Forside:Salten

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Salten (forside)»)
Hopp til navigering Hopp til søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Nordland • Troms • Finnmark
Helgeland • Salten • Lofoten • Vesterålen • Ofoten
MeløyBodøGildeskålBeiarnSaltdalFauskeSørfoldSteigenHamarøy

Om Salten
Dei ulike regionråda i Nordland. Salten Regionråd, rett nordom midten, er vist i blått.

Salten (pitesamisk Salto, lulesamisk Sállto), òg stundom kalla Salta, er eit landskap og ein region i midtre Nordland som grensar mot Helgeland i sør, mot Ofoten i nord og mot Norrbottens län i aust. Nordvest for Salten ligg øygruppa Lofoten på andre sida av det vêrharde havstykket Vestfjorden. Salten, saman med Ofoten, utgjorde tidligare futedømmet Saltens Fogderi. Folk frå Salten blir kalla saltværingar, og den lokale dialekten i området heiter saltværing. Salta (norrønt salpti, salfti) var det tidligare namnet på regionen og kan komme frå namnet på fjordsystemet. Som regionnamn er den gamle nominativ- og akkusativforma Salta, og den gamle dativforma er Salten. Ved oppløysinga av kasussystemet fram mot 1900-talet har den gamle dativforma Salten blitt ståande som den mest bruka forma, og forma Salta har i løpet av 1900-talet stort sett falle ut av bruk.   Les mer ...

 
Smakebiter fra artikler
Portrett av Maren fra Hadsel kirke.

Maren Hansdatter Blix (født 1627, død 1688) var prestedatter fra Bodø og prestekone i Hadsel1600-tallet.

Maren var datter av Ingeborg Svensdtr og Hans Blix, faren var sokneprest i Bodø prestegjeld.

Hun var gift med Jens Christensen Bloch. Han hadde vært kapellan hos hennes far i Bodø, og ble siden residerende kapellan i Hamarøy prestegjeld og sokneprest i Hadsel prestegjeld.   Les mer …

Planteikning utført av okkupasjonsstyret.
Krokelva fangeleir var ein tysk fangeleir omlag 300 meter nordom den seinare Semska stasjonSemska i Saltdal kommune under andre verdskrigen. Leiren vart etablert i 1942 og oppløyst ved den tyske kapitulasjonen i mai 1945. Krigsfangane var sett til tvangsarbeid på Blodvegen. Ved kapitulasjonen var det 790 fangar der. 364 fangar omkom i løpet av åra leiren var i drift. Dei attlevande fangane sette opp eit minnesmerke i 1945. Dette minnesmerket vart sprengt av dei norske myndigheitene i samband med Operasjon asfalt i 1950, og dei einaste spora etter leiren i dag er overgrodde levningar i landskapet.   Les mer …

Bolna stasjon en vinterdag i 1957
Foto: Jac Brun/Nasjonalbiblioteket
Bolna stasjon i juli 2012.
Foto:  Olve Utne
Bolna stasjon er ein jarnbanestasjon på strekninga mellom Dunderland stasjon og Røkland stasjonNordlandsbanen. Stasjonen ligg på Bolna (pitesamisk Båldno, lulesamisk Bållná) i Rana kommuneHelgeland. Denne stasjonen, så vel som Hjartåsen stasjon, Krokstrand stasjon, Stødi stasjon og Lønsdal stasjon, blei opna onsdag den 10. desember 1947 da Nordlandsbanen vart forlenga frå Dunderland til Lønsdal.   Les mer …

Tegning av oppmålt saltdalspisse fra 1930-tallet. Utført av Kai Linde, Rognan
Saltdalsspissa er en spissgattet robåt fra Saltdal som tradisjonelt er bygget av furu. Spissa kjennetegnes ved relativt kort kjøl, med bruk av avrundet lot mellom kjøl og stevn. Den kortere kjølen gjør spissa letthåndterlig i farvann med strøm og i havn mellom andre fartøy. Stevner, lot og kjøl er bladskjøtt med vertikal lask. Saltdalsspissa er rund i formene. På spissene som ble bygget ved båtbyggerlinja på Rognan, ble i senere år kjøl, lot og stevn laminert i et stykke. Eldre båter kan være bygget med 5 omfar, senere ble det vanlig med 6 bord. Bordene er felt mot kjøl og stevn uten spunning. Ripekonstruksjonen er enkel og solid. Det ligger en kraftig innvendig tollegang mot ripbordet, over eller felt mot banda og mot halskluter ved stevnene. Halskluten er felt mot stevn og ripebord. På utsiden ligger ei fenderlist/langise. Over det hele ligger et vaterbord med tolleklosser. Utviklingen av denne solide ripekonstruksjonen kan ha sammenheng med bruken av saltdalspisser som lettbåt på større fartøy.   Les mer …

Elias Blix
Elias Blix (fødd 24. februar 1836 i Gildeskål, død 17. januar 1902 i Kristiania) var forfattar, professor, lærar, målmann og politikar. Han vert særleg hugsa som salmediktar, og som omsetjar av Bibelen til landsmål. Blix oppdaga landsmålet då han gjekk på lærarskole i Tromsø i 1850-åra. Han tok kontakt med målrørsla då han kom til Kristiania og blei knytt til Aasmund Olavsson Vinje og vekebladet Dølen. Han besøkte Gildeskål sommaren 1866 og bad om løyve til å preike i Gildeskålkyrkja, men på grunn av Blix sitt arbeid som målmann ville ikkje soknepresten gje løyve. Blix hadde nettopp tatt teologisk embetseksamen. Hendinga i Gildeskål blir sagt å vere grunnen til at han ikkje blei prest og at han aldri kom tilbake til Gildeskål. I 1868 var han med på å stifte «Det norske Samlaget», som fekk til oppgåve å gje ut nynorske skrifter.Blix var med på arbeidet med å omsette Bibelen og Luthers litle katekisme til landsmål. Elias Blix blir rekna som ein stor salmediktar. Han har skrive meir enn 200 salmar. Det var først i 1892 at salmane hans vart godkjende for bruk i kyrkja. I Norsk Salmebok er det tatt med 71 salmar av Blix. Blant hans mest kjende salmar er «No Livnar det i Lundar» og fedrelandssalmen «Gud signe vårt dyre fedreland», den første tonsett av Ludvig Mathias Lindeman.   Les mer …

Saltværing, òg stundom kalla saltenmål eller saltendialekt, er den tradisjonelle dialekten i regionen Salten i Nordland fylke. Det mest karakteristiske trekket ved dialekten er den store delen apokoperte former. Innanfor Salten skil tradisjonelt Bodø og i nokon grad Fauske ut med utprega bymål. Frå dei siste tiåra av 1900-talet har bymålet bodøværing og sentrumsmålet på Fauske påverka dialekten i resten av Salten stadig meir.   Les mer …
 


 
Kategorier for Salten
 
Andre artikler