Smakebitar fra artiklar
|
Frå fesjået på Mogen truleg kring 1890.
Fesjået på Mogen blei arrangert i Høydalsmo i Tokke kommune frå 1876. Fesjået blei avvikla på midten av 1950-talet, medan handelsmøtet heldt fram til omlag 1966. Dei som skulle handle med kyr, kom frå Dalen på sundagen, og overnatta i Høydalsmo til måndagen. Måndagskvelden reiste dei vidare til Seljord. Domarane hadde vindjakker og hatt eller luve med blank skjerm og høge støvlar. Det blei også heldt foredrag om avl og stell for å få fram dei beste dyra. Spenninga var alltid stor då "bolagoksen" kom for å bli stilt ut. Langs vegane blei det sett opp sjapper. Stokkar blei slått ned i jorda og tekt med sinktak og honveggar. Kokomnar blei fyra opp for å halde varme i kjøtsuppa som kjeringane hadde med seg. Suppa blei solgt for ei krone tallerken, medan kaffen kosta 25 øre. Mange av dei som budde i sentrum, solgte også mat og drikke heime i husa. Les mer …
Foto: Siri Johannessen (2016)
Telemarkskanalen er en vannvei mellom Skien og Dalen i Telemark. Den ble anlagt i to etapper, først fra Skien til Norsjø, og denne åpnet 1. mai 1861, mens strekningen fra Norsjø til Bandak ble anlagt mellom 1887 og 1892. Det er det største kanalanlegget i Norge, med en lengde på 105 km. Av dette er 22 km utbygd som kanal, mens resten er naturlige elver og innsjøer. Åtte sluser med tilsammen 18 kamre løfter båtene 72 meter i løpet av strekningen. Kanalanleggene eies av fylkeskommunen. Trafikken på kanalen er nå knytta til turisme, enten med en av de tre turistbåtene M/S «Victoria» (1882), M/S «Henrik Ibsen» (1907) eller M/S «Telemarken» (1951), eller med småbåter. Les mer …
Simon Olaus Wolff (født 10. oktober 1796, død 11. desember 1859) var prest, diktar og målar. Han var sokneprest i Mo, Aurskog og Sauherad, og hadde ein stor kjærleik til folkekultur og folkemål i Telemark. Wolff er millom anna kjent som diktaren av fedrelandssongen Hvor herligt er mit Fødeland. Les mer …
Folsæ i 1923, då det vart landbruksskule her. Undervisnings- og internatbygningen Dovrehalli er under bygging. Foto: Ukjend
Foldsæ i Hauggrend i Fyresdal kommune (gnr. 93) er ein gard med ei mangslungen soge. Fyrst rydda i sameigeskogen i grenda, så ved kjøp utvida til ein relativt stor gard. Deretter ein periode som fattiggard, vidare som landbruksskule, økosenter, steinerskule, omgjort til aksjeselskap og til slutt i privat eige att. Namnet på garden har vore skrive på mange ulike måtar, til dømes Folsæt og Folsæ, men i 2011 vert namnet på garden skrive Foldsæ. Det er lite vi kjenner til garden frå eldre tider. I skattelistene av år 1585 er det nemnd at garden låg øyde, der er heller ikkje førd opp brukar i skattelista av 1593. I ein matrikkelprotokoll frå 1665 står det mellom anna: «Folsiøe skylder 2 Tønder Mel., er god Skouff.»
I 1595 kom Oslobispen Jens Nilssøn på visitasferd framom Foldsæ. Han skriv ikkje om sjølve garden, men fortel om namnet Foldsæ i ulike samanhengar, namn på veg, bru, elv og vatn. Les mer …
Olav Bjaaland hopper i Chamonix i 1909 for Norge og Kviteseid idrottslag. Foto: Ranheim: Norske skiløpere (1957)
Kviteseid idrettslag, KIL, ble stiftet 1904.
Laget ble stiftet etter et opprop som ble sendt til en del embetsfolk og andre som ble omtalt som «bygdas fremste menn». I oppropet stod det følgende: «Opraab til at møde i Kommunelokalet i Kviteseid 22de januar for at danne et skilag for Kviteseid» ; det var bare ski som var aktuell idrett fra starten av. Les mer …
|
|
|
|
|
Kategoriar for Vest-Telemark
|
|
|
Andre artiklar
|
|
|