Forside:Jødisk historie og kultur

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

RELIGION OG LIVSSYN
buddhisme • folketru • hinduisme • islam • jødedom • kristendom • samisk religion •
URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
samisk • skogfinsk • kvensk • rom • romani • jødisk

Om Jødisk historie og kultur
I St. Jørgensveita 7 i Trondheim låg den første synagogen i byen — eit midtpunkt for jødane i Midt-Noreg frå slutten av 1800-talet.
Foto: ukjent

Jødar (nynorsk) eller jøder (bokmål/dansk) er ei folkegruppe av hovudsakleg semittisk opphav som tradisjonelt praktiserer religionen jødedom med sine variantar. I Nord-Europa er har det tradisjonelt vore to hovudgrupper av jødar — portugisarjødar, som er den vest- og nordeuropeiske undergruppa av sefardím, og høgtyske jødar, som det same som asjkenazím. Jødar har vore nemnt i offisielle dokument i Noreg sidan 1400-talet, og vi veit om jødar som har hatt varierande tilknyting til Danmark-Noreg sidan tida kring 1600. Fram til 1814 var hovudregelen at høgtyske jødar hadde generelt innreiseforbod, medan portugisarjødar hadde lov til å reise til og i Danmark-Noreg og livnære seg med eller utan leidebrev i nokre periodar. Frå 1814 til 1844 var det totalforbod mot jødar i Noreg, og dei fleste jødane i Noreg i dag ættar frå jødar som kom inn etter 1851. Jødane er ein av dei nasjonale minoritetane i både Noreg og Sverige.   Les mer ...

 
Smakebiter
Dei første taktene av Ungarisch : Skizze, eit av dei mest populære pianostykka av Mathilde Berendsen Nathan.
Mathilde Berendsen Nathan (f. 10. juni 1857 i København, d. 22. februar 1926 i Italia) var ein pianist og klaverkomponist av dansk-jødisk bakgrunn. Ho var gift med grosserar John Nathan og dei budde i Kristiania frå 1884 og fram til noko etter 1916. Mathilde Berendsen Nathan var blant dei meir populære norske komponistane i tida kring 1900. Ho skreiv i seinromantisk stil med eit pianoteknisk til tider virtuost preg, men samtidig med vekt på det sangbare og med ein del pedagogisk orienterte stykke.   Les mer …

Den portugisiske Nakskauer Menighed med Henriques-esnogaen i København i Danmark vart oppretta i eller rett føre 1750 av Henriques-brørne som arvtakar etter den portugisarjødiske menigheita, som hadde vore dreven av Isak Granada (d. 1731). Forstandaren kring 1784 var Abraham Moses Henriques, bestefar til forretningsmannen og stortingsrepresentanten Ludvig Mariboe. Esnogaen låg da trulig i Snaregade, der Marcus Valentin, Jacob Moses Magnus, Samuel Fraenkel og Moses Bendix Schiff budde med familiane sine. Esnogaen brann ned i den store brannen i 1795. Trulig etablerte menigheita den nye esnogaen i Gammel Mønt, der forstandaren, silke- og klædekræmmer Moses Ruben Henriques budde i mange år.   Les mer …

Snublestein til minne om Rebekka Goldenheim ved hennes siste hjem i Oslo, Observatoriegata 9.
Foto: Chris Nyborg
(2017)
Rebekka Goldenheim (født 24. august 1883 i Kristiania, død 1. desember 1942 i Auschwitz) var musikklærer i Kristiania/Oslo. Under andre verdenskrig ble hun som jøde deportert og drept i gasskammeret i Auschwitz.

Hun var datter av skraphandler Moritz Selig Goldenheim (1851–1910) og Sophie Goldenheim (1854–1908).

I folketellinga 1900 er hun oppført sammen med foreldrene og tre søsken i Norbygata 7. Den eldste av søskene, Helga Goldenheim (1878–1936) var født i Liverpool, mens Amalie (1880–1920) og Josef (f. 1887) var født i Kristiania. Begge foreldre har oppgitt Mariompol (Marianopol) i Russland som fødested, og vi kan ut fra barnas fødested og -år anta at de kom til Norge mellom 1878 og 1880.   Les mer …

Faksimile fra Tidens Krav 21. juni 1990; utsnitt av omtale av at Ove Borøchstein og Jahn Teigen skulle utgje Snakk sammen : en samtalebok for ungdom.
Ove Borøchstein (født 16. juni 1949, død 3. juni 2013) var ein lærar, musikar og forfattar med røter blant anna i det jødiske samfunnet i Kristiansund. I ungdomsromanen Svart natt (1994), der ei av hovudpersonane er av jødisk slekt, tok han blant anna opp problemet med nynazisme. Boka J : historien om kristiansundsjødene (2000) er ei fyldig skildring av det jødiske samfunnet i Kristiansund frå det vaks fram først på 1900-talet til det vart øydelagt av nazistane under andre verdskrigen.   Les mer …

Hovudrommet i den tidlegare synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim.
Foto: Ukjent, tidleg i 1920-åra
Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim (aktiv 18991925) låg i loftsetasjen av St. Jørgensveita 7 og vart innvigd som den første synagogen i Trondheim i 1899. Synagogen var i bruk fram til den noverande synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim vart innvigd i oktober 1925. Ein del av inventaret frå synagogen i St. Jørgensveita 7 finst i dag i den nye synagogen — blant anna arka, sjulḥánen (lesepulten) og eit par benker.   Les mer …

Gudstjeneste i Adath Jeschurun.
Adath Jeschurun var en jødisk menighet i Kristiania. Menigheten ble stiftet 1901, og dens første forstander var rabbiner Mayer Aschkanaze. Meyer hadde tidligere vært forstander i Det mosaiske trossamfunn. Menigheten fikk en relativt kort levetid, da den i 1906 gikk inn i Den israelittiske menighet. Ifølge Oskar Mendelsohn holdt de i sin aktive periode til i Brugata 5.   Les mer …
 
Kategorier for Jødisk historie og kultur
 
Andre artikler
 
Siste endringer for Jødisk historie og kultur


Flere endringer ...