Hordaland er ei lokalavis som vert utgjeven på Voss i Hordaland. Ho vart skipa i 1883, og var fram til 1972 ei Venstre-avis. Sidan har ho vore partipolitisk ubunden. Området avisa dekkjer, er kommunane Voss, Ulvik, Granvin, Vaksdal og Modalen. I Voss kommune har avisa ei dekning på meir enn 93 % av husstandane (2008).
Avisa vart omlagt frå fullformat til tabloid i oktober 2003. Ho kjem ut tysdag, torsdag og laurdag, med eit gjennomsnittleg sidetal på kring 28. Avisa er eigd av eit familieaksjeselskap, med disponent Astrid Kløve-Graue som største aksjonær. Redaktør sidan hausten 2013 er Elin Madsen. Les mer …
Doro Heyerdahl på skitur i Skjåk på 1930-talet. (Utsnitt). Foto: Ukjent. Doro (Dorothea) Heyerdahl (fødd på Voss 8. desember 1894, død i Oslo 25. april 1988) var folkeskule-, framhaldsskule- og folkehøgskulelærar. Den lengste samanhengande delen av si yrkesgjerning hadde ho ved Lom og Skjåk framhaldsskule, frå 1925 til ca. 1950, med mindre avbrot. Som det står i ei femtiårsomtale av henne, hadde ho i løpet av denne tida «hatt en stor del av ungdommen i Lom og Skjåk som sine elever». Og ho var ein svært avhalden lærar. Med bakgrunn frå universitet, lærarskule, folkehøgskule og ungdomslagsarbeid, og ved sitt elskelege og interesserte vesen, verka «ho Doro» utan tvil som ein sterk inspirasjon for mange av desse ungdomane.
Les mer …
Johan Fredrik Voss (fødd i Haus ved Bergen 29. juli 1883, død 18. august 1966) var skulemann og nynorskforkjempar. Han var ein sentral person for målrørsla i akademiske krinsar, mellom anna som leiar i Studentmållaget og hovudmann bak Pønskarlaget ved Universitetet i Kristiania. Yrkesgjerninga og samfunnsinnsatsen hans kom særskilt landsgymnasa til gode. Landsgymnas var ei viktig fanesak for målfolket. Voss starta på privat basis det fyrste av desse i Volda. Han var sidan lektor ved Voss offentlege landsgymnas og rektor ved Eidsvoll offentlege landsgymnas. Som rektor på Eidsvoll 1922-1945 var han ein dugande skuleleiar, men også omstridd. Det siste hang både saman med hans kompromisslause standpunkt i målsaka og med hans politiske haldningar. Under krigen gjekk han inn i NS og hadde fleire viktige verv særleg lokalt, men også i fylket og til dels i kulturpolitikken på nasjonal basis. Han vart avsett som rektor i 1945 og dømt for landssvik. Les mer …
Hardanger Fartøyvernsenter sin logo
Hardanger Fartøyvernsenter (HFS) er ei stifting som samstundes er både eit museum og eit levande verft i Norheimsund i Hardanger. Stiftinga vart etablert i 1984 og har mange ulike tenester innan fartøyvern, nybygging og restaurering av klinkbygde småbåtar, og museumsverksemd. Ho er óg aktiv innanfor attføring av vanskelegstilt ungdom, lærlingeplassar, leirskule og reiseliv. Sidan 2007 er senteret ei eining i Hardanger og Voss museum. Norsk Kulturarv tildelte HFS og SJ «Mathilde» Olavsrosa i 1999.
Verftet er navet i HFS sin verksemd. Her gjeras det praktiske restaureringsarbeidet, ofte er det store og krevjande restaurerings- og dokumentasjonsoppdrag. Restaureringa fylgjer antikvariske retningsliner, så lite som mogleg skiftes ut og det som vert skifta blir erstatta av material med same kvalitet og lik handverksmessig utføring som det gamle. Målsetjinga er at fartøya skal vernast som flytande kulturminne. Eit anna viktig mål er å føre handverkskunnskapen som elles ikkje er aktuell i vanlege kommersielle samanhengar vidare. Les mer …
Vinter på Mjølfjell kring 1940. Glissen vegetasjon og nokre spredte hytter. Øvst til høgre skimtar vi stasjonen. Foto: Nasjonalbiblioteket
Mjølfjell er ei grend inst i Raundalen i Voss herad. Området har namn etter det kvite Mjølfjellet, som òg markerer grensa mellom Voss og Ulvik. Mjølfjell-området har særleg vorte nytta til støling, og gardar i både Voss, Ulvik og Aurland har hatt sommarbeite her.
Etter at Bergensbanen opna i 1909, med eigen stasjon på Mjølfjell, har grenda vore ein populær rekreasjons- og turiststad. Spesielt bergensarar har farta mykje til Mjølfjell. På 2000-talet er det privathyttene som dominerer staden, men her er det òg eit ungdomsherberge (bygd i 1939).
Staden hadde på 1900-talet ein del fastbuande, knytt til jernbane, turisttrafikk og gardsdrift/støling, og difor var det skule her (1914-64). Mjølfjell kapell vart innvigd i 1967. Daglegvarebutikken på Mjølfjell vart lagt ned i oktober 2009, men opna att i 2014. I Rjoandalen ligg det eit militært skytefelt. Les mer …
|