleire offentlege verv. Ho arbeidde på fleire vis for å fremje kvinneleg samfunnsengasjement.
Les mer …
E.S.Høyum. Kunstnar ukjent. Enevold Steenblock Høyum (fødd i Heddal eller Sauherad 15. mai 1775, død i Holla i nåverande Nome kommune 24. januar 1830), var offiser, gardbrukar og eidsvollsmann. Henrik Wergeland skriv følgjande om han at han var «Falsensk i Forsamlingen, men udenfor i Samtaler med Modpartiet mindre krigersk. Man fik saaledes af ham at vide, at de militære havde værre end de andre Repræsentanter ved at være oprigtige i det Punkt» Les mer …
Gisle Straume (i midten) fotografert under leseprøver i 1967. Foto: Henrik Ørsted/Oslo Museum
Gisle Straume (født i Holla, nå Nome kommune, 26. august 1917, død 1. desember 1988) var skuespiller og teatersjef. Til tross for sine mange betydelige teaterroller er Straume likevel best kjent som lektor Tørrdal i hørespillene og filmene om Stompa. Fra 1947 var Straume heltidsskuespiller på Det Norske Teatret. Han var ved Det Nye Teater 1955–56 og 1958–59 og Nationaltheatret 1959–63. Han arbeidet ved Fjernsynsteatret 1967–76. 1956–58 var Gisle Straume teatersjef ved Rogaland Teater og 1963–67 ved Den Nationale Scene. Les mer …
Doro Heyerdahl på skitur i Skjåk på 1930-talet. (Utsnitt). Foto: Ukjent. Doro (Dorothea) Heyerdahl (fødd på Voss 8. desember 1894, død i Oslo 25. april 1988) var folkeskule-, framhaldsskule- og folkehøgskulelærar. Den lengste samanhengande delen av si yrkesgjerning hadde ho ved Lom og Skjåk framhaldsskule, frå 1925 til ca. 1950, med mindre avbrot. Som det står i ei femtiårsomtale av henne, hadde ho i løpet av denne tida «hatt en stor del av ungdommen i Lom og Skjåk som sine elever». Og ho var ein svært avhalden lærar. Med bakgrunn frå universitet, lærarskule, folkehøgskule og ungdomslagsarbeid, og ved sitt elskelege og interesserte vesen, verka «ho Doro» utan tvil som ein sterk inspirasjon for mange av desse ungdomane.
Les mer …
|