Forside:Vest-Telemark

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. apr. 2010 kl. 22:59 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Østfold • Akershus • Oslo • Hedmark • Oppland • Buskerud • Vestfold • Telemark
Grenland • Aust-Telemark • Vest-Telemark
Seljord • Kviteseid • Nissedal • Fyresdal • Tokke • Vinje

Om Vest-Telemark
Vest-Telemark er et distrikt i den vestlige delen av Telemark fylke, som består av de 6 kommunene Vinje, Tokke, Seljord, Kviteseid, Fyresdal og Nissedal. Området har ingen byer, de største tettstedene er Seljord, Kviteseid og Dalen.

Distriktet har til sammen 14 242 innbyggere (1. oktober 2007 SSB) og et areal på 7 700 kvadratkilometer.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Helland ca. 1950
Foto: Norske gardsbruk
Margit Gjermundotter Haugan (fødd 17. november 1830 i Skafså, daud 17. oktober 1918) var hagebrukar. På nedre Haugane fekk ho planta ein større frukthage med i alt 99 epletre, dei fleste hadde ho sådd i potter som frø. For frukthagen på Haugane fekk ho sylvmedalje av Telemark Landbruksselskap. Ho fekk og fleire påskjøningar for mellom anna veving. I 1861 var Lindeman i Fyresdal og skreiv ned 5 melodiar etter Marjit Jermundsdatter Haugene.   Les mer …

Olav Naadland 1927
Foto: Ukjent.

Olav Naadland (fødd i Seljord 16. juli 1899, død 14. oktober 1965 i Vinje) var lærar og folkehøgskulestyrar.Olav Naadland tok eksamen artium ved Stavanger høiere offentlige almenskole i 1921, og tok også førebuande prøve i filosofi ved universitetet. Han avla lærarprøva ved Notodden private lærarskule i 1926, og fekk det meste av si yrkesgjerning i folkehøgskulen. Allereie før han tok lærareksamen vikarierte han ved Telemark folkehøgskule i Kviteseid (1922-1925) og ved Sunnhordland folkehøgskule (1923-1924). I 1926 vart han tilsett ved Gudbrandsdalens folkehøgskule, der han vart verande i 14-15 år. I 1940 tok han over etter far sin som styrar ved Telemark folkehøgskule, og var der til skulen vart nedlagd i 1950. Deretter var han lærar i folkeskulen i Vinje til sin død.

Han var også gardbrukar i feriane og på heiltid under okkupasjonstida 1941-1945.   Les mer …

Flatdal mekaniske verkstad i Flatdal.
Foto: Siri Iversen
(2023)
Flatdal mekaniske verkstad blei starta av Gunnar Haugen i Flatdal i Seljord kommune i 1958. Verkstaden produserer mellom anna grafikkpresser for kunstnarar. Terje Grøstad var den fyrste som bestilte ei slik presse, og etter dette har Haugen eksportert presser til både England, Island og USA.   Les mer …

Signe Tveiten på kursutstillinga 1981.
Foto: Vest-Telemark Blad (1981)
Signe Tveiten (fødd 1906 i Fyresdal, død same staden i 1995) vart fødd på Trudvang i Folkestadbyen i Fyresdal kommune. Signe har sers tydeleg markera seg som tradisjonsformidlar innan vev, både pedagogisk og praktisk. Ho gjekk på Statens kvinnelige industriskole i Oslo i 1920 åra og fekk arbeid og praksis i Husfliden.   Les mer …

Bibliotekar og skredder i Kviteseid.
Foto: Kviteseid Historielag/Kviteseid Folkebibliotek
Gunnar Haugestøyl (født 22. januar 1879 i Høydalsmo, død 1969) var sentral i bibliotekarbeidet i Kviteseid i Telemark gjennom en mannsalder. Han flyttet til Kviteseid i 1905 og bodde der mer eller mindre resten av livet. Haugestøyl startet Kviteseid fråhaldslag, og det var dette laget som i 1912 satte opp et eget bygg ikke langt fra Kviteseid kyrkje, og sørget for at boksamlinga etter mange omflakkende år fikk sitt første faste lokale med lys, ved og renhold.   Les mer …

J.L. Qvisling (ukjent fotograf)

Jon Laurits Qvisling (fødd 16. september 1844 i Fyresdal, død same stad 5. februar 1930) var prest og forfattar. Han var den eldste av ti sysken derav ni vaks opp. Foreldra, Gro og Lars Abraham Qvisling, kjøpte garden Lunden i Hegglandsgrend i 1844.

Jon Laurits budde på Lunden til han reiste som ung til Skien for å gå på Skiens lærde Skole. Her tok han eksamen artium i 1862 med karakteren prae ceteris. I 1869 tok han teologisk embetseksamen, men var lærar i Drammen og Grimstad til han blei tilsett som sokneprest i Fyresdal i 1879. Her virka han til 1893.

Under opphaldet i Fyresdal gifta han seg med den omtrent seksten år yngre Anna Karoline Bang (1860-1941) i Grimstad i 1886. Ho var dotter av skipsreiar Jørgen Bang og Antonette Dorothea Huseland. Dei hadde fire born saman: Vidkun, Jørgen, Esther og Arne. På Digitalt museum, Norsk folkemuseum, Fyresdal, er der ein album med ei lang rekke bilete frå livet i prestegarden og frå Lunden teke av Jon Laurits Q. sjølv meiner ein.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Vest-Telemark
 
Andre artiklar