Nils Roth Heyerdahl. Foto: Ukjent, henta frå Studenterne fra 1881. Biografiske meddelelser samlet i anledning av deres 25-aars studenterjubilæum. (1906)
Nils Roth Heyerdahl (fødd i Vadsø 31. januar 1862, død i Oslo 19. mars 1956) var teolog og verka som kapellan og sokneprest fleire stader i landet: Voss, Sandar, Tinn og Holla. Han var sterkt engasjert i kristeleg ungdomsarbeid. Frå ung alder viste han sterk interesse for landsmål og dialekter, og han gav ut ei samling norske «songar og kvæde». Som teolog og ungdomsarbeidar var han etter alt å dømme påverka av grundtvigianismen. Les mer …
Johan Fredrik Voss (fødd i Haus ved Bergen 29. juli 1883, død 18. august 1966) var skulemann og nynorskforkjempar. Han var ein sentral person for målrørsla i akademiske krinsar, mellom anna som leiar i Studentmållaget og hovudmann bak Pønskarlaget ved Universitetet i Kristiania. Yrkesgjerninga og samfunnsinnsatsen hans kom særskilt landsgymnasa til gode. Landsgymnas var ei viktig fanesak for målfolket. Voss starta på privat basis det fyrste av desse i Volda. Han var sidan lektor ved Voss offentlege landsgymnas og rektor ved Eidsvoll offentlege landsgymnas. Som rektor på Eidsvoll 1922-1945 var han ein dugande skuleleiar, men også omstridd. Det siste hang både saman med hans kompromisslause standpunkt i målsaka og med hans politiske haldningar. Under krigen gjekk han inn i NS og hadde fleire viktige verv særleg lokalt, men også i fylket og til dels i kulturpolitikken på nasjonal basis. Han vart avsett som rektor i 1945 og dømt for landssvik. Les mer …
Truleg brudlaupsbilde av Ranveig og Hans, frå familiealbumet. Bunaden røpar opphavet på Voss. Ranveig Kalrudstad (fødd Vinsand 2. februar 1895 på Voss, død same stad 24. april 1977) var bondedotter frå garden Vinsand ved Vangsvatnet på Voss. Ho gifta seg i 1932 med Hans Kalrudstad (1883-1945) frå Nordlia i Østre Toten. Tidleg på 1950-talet flytta ho attende til oppveksttraktene, etter at Hans var død. Ranveig var ein av dei få vestlendingane i Toten-bygdene på denne tida. Ranveig Kalrudstads familiealbum er ei viktig kjelde til livet i eit småbondemiljø på Toten i mellomkrigsåra. Dette var eit granne- og familiesamfunn som ikkje har etterlete seg mange skriftlege spor, og på grunn av flytting og få etterkommarar har heller ikkje mykje tradisjon vorte vidareført. Les mer …
Alette Heyerdahl (Aagaard Hansen). Foto: Ukjent, faksimile frå Øverås m. fl. (1952): Trondheim katedralskoles historie 1152-1952.
Alette Maren Helga Henriette Heyerdahl (fødd i Berg på Senja 20. september 1862, død på Alnabru i Oslo 31. mars 1957) var ein pioner blant kvinner som tok høgare utdanning. Ho var blant dei aller fyrste kvinnene i landet som tok eksamen artium. Ho var den fyrste kvinnelege teologistudenten ved universitetet i Kristiania, men satsa ikkje vidare på akademisk karriere. Da ho gifta seg og vart prestefrue, vigde ho evner og krefter til familie, foreiningsverksemd og lokalsamfunn. Ho var samfunnsengasjert, ivrig mellom anna med ungdomsarbeid, og hadde fleire offentlege verv. Ho arbeidde på fleire vis for å fremje kvinneleg samfunnsengasjement.
Les mer …
|