Forside:Nordfjord

(Omdirigert fra «Nordfjord (forside)»)

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Gloppen • Kinn • Stad • Stryn
TIDLIGERE KOMMUNE: Hornindal

Om Nordfjord
Drakter frå Nordfjord og Søndelven. Tegna av Joachim Frich (1845)

Nordfjord er den nordlegaste delen av Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane). Historisk høyrde det meste av dagens distrikt Nordfjord fogderi, som var eit av dei tre fogderia i Sogn og Fjordane. Distriktet femner om kommunane Bremanger, Gloppen, Stryn og Stad, i tillegg til Vågsøy i Kinn kommune og Hornindal i Volda kommune. Utanom Hornindal grenser alle mot Nordfjorden.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Erling Aagedal
Foto: Norske skolefolk, 1952
Erling Aagedal (fødd 17. oktober 1904 på Bjelland i noverande Marnardal kommune, død 19. mai 1993) var lærar.

Han var son av bonde Ole Aagedal og Tomine f. Øygarden. Erling Aagedal tok eksamen ved Kristiansand lærarskule i 1925 og eksamen artium ved Firda gymnas i 1929.

Deretter hadde han fleire lærarvikariat i folkeskulen; frå 1931 var Aagedal vikar for andrelæraren ved Fredheim ungdomsskule i Brønnøy.

  Les mer …

Wilhelm Andreas Wexelsen
Wilhelm Andreas Wexelsen (fødd 8. april 1828 i Ringsaker, død 1904 i Kristiania) var teolog, grundtvigianar og sokneprest i Eid og Oppdal. Han var farbror til den kjende statsråden og biskopen Vilhelm Andreas Wexelsen (1849-1909). Foreldra var Wexel Hansen Wexelsen (1784-1867), som var forvaltar ved Hadelands Glasværk, og Marie Lovise f. Wexels (1793-1873). Ho var syster til den kjende grundtvigianske presten Wilhelm Andreas Wexels (1797–1866), som Wilhelm Andreas Wexelsen var mykje hjå i studietida. Hans søster var Marie Wexelsen (1832–1911)   Les mer …

Haakon Aasvejen
Haakon Aasvejen (fødd 21. august 1862 i Hegra, død 6. oktober 1919 på Eid) var skulestyrar, redaktør, venstrepolitikar og målmann. Han var son av Gunnar Haakensson og Hendrika Hendriksdotter som var husmannsfolk på Åsvegen under garden Knotten i Hegra i Nord-Trøndelag. I Fjordane vart Aasvejen ein leiar for radikalt venstre- og norskdomsarbeid. Han tok initiativet til Firda mållag som vart skipa 1. april 1899 og sat i fylkesstyret til 1905. Då Aasvejen vart styrar ved Fjordenes amtsskole, gjekk skulen heilt over til landsmål som undervisningsspråk. Hausten 1899 fekk han i stand eit opprop for målsaka i Fjordane. Han var svært mykje nytta som talar og som lærar på kurs i nynorsk, mellom anna på eitt som vart halde på Eid i 1900 og truleg var det fyrste i Fjordane. Det var òg Aasvejen som kom med framlegget i skulestyret i Eid i 1907 om at folkeskulen skulle gå over til nynorsk opplæringsmål, noko dei fleste krinsane gjorde året etter.   Les mer …

Ivar Andreas Nordang.
Foto: Hentet fra Studenterne fra 1877 (1902)
Ivar Andreas Nordang (født 26. september 1856 i Hjørundfjord i nåværende Ørsta kommune, død 13. februar 1933) var jurist. Han var sorenskriver i Vardø, senere i Nordfjord, før han avsluttet sin yrkeskarriere som sorenskriver i Tune ved Sarpsborg. På 1890-tallet var han dessuten ordfører i Vardø. Ivar Andreas Nordang var sønn av gårdbruker Peder J. Nordang (1798-1870) og Anne Ingeborg Stennæs (1811-1891). Han var først gift, i 1886, med Louise Charlotte Kåsbøll (1864-1890), deretter, i 1891, med Andrea Monsen (1868-1896), og til sist, i 1898, med Betty Klæboe (1868-1953).   Les mer …

Lærar og ordfører Nils Lyslo
Foto: Norske skulefolk, 1952
Nils Lyslo var fødd på Lyslo (gardsnr. 48, bruknr. 7) i Innvik i Nordfjord 30. januar 1900, og døydde på Bru i Sunnfjord 10. desember 1959. Han gjekk Volda lærarskule og var frå 1922 lærar i Åseral, før han drog til Lærdal og vart verande der til 1947. Han var ordførar i Borgund i 12 år og hadde fleire andre verv. Frå 1948 til 1951 var han lærar i Lesja, der han òg var aktiv i Lesjaskog Arbeiderlag og leiar for Bjorli skilag eitt år. Han var òg aktiv i Lesjaskog skyttarlag og fortalde til Norges skyttere i ord og bilder. Østre del i 1953 at han begynte som skyttar i 1916 fordi han fekk delta i premieskyting med salonggevær på skulen.   Les mer …

Ungdomsbilete av Jacob Aaland. Fotograf ukjent.
Jacob Aaland (fødd i Innvik i Stryn kommune 27. april 1865, død på Sandane i Gloppen 18. oktober 1950) var lærar og lokalhistorikar. Med sine bygdebøker frå Nordfjord under samletittelen Nordfjord frå gamle dagar til no er han ein av dei som har hatt størst innverknad på utviklinga av innhald og form i denne sjangeren. Jakob Aaland verka som folkeskulelærar i 48 år. Fyrste stillinga etter lærareksamen var i Sigdal 1884-1886, så i Brevik 1887-1890, Kragerø 1891-1892 og frå 1892 til 1932 i Bergen ved Fortunen og seinare Lungegården skule. I åra 1914-1919 hadde Aaland statsstipend for å drive med bygdebokarbeidet, og var ute av skulearbeidet. I denne perioden heldt han til på Nordfjordeid, og var da redaktør i Fjordenes Blad. Jacob Aaland var Venstre-mann, og sat ei tid som representant i Bergen bystyre. Han hadde fleire tillitsverv i Bergen, mellom anna var han formann for Bergen lærersamfund.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Nordfjord
 
Andre artiklar