Dalsfjorden har alltid vore ein «fiskerik fjord», og nærsagt alle fiskeslag har årvisst vore å kunne reknast med som eit godt tilskot til det daglege kosthaldet
Så langt attende som ein kjenner til har fiske med garn, snøre, line og notbruk vore eit viktig tilskot til levevegen for folket i bygdene langs fjorden
Ein veit at på grynnene langs strendene, men også ut på fjorden har det vore drege opp mang ei «middagskoke»
Fiskeplassane som Sæssdjupet, Kornbergsfluda, Løvikfluda, Vikeskallen o.a. har alltid vore å rekna med som sikre fiskeplassar. Fjorden har også vore med til å gi reide pengar mellom hendene for oppsitjarane, både til levevegen og til nyinvesteringar i hus og heim, og fornying av husa på dei små gardane langs fjorden, og sette gardbrukarane i stand til å modernisere gardsdrifta
Notbruk og «kasting» etter sei, makrell, sild og brisling kunne såleis vere ei god inntektskjelde for folket som hadde skaffa seg det rette utstyret
Etter det som Sverre Lyngnes skriv i boka «Dalsfjord, gard og ætt» var det så tidleg som i 1614 ein mann i Steinsvik som hadde «forbrote» seg Les mer …
Her vert «Nilfisk» sjøsett. (1974)
MB «Nilfisk» M-4-G, bygd i 1974 ved L/L Vik Båtbyggeri, Høydalen i Møre og Romsdal, for Kjell E., Atle O. og Karsten K. Molnes, 6040 Vigra. Kjenningssignal: JXAA. I fiskeriregistret for 1980 står båten med desse måla i meter, L/br/dj – 16,8/5,0/2,1. Tonn: 31 br.t. og 10 n.t. i tabellen til fiskeriregisteret er 16,8 m 53,5 fot . Motor Deutz , år 67 på 212 Hk.
«Nilfisk» var den største båten bygd på laminerte spant. Lengda på denne båten var større enn lengda på risseplanet som var i andre etasje på verkstadbygget. Difor måtte linjetegninga gjerast i størrelse 75% og overføring til spanterisset opprekna til 100%. Grunnen til det er at spantemodellane sjølvsagt må vera i full størrelse, dei skulle og brukast til å stille inn spantepressa.
Huda var av fure, natene var utfresa og med innlimd list. Dekket var nata med Formflex, syntetisk gummi. Lugarkappe, lukekarm og overbygg i aluminium. Som vanleg vart også alt stålarbeid utført ved verkstaden. Det er, tankar, beslag, rekkverk, mastrer m.m. Arbeidsstokken var den same over mange år og mest alle budde i bygda, og dei fleste hadde vore ved båtbyggeriet sidan 1940-50 talet. Båtane dei har vore med på finn du på båtlista på Vik. Les mer …
Frå Jakob S. Bjørkedal sin reserve av greinvinklar og krokar
Spanterøter og bjelkekne. Spanterøter i doblingspant var den vanlege måten å binde saman dei to sidene på kravellbygde båtar med. Rota har ein lang og ein kort arm. Den lange er del av stamma på treet, og den korte er den beste armen på rota. Her er innsikta frå dei som er på skogen, og som vel den beste rotarmen som er avgjerande. Den lange armen var gjerne rundt 2 meter, og den korte rotarmen kunne også vera over 1 meter. Ein lang arm gir eit betre omskot på skøytane, men her er det naturen som set begrensninga. Med tømmerbreidd i spantet på 6 eller 7 tommar, så trongst det store røter. Å få fram slike røter er tungt arbeid, då er erfaring og teknikk medverkande til eit godt resultat. Det var ikkje berre røter som kunne brukast, men også store greiner eller andre former for vinkel på stamma. Les mer …
|