Faksimile fra Aftenposten 26. juli 1923: utsnitt av omtale av Sigvard Larsen i forbindelse med at han hadde vært politimann i nær 50 år.
Sigvard Larsen (født 3. juli 1848 i Brandval i dagens Kongsvinger kommune, død 26. januar 1928) var politimann. Etter å ha arbeidet noen år i hovedstadsområdet, begynte han som politibetjent på Lillehammer i 1879, hvor han forble helt til han gikk av 1. januar 1924. På begynnelsen av 1900-tallet var Larsen forkjemper for ny politilov, og han omtales gjerne som Politilovens far. Han stilte på det første landsmøtet i Norsk Politiforbund i 1906 og talte for at Norge trengte en politilov. Han hadde selv laget et forslag til lov: "Udkast til lov om politivæsenet" som han hadde publisert i 1904 i Politibladet. Larsen gikk inn for en tidsmessig og demokratisk omlegging av politietaten, som han sammenfattet i setningen Politiet må bli en beskyttelse for folket, av og ved folket. Les mer …
Åsta Holth-museet vart opna i heimen hennar på Svullrya i 2004. Bysta utafor vart laga av Skule Waksvik i 1995. Foto: Siri Iversen (2018) Åsta Holth (fødd 13. februar 1904 på Svullrya, død 16. mars 1999 på Kongsvinger) var forfattar og skogfinsk kulturformidlar.
Den første boka ho gav ut, var novellesamlinga Gamle bygdevegen frå 1944. Dette er framleis ein klassikar, med nokre av dei finaste finnskogsforteljingane ho skreiv. Som lyrikar debuterte ho i 1946 med diktsamlinga Porkkalafela. Dei finske tradisjonane går som ein raud tråd gjennom heile forfattarskapet, og Åsta Holth engasjerte seg òg på andre måtar i bevaring av tradisjonane. Ho var styremedlem på museet Finnetunet, og testamenterte huset sitt dit. Ho teikna Finnskogsbunaden for menn og kvinner, og ho tok initiative til Finnskogdagene på Svullrya. Under denne festivalen vert Finnskogen kvart år utropt som republikk, og Åsta Holth var livstidspresident for denne. Les mer …
Undis Blikken i aksjon under det uoffisielle verdsmeisterskapet på Frogner stadion i Oslo i 1934. Foto: Ukjent, henta frå Norsk Årsrevy 1934. Ragnhild Undis Blikken (fødd i Åsnes 7. mai 1914, død i Oslo 22. januar 1992) var idrettsstjerne, kristeleg ungdomsarbeidar, politikar og mellom anna informasjonsmedarbeidar i Oslo kommune. Ho var ein idrettsutøvar i verdsklasse, og ein modig pioner for kvinneidrett i fleire greiner. Fyrst og fremst vart ho kjend som skeiselaupar i 1930-åra, mellom anna med tre noregsmeisterskap og eit verdsmeisterskap på merittlista. Ho var fødd og oppvaksen på småbruket Nordre Toverud i Åsnes i Solør. Foreldra var lærar Rasmus Blikken (1872-1961) og Petra (Petrine Marta) fødd Bjørnaset (1871-1970). Faren kom frå ein husmannsplass i Skjåk i Gudbrandsdalen, mora var oppvaksen på ein gard i nærleiken av Volda. Undis var den yngste av fem sysken. Ho var ugift. Les mer …
Måleriet Fra Ulvik (1851) av Bernt Lund. Foto: Nasjonalmuseet
Bernt Lund (fødd i Våler i Solør 14. juli 1812, død i Kristiania 30. oktober 1885) var offiser, vegingeniør, kunstmålar og forfattar. I ettertid er han best kjend som den som skreiv det patriotiske diktet om Trysil-Knut. Foreldra var Ole Bergersen Lund (1769-1835) og Kassi Danielsdotter fødd Dahl (1780-1865). Dei åtte og dreiv garden Vestre Lunden (gnr. 50.1) på Braskereidfoss i Våler. Ole Bergersen var også tømmermerkar. Familien tilhøyrde det som er vorte kalla eit kondisjonert miljø av storbønder i Våler (Geir Vestad). I følgje Alexander Bugges bygdebok for Våler var Ole Bergersen «en interessert og opplyst mann». Men han ville ikkje leve som vanleg bonde, «men som herremann». Les mer …
Dette utsnittet fra kirkeboka fra Grue viser noe av katastrofens omfang: Her ser vi navnene på elleve av ofrene, som ble gravlagt 1. juni 1822.
Brannen i Grue kirke i Hedmark den 26. mai 1822 er den største brannkatastrofen i norsk historie. 113 til 117 mennesker mistet livet da det brøt ut brann under første pinsedags gudstjeneste. Kirken var helt full på første pinsedag, som var en varm forsommerdag. Sognepresten Iver Hesselberg var i gang med sin preken da det begynte å brenne i ytterveggen på sørskipet. Brannen slo raskt gjennom veggen, og etter bare ti til femten minutter var kirke overtent.
Dørkonstruksjonen gjorde det vanskelig å evakuere kirken. Det brøt ut panikk, og dermed en kamp for å komme seg ut. De som var på galleriet kunne ikke komme fram når dørene var åpne, og det var i utgangspunktet et sterkt press mot dørene ettersom de slo innover. De som sto ut forsøkte å holde dem åpne, men varmen og presset innenfra gjorde det til slutt umulig. Les mer …
|