Forside:Fyresdal kommune

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • (Distrikt: Grenland • Aust-Telemark • Vest-Telemark) • Vestfold • Østfold
KOMMUNE: Bamble • Drangedal • Fyresdal • Hjartdal • Kragerø • Kviteseid • Midt-Telemark • Nissedal • Nome • Notodden • Porsgrunn • Seljord • Siljan • Skien • Tinn • Tokke • Vinje

Om Fyresdal kommune
0831 Fyresdal komm.png
Fyresdal kommune er ein kommune i Telemark fylke. Kommunen grensar mot Åmli, Bygland og Valle i Agder fylke, og mot Tokke, Kviteseid og Nissedal i Telemark. Høgaste punkt er Roan, 1 192 moh. Næringsvegane i kommunen er i all hovudsak skogbruk og jordbruk, i tillegg til vasskraftproduksjon. Fyresdal har mange gravhaugar og runesteinar frå vikingtida.

Namnet kjem av innsjønamnet Fyrir, det gamle namnet på Fyresvatn. Ordet fyrir er ein preposisjon som tyder det som ligg framanfor eller i vegen for ein. Dette gjorde vatnet då ein i folkevandringstida trengde seg oppover mot og inn i denne dalen utan farbare strender ein kunne ferdast langs.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Skredvatn. Skafså i bakgrunnen, Hauggrend i framgrunnen.

Skredvatn, også Skredevatn, ligg i nordre del av Fyresdal, 340 meter over havet. Vasskilet er syd for vatnet ved Skarkerud. Bekkar og elvar syd for dette renn via Fyresvatn vidare i Nidelva, medan vatnet frå Skredvatn via Foldsæelva kjem ned i Vråvatn og vidare i Nisser for så å møte vatnet frå Fyresvatn i Nidelva, som er ein del av Arendalsvassdraget. Skredvatn får sitt vatn frå liene og vatna omkring, men mest frå elvar og vatn i Tokke.

På austsida av vatnet ligg Hauggrend, ei solrik og vestvendt grend med frå gamalt av ein allsidig busetnad. Her ligg mellom anna garden Foldsæ, ein nedlagd landbruksskule. Det gamle namnet på vatnet er Foldsæ, det tyder det breie vatnet, vatnet som faldar seg ut. Etter segna kom folk i folkevandringstida frå syd opp til vatnet Fyrir, vatnet som ligg framom ein, i vegen for ein. På Skredvatn har det i uminnelege tider vore tømmerfløyting, og ved utløpet er det bygd ein større dam. Mykje tømmer kom ned i Skredvatn via elva som kjem frå Skafså, no ein del av Tokke kommune, og mykje tømmer kom og frå skogane på austsida mot Vrådal. Dette vart lagt opp i ruller på tømmerkast ved vatnet. Når så fløytinga skulle ta til, vart det kasta på vatnet og fløyta bort til dammen ved utløpet.   Les mer …

Kviteseid Bygdetun
Foto: Vidar Iversen / Wikimedia Commons
Kviteseid Bygdetun er eit av dei eldste musea i landet og vart etablert allereie i 1907. Bygdetunet formidlar tolv ulike bygningar som er flytta hit frå ulike gardar. Blandt desse høyrer Tveitoloftet frå før svartedauden og Flekstveitstoga. I Utsondhalli vert bilethoggaren Gunnar Utsond presentert, i tillegg til skiftande utstillingar. I dag er bygdetunet ein del av konsolideringa i Vest-Telemark Museum.   Les mer …

Porten til Lønnegrav.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2010)

Lønnegrav gravplass ligg i Kilegrend, grenda lengst sør i Fyresdal kommune. Gravplassen vart teken i bruk i 1885. Før bilvegen kom over fjellet Våmur, hadde ein berre ein enkel veg over fjellet, eller vassvegen på Fyresvatn, for å kome til Moland kyrkje. Dette var ikkje minst tungvint ved gravferd, og det vart difor tidleg eit ynskje om å lage til ein gravplass lokalt i Kilegrend.

I sjølve grenda er det grunnlendt og ikkje egna til dette slik at valet fall på husmannsplassen Lønnegrav der det var djup jord. For å kome til gravplassen måtte ein lenge ro over eit sund. Slik måtte og kista transporterast.   Les mer …

Lars Abraham og Gro Qvisling.
Foto: Ukjent
Lars Abraham Rasmusson Qvisling (fødd i Nissedal 1816 død i Fyresdal 1876) var lensmann og bonde i Fyresdal.
Lauritz Ibsen var ein bondeson frå Kvislemark nær Slagelse på Sjælland som levde i perioden 1634 – 1703. Som ung kom han til Kristiania, tok teologisk embetseksamen og vart slottsprest på Akershus festning. Då han kom til Noreg tok han tilnamnet Quislin som skulle vere ei etterlikning av Kvislemark. To søner og to døtre endra namnet til Qvislin for å gjere det meir norsk. Lars Abraham sette så på ein g i slutten. Seinare vart namnet endra til Quisling.
Eine son til Lauritz Ibsen Quislin, Abraham Larsen Quislin, var ei tid kapellan hjå presten Jakob Hansen Morland i Vinje. Han overtok kallet og gifta seg med dottera til Morland, Susanne. Son deira, Lauritz Qvislin, var ei tid kapellan i Fyresdal hjå presten Peder Bloch, og gifta seg med den eldste dottera hans, Anne Jørgine. Han blei sidan sokneprest i Tinn.   Les mer …

Frå informasjonsskriv om Telemarkskyri meieri 2008.
Telemarkskyri meieri i Fyresdal var eit meieri der sjølve tanken bak produksjonen var å vere med på å berge telemarksfe som eigen rase. Telemarkskyri meieri AS var eit småskala meieri på Molandsmoen i Fyresdal som vart opna med stor festivitas og optimisme 19. oktober 2006. Produksjonen skulle vere smør og knaost (pultost) frå telemarkskua, dette var god utnytting av mjølka, men desse produkta gav ikkje lønsam drift. I slutten av 2007 revurdera meieriet både produkta og distribusjon og kanalar for sal av produkta. Det vart nyteikning av aksjar og meieriet satsa då vidare på fire produkt derav tre var nye. Produktporteføljen vart med dette smør, salatost (basera på skumma mjølk, bare 8% feit), kvitskimmelost (brie) og prim.   Les mer …

Brønnebalet frå Sagåa.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011)
Brønnebalet i Hauggrend, Fyresdal kommune, stod ved Sagåa, men vart flytta til Øyskogen. Å brønne er å gje ein hest eller storfe noko å drikke, i dette tilfelle vatn. Bal er ei eldre form av balje, altså eit kar til vatn eller anna flytande. Då Bandakslivegen vart bygd ferdig gjennom Hauggrend like etter år 1900, var hestetransport einerådande. Hesten var eit verdfullt hjelpemiddel som måtte takast godt vare på skulle den yte sitt beste. Mat kunne dei ha med under transport, men vatn måtte dei finne undervegs. Difor vart det på laglege stader ved bekkar eller elvar laga til vasskuper av ein eller annan slag med tilførsel av rennande vatn som hesten kunne drikke av. Folka nytta seg og av dette.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Fyresdal kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar