Henrik Johannes Nikolai Martinussen Holsvik (født 13. april 1884, død 2. oktober 1986 var fødd i Holsvika i Austefjorden i Volda kommune av Martinus Harald Olai Iverssen (1843 – 1893) og Hilde Larine Henriksdotter (1856 – 1947) som nummer seks i ein barneflokk på ni frå to ekteskap.
Oktober 1909 gifte Henrik seg med Johanne (Hanna) Oline Jakobsdotter Eide 1883 – 1970). Dei fekk to born: Hilda 1912 og Lars 1915.
Martinus døde i 1893. Ein eldre bror Ivar f. 1875 tok over garden, men døde i 1894. Henrik sit som 10-åring med eigarskap til gard (heilebruk) og heil part (to mann oppmøte) i Holsvik Notlag. Henrik blir brått vaksen. Les mer …
L/L Vik Båtbyggeri vart etablert som lutlag (aksjeselskap) i Høydalen i Volda i 1946 av brørne Rasmus J. Høydalsvik (1910-2005) og Håkon J. Høydalsvik (f. 1922) og nokre mindre aksjonærar. Minst to generasjonar før desse to brørne frå Jakobgarden i Høydalsvikane dreiv med båtbygging i kombinasjon med gardsdrift og vinterfiske.
Utover 1900-talet dreiv dei med båtbygging både under stabburet og i kjellaren på våningshuset i Jakobgarden. Det var helst færingar dei produserte. Rasmus Høydalsvik arbeidde ved Brastads Skipsbyggeri i Brattvåg frå 1937 for å lære å bygge større båtar, og da krigen kom flytta han attende til Høydalen og begynte å bygge båtar i naustet på garden. Les mer …
Bjørkedal kystlag er ei foreining som vart stifta i 1994 for å samle inn og ta vare på båtar bygde i Bjørkedalen i Volda. Båtane er no samla i Bjørkedal båtsamling på Søre Bjørkedalen. Bjørkedal kystlag er lokallag av Forbundet KYSTEN.
Laget har utvida verksemda til å dreie seg om å ta vare på og bruke forskjellige delar av kystkulturen på Sunnmøre. Båtsamlinga vart i 2007 utskilt som eige lag med ansvar for dei av båtane som ikkje er sjødyktige. I tillegg til tradisjonelle båtar har samlinga ei operativ oppgangssag. Les mer …
Volda orkester i 1934 Foto: Johan J. Nerbøvik
Volda orkester vart skipa i Volda 12. oktober 1934 etter eit par års førebuingsarbeid av ei sjølvoppnemnd skipingsnemnd. Orkesteret fekk vedtekter i 11 punkt, der det mellom anna er eit punkt der styret «hev høve til å gjere vedtak om missnøgje med eit eller fleire av orkesteret sine medlemer. I så fall går vedkomande ut av orkesteret 7 dagar etter hn får melding om vedtaket».
Det vart opna for passivt medlemskap (støttemedlemskap) i orkesteret.
Det første styret bestod av Johan Nerbøvik, formann, Per Enge, John Steinsvik og Oddvin Øvrelid som styremedlemer og Olav Hjelle som notemeister. På første styremøte vart Sivert H. Geitvik vald til dirigent, Oddvin Øvrelid til 1. kapellmeister og Per Enge til 2. kapellmeister. Les mer …
|