Haugo 1965. Foto: Fjellanger-Widerøe
Haugo låg like nordom tunet i Der uppe, eit av dei to hovudbruka på Holen i Bykle kommune. Som namnet tilseier var terrenget her litt meir homput og kupert enn nede ved dei to hovudbruka.
Plassen vart teken i bruk som fast bustad på slutten av 1820-talet, og den fyrste me veit om budde her var Gunleik Torleivsson Holen, som var den nest eldste av sønene åt Torleiv Hallvardsson Tveiten i Holen Der uppe og kona, Ingebjørg Torleivsdotter.
- Gunleik Torleivsson Holen, f 1792, d 1831
- g 1829 m Ingebjørg Taraldsdotter Byklum, f 1796, d 1870. Born:
- Torleiv, f 1830, d 1830
- Gunleik, f 1831, d 1831
Ingebjørg Taraldsdotter vart oppskrive med adresse Byklum då ho gifte seg, så ho har nok vore tenestejente på eitt av Byklumbruka på den tid. Men ho var fødd i Trydal, og foreldra hennes var Tarald Asbjørnsson [Systog] Stavenes og kona, Sigrid Tarjeisdotter, fødd Røysland. Les mer …
Haugen 1965. Foto: Fjellanger-Widerøe
Haugen i Hoslemo i Bykle kommune ligg vestom Nordigard med tunet i omlag same høgde som Nordigardstunet. I utgangspunktet var det plass under det udela Uppigard, det vart busett i 1874 eller 1875, og matrikulert til eit sjølveigande småbruk 15-16 år seinare.
Dei fyrste som budde her var Ånund Sigbjørnsson og familien hans. Han var frå Vatnedalen Der hite, og son åt Sigbjørn Knutsson på det bruket og kona Gunvor Hallvardsdotter, fødd Tveiten.Då Gro Hallvardsdotter gifte seg, var ho tenestejente einkvarstad i Trydal. Her fører me henne opp med etternamn Oddeskar avdi foreldra hennes budde på den plassen, gnr 27, bnr 8. Dei heitte Hallvard Olavsson Mule og Tone Olavsdotter, og kom frå Skafså til Valle ca 1843 (jfr Valle VI, 65). Olav, bror åt Gro, budde i Sollid, gnr 13, bnr 38, og er omtala der.
Ånund og Gro døypte dei to eldste borna i Vatnedalen, Ånund vert då kalla bruksmann, og har vel vore medbrukar hjå faren. I 1870 tykkjest dei ha vore busetar i Hoslemo, men i 1872 og 1874 var dei attende i Vatnedalen, og Ånund vert då kalla «husmann». Me trur helst at han då hadde fått feste på Haugen, men at plassen endå ikkje var klar til innflytjing. Men det vart han nok like etter, for i folketeljinga frå 1875 finn me familien som husmannsfolk i Haugen, og sidan vart dei verande her.
Les mer …
Den gamle brua nedanfor Hoslemo på prospektkort frå 1890-talet. Frå samlinga til Ingebjørg Vegestog.
Hoslemo ligg på vestsida av riksvegen frå Skarsmo mot Berdalsbru. Frå Hoslemo til Bykle kyrkje er vel ei mil, og i eldre tid budde det ikkje folk på denne mila. Til næraste granne, Glidbjørg, er nå kring 4 km. Frå tuna i Hoslemo kan dei ikkje sjå andre gardar. Tuna ligg kring 700 m over havet, i ei nokså bratt, solrik sørhelling. Framfor seg har dei vide furumoar, attanfor ligg fjellet. Tregrensa er ikkje langt unna.
Om gardsnamnet skriv Amund B. Larsen (NG 8, 212) som fylgjer:
| Navnet synes at indeholde Gen. Ent. af hasla f., som betyder Hasselstang. Dette Ord forudsætter naturligvis ikke, at Hassel har voxet her (den naar ialfald nu ikke til Bykle); selv Stænger af en anden Træsort vilde kunne kaldes saa, naar de blev anvendt, til et Formaal, hvortil man pleiede at bruge Hasselstænger. Hvilken Betydning det her i Ent. skulde have, er dog vanskeligt at afgjøre, hvis det ikke er Elvenavn, som ofte andre Steder, se NE. S. 92. Der gaar her en Tverelv fra Vest ud i Otra.
|
|
|
At Larsen set namnet i samband med hasl, m, hassel, kjem nok av at det finst ei rekkje med skriftformer frå kring år 1600 og frametter der gardsnamnet vert skrive som Haslemo og variantar av dette. Men heilt overtydande tykkjest denne forklaringa ikkje utan vidare. Vel er det kanskje mogeleg at her ein gong kan ha vakse hassel, men det er nå likevel nokså hypotetisk. Om futar og andre vinkelskrivarar i dansketida kanskje har tenkt seg at namnet hadde med hassel å gjera, bør vel heller ikkje tilleggjast avgjerande vekt.
Den eldste kjende skriftforma av namnet er Holtzmon frå 1479, og som ein ser er rotvokalen i fyrelekken her o, på same måten som i det moderne namnet. Men det diplomet der denne namneforma er å finne (DN X, s. 203) gjev inntrykk av ustø skrivemåte:
«Holtzmon som ligger i Byglesonk», står det. Når diplomskrivaren har greidd å kaste om på bokstavane i -sokn, og fått det ordet til å verta -sonk, ligg det nær å tenkje at også gardsnamnet kan vera feilskrive. Men i så fall er det meir sannsynleg at konsonantane kan ha bytt plass enn at rotvokalen skulle ha vorte endra. På denne bakgrunnen tykkjest det mest truleg at rotvokalen i det opphavlege grunnordet i fyrelekken må vera o, og ikkje a. Les mer …
Jeiskeli 5.8.2005. Foto: Aanund Olsnes
Jeiskeli ligg på ein sete under lia eit par kilometer austanfor riksvegen ved Hegni i Bykle kommune. Vidare mod aust er der hei og høgfjell, og både nordom og sørom den dyrka jorda er der mest myr. Men der sjølve garden ligg er faste og fine vollar.
Jeiskeli er omtala som øydegard i ei skatteliste frå 1607, og i 1624 ser ein at garden hadde eiga landskyld, og sto i 3 kalveskinn, men det var ingen som budde her på den tida. Dette tyder på at her har vore busetnad i mellomalderen. Men sidan, og truleg heilt frå Svartedauden, var staden støyl for berdalsbøndene i langsameleg tid, inntil han vart selt ifrå til eit sjølvstendig bruk i 1890, og vart bnr 7 under Berdalen. Bruket gjekk då ut med 4 øre frå Der nede, 4 øre frå Hagen, og 4 øre frå Der uppe, slik at det fekk ei samla skyld på 12 øre.
Tarald Nomeland har tvillaust rett, når han seier at namnet Jeiskeli «må koma av geitskor, ei urt som veks i lier og åkrar» ( Bykle kultursoge 1993, 368). I tillegg kan ein godt spandere den vanlegaste nemninga på planta, som er «geiterams», og det botanikkfaglege namnet epilobium augustofolium. Sjølve ordet, geiske, f, er etter Ivar Aasen ein dialektvariant av geitskor. Dermed torer me rekne namnet for tydd, men endå kan det vera gaman å få med seg den folketymologiske tydinga, som er attgjeve hjå Johannes Skar ( Gamalt or Sætesdal II, 8): «I Geiskelidi sat Geiska. Geiska var rik og svær. Ho sat med tolv kyr. Brunnane syner enno, og dei er mura; so kann han sjå for svær ho var.» Les mer …
Hovden i 1950-åra. Bilete frå samlinga etter Knut T. Hovden. Setesdalsmuseet.
Hovden er gardsnummer 2 i Bykle kommune i Setesdal. Kjem ein køyrande frå Edland og over mot Bykle, er det å koma til Hovden mest som å koma til ein by midt i ville heia. Iallfall er dette bygdesenteret med alle sine hus, hytter, overnattingsanlegg, forretningar og serveringsstader det næraste ein kjem ein tettstad i Bykle.
Gardsbruka på Hovden ligg innunder Hovdenuten, vestanfor bygdesenteret. Det som nå vert kalla Hovden sentrum vaks fram i tida etter krigen, til å byrje med under namnet Hovdebru, fyrst seint, sidan snøggare. Men dette er sjølvsagt resultatet av ei lang utvikling, og her skal me freiste å kartleggje nokre av hovuddraga i denne utviklinga. Rimelegvis tok ho til med ein gard, og den eldste verestaden her er det bruket som nå heiter Der nede.
Fram til ein gong på 1780-talet var det berre eitt bruk på Hovden, men då vart garden dela midt i to, det vart Der Sø og Der nor, som låg jorde i jorde. Kring 50 års tid seinare, omlag 1840, vart Der sø kløyvd i to, og det eine av dei nye bruka fekk tunet sitt oppi bakkane ovanfor Der nor. Det nye bruket vart kalla Der uppe, og etter dette skifte Der nor namn til Der nede. Sidan, på 1870-talet, vart Der Uppe plass under Der nede og Der sø, og skifte då namn til Hovdeplassen. På denne tid vart husa i Der uppe flutte frå det gamle tunet og til der Plassen har tunet sitt idag. Les mer …
Breive i 1963 eller 1964. Nærast ligg Flaten (bnr 6), bak Haugen (bnr 2) og attlengst stoga i Midbø (bnr 7). Foto: Gerd Fosse Hovden Breivegardane ligg vestanfor Hovden i Bykle kommune, på ei etter måten flat landstripe på nordsida av Breivevatnet. Vatnet ligg på 760 m.o.h., og innmarka på gardane då sjølvsagt endå noko høgre, så dette er verkelege fjellgardar. Avstanden frå Hovden sentrum til Nordgarden, som er det inste bruket, er omlag 5 km. Køyrer ein vestetter frå Hovden, kjem ein fyrst til Flaten, dinest til Haugen, så til Midbø og Solbakken, og endeleg til Nordgarden.
Pollenanalysar viser at det i Breive har vore drive med husdyrbruk heilt attende til slutten av yngre steinalder, ca 2800 f. Kr., og at her har vore korndyrking frå 500-talet og fram til byrjinga 1900-talet, berre avbrote av eit par hundreårs øydetid etter Svartedauden (jfr. Helge Irgens Høeg: «Blomsterstøv fortel historie» i Hovden. Arkeologi og historie, 1991). Berre på denne bakgrunnen er det vel grunn til å rekne med fast busetnad frå 500-talet og frametter, men denne tanken får ytterlegare støtte gjennom jernvinnegranskinga, som har kome fram til at «det har stått hus på selve jernvinneplassene», og at «anleggelsen av blesterovner inne i hus har vært motivert av ønsket om å beskytte virksomheten mot snø om vinteren» (Tom Bloch-Nakkerud: «Kullgropen i jernvinna øverst i Setesdal», Universitetets Oldsakssamling Variabd.15, 1987, 146 f). Når folk bygde vinterhus over blestergropene sine, slik at dei kunne arbeide med jernvinna året rundt, lyt me tru at dei også hadde bustadhus. Les mer …
|