Forside:Hallingdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
DISTRIKT: Eiker • Hallingdal • Numedal • Ringerike
KOMMUNE: Flå • Gol • Hemsedal • Hol • Nesbyen • Ål

Om Hallingdal
"Dragt fra Naes i Hallingdal og fra Flaae ditto".

Hallingdal er eit dalføre i Buskerud. V-dalen følgjer for det meste Hallingdalsvassdraget. Som distrikt omfattar Hallingdal kommunane Flå, Nesbyen, Gol, Hemsedal, Ål og Hol. Historisk var dette området Hallingdalens futedøme, og det er no rettsområde for Hallingdal tingrett.

Den nordvestlege delen av Hallingdal har hatt sterk tilknyting til Vestlandet, medan dei sentrale og sørlege delene har vore knytte til Austlandet og spesielt til Ringerike. Da Bergensbanen opna, vart heile dalen i sterkare grad knytt til Austlandet.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Gunhild Larsgard, ugift, stelte heime, tenestjente, storprodusent av brunost, kvitost og smør, dronning i eige rike: Randen gard i Hovet/Hallingdal på 950 moh., 7 km til nemmaste granne.
Foto: Joronn Sagen Engen
(faksimile fra Fremtiden 31. januar 1981)

Gunhild Larsgard (fødd 3. august 1909 i fjellbygda Hovet i Hol kommune i Hallingdal, død 29. september 1993 i bygda Hol, Hol kommune) var tenestjente, budeie, og dronning i eige rike. Ho gjorde ein stor innsats under andre verdskrigen.

Foreldra var Birgit Pålsdotter og Hans Larsson Larsgard. Dei var bønder. Gunhild var nummer fire i ein syskjenflokk på seks, og den yngste av tre jenter. I 1915 flytta ho, seks år gamal, med familien til fjellgarden Randen som låg kring sju kilometer frå Hovet. Ho gjekk på skule i Nord-Hovet. Storesystrene etablerte seg utanfor bygda. Mor hennar døydde i 1941, far følgde etter i 1949. Ein bror drukna i 1947. Den yngste broren sette seg ned i Hovet. Det vart eldste bror hennar, Pål, som held fram som bonde på Randen. Saman lyfta Gunhild og Pål arven etter far og mor, men utan brorfamilien i bygda vore det ikkje mogleg drifte garden. I 1986 flytta dei til bygdars att, for godt. Den siste tida budde Gunhild  på aldersheimen i grannebygda Hol, der ho døydde 29. september 1993.

Kven var Gunhild Larsgard? Kva kjenneteikna tida ho levde i? Korleis var dagane organiserte på ein liten fjellgard, 950 moh., i øvre Hallingdal, på 1900-talet? Bygdebokforfattaren Lars Reinton gir oss i kortform eit svar: «Kvinne, ugift, steller for Pål heime». Ho var kjent for sin gode brunost, og for innsatsen under krigen.

Ser ein nærare etter finn ein ei uhyre produktiv kvinne, men produkta, som ost, smør og rumme ligg ikkje att i landskapet som varige merke etter lange dagar med tunge lyft og slit, slik til dømes arbeidsrøyser etter menns innsats gjer det.   Les mer …

Eiler Rosenvinge Kaurin (1828-1896)
Foto: Ukjent fotograf
Eiler Rosenvinge Kaurin (født 21. september 1828, døde 27. juli 1896) var teolog og prest i Den norske kirke. Han var sogneprest i Beiarn (1862-1868), Bud (1868-1875), Sør-Aurdal (1875-1883) og Eiker (1883-1896). Han var kjent som en kraftfull og uredd prest, samt som en ivrig friluftsmann og en kunnskapsrik jordbruksadministrator og hagedyrker.   Les mer …

Elevar på jentekurset ved den flyttbare fjellandbruksskulen hausten 1916.
Foto: Knut Tomassen Sorteberg/Hemsedal bygdearkiv
(1916)

Lien landbruksskole var landbruksskulen for fjellbygdene i Buskerud. Han låg i Torpo i Hallingdal, og vart bygd i 1922 etter eit drygt tiår med flyttbar skule i ulike hallingdals- og numedalsbygder.

Tidleg på 1900-talet var det ingen landbruksskule i Buskerud, og ungdomar frå fylket som ville ta landbrukssutdanning, måtte gjera det på skular i andre fylke. I 1910 vedtok Buskerud amtsting (fylkesting frå 1917) at ein skulle setja i gang landbruksutdanning i amtet. Det vart etablert to skular. Den eine skulle vera for flatbygdene og den andre for fjellbygdene. Skulen for flatbygdene vart lagd til Buskerud hovudgard på Modum. For fjellbygdene i Buskerud, dvs. kommunane Nore og Uvdal og Rollag i Numedal og Gol, Hemsedal, Ål og Hol i Hallingdal, vart det etablert ein flyttbar skule med korte kurs på tre månader. Det skulle haldast eigne kurs for jenter der husdyrlære, kjøkenstell og kosthald var viktige fag. Desse kursa skulle gje nyttig kunnskap for framtidige gardkoner.   Les mer …

Denne rokken er truleg produsert av Tragetonane. Fotograf: Ukjend, 1915-20. Eigar: Hol Bygdearkiv.

Mellom dei fyrste som ser ut til å ha hatt rokkemaking som hovudvirke i Hol, var Svein Nilson (1776-1836) frå søre Trageton i Kvisla. Han vart kalla "svarvaren", og garden han busette seg på (Nystølen, 44/2) fekk namnet Svarvarøyne. Andre holingar som truleg verka som rokkemakarar utover på 1800-talet, var Hermann Knutson Sveingard (f. 1825) og Tomas Torsteinson Røo (f. 1827). Reinton nemner også Herleik og sonen Ola frå søre Årset, Kvisla, i bygdesoga

.   Les mer …

Stølen Nordre Tuva i 1916. Birgit Flatåker med borna Margit, Anne, Svein, Georg og Olav.
Foto: Ukjend. Eigar: Hol bygdearkiv.
Tuva turisthytte ligg på 1186 moh. sør for Tuvenuten, Hol kommune, på den nordaustlege delen av Hardangervidda. Tuva er privateigd og har 20 senger og 20 sovesalsplassar (2015). Både sumar og vinter er ho også serveringsstad for dagsturistar. Det går bilveg heilt fram til hytta på sumarstid og nokre dagar i veka jamvel rutebuss frå Geilo. Turisthytta ligg om lag ti km frå Ustaoset stasjon.

Fram til midten av 1960-talet var det stølsdrift på nordre Tuva, som ligg litt opp i bakken for turisthytta. På eigedomen står i dag (2015) stølsbua frå 1800-talet med stall og ein grunnmur etter fjøset. Ruinar etter ei steinbu, antakeleg brukt som feleger, ligg lenger vest. I området finst også godt bevarte steingjerder kring fem tydelege teigar som ligg voll i voll. Desse har truleg vore brukte i samband med fedrift. Stølshusa og bygga som høyrer til turisthytta ligg i midtre teigen.

I 1763 kjøpte Ola Knutson (1732-1805) frå Fossgard i Ustedalen nordre Tuva. Fem år seinare fekk han bygsel på Halvorsknutplassen, som låg under Åker. Husmannsplassen vart sjøleigarbruk i 1810 og frå omkring 1819 kalla Flatåker (gnr 82, bnr 1). Tuva har sidan vore i Flatåker-gardane sitt eige.   Les mer …

Motiv frå Hemsedal, Hydnefossen.
Foto: Stig Rune Pedersen (1999).
Hemsedal er ei fjellbygd i Hallingdal i Buskerud fylke. Ho samsvarar geografisk med Hemsedal kommune, eigen kommune sidan 1897, og er den nørdste bygdi og kommunen i fylket. Senteret i bygdi er Trøim (eller Trøym), som er både kommunesenter og kyrkjestad, og som har mykje av det lokale forretningslivet. Tettstaden hadde 774 innbyggjarar i 2012. Dessutan bur det ein del folk i grendene Tuv og Ulsåk. Kyrkjeleg svarar bygdi til Hemsedal sokn, som frå gamalt av har høyrt til Nes prestegjeld, seinare Gol prestegjeld. Geografisk fell bygdi saman med mesteparten av Hemsedalen, som er ein sidedal til Hallingdalen. Hemsedalen har også ein del sidedalar, og ved Tuv deler dalen seg i Grøndalen og Mørkedalen. Her renn Grøndøla og Mørkedøla saman og dannar Hemsil. Ifylgje Store norske leksikon er det Hemsa, eit eldre namn på Hemsil, som har gjeve dalen namnet sitt - medan Sophus Bugge utleda namnet frå hemsa, hefnsa, hofn, som tyder «hamnegang». Lokalt kallast Hemsil også Åné. Ved grensa åt Gol kommune ligg Hemsil på om lag 550 meter over havet, og dette er det lågaste punktet i kommunen. Hemsedal er elles ei utprega fjellbygd, åtti prosent av arealet ligg over 900 meter over havet. Høgste punktet i kommunen er Høgeloft, på 1920 meter over havet, andre høge fjell er Raudebergnuten og Skogshorn (Skogshødn) på høvesvis 1818 og 1728 meter over havet. Hovudnæringi er jordbruket, framfor alt husdyrhald. Hovudvegen gjennom dalen er riksveg 52, som bind saman riksveg 7 (ved Gol) og europaveg 16 (ved Borlaug i Lærdal kommune).   Les mer …
 


 
Kategoriar for Hallingdal
 
Andre artiklar