Kolerakyrkjegarden på Dukaneset i Tysnes kommune. (2017)
Kolerakyrkjegarden på Dukaneset i Tysnes kommune er den eine av tre gravplassar som vart oppretta etter koleraepidemien i 1849. Dei andre gravplassane er på Jensvoll i Uggdal og Hamarhaug ved Lukksundet, som i dag høyrer til Kvinnherad kommune. I begge høve vart gravplassane, og då særleg gravplassen på Dukaneset, lagt så langt vekk frå folk og vanleg ferdsel som råd, fordi ein var redd for smittefåra og at det ein såg på som pest kunne spreia seg vidare og utvikla seg til ein omfattande epidemi. Gravplassen vart til liks med dei andre kyrkjegardane gjort ferdig og vigsla på vårparten 1849. Året etter vart gravplassen inngjerda med ein steinmur, og i 1874 vart det laga ein smijarnsport. Martinius Tysnes nemner i sin artikkel i Sunnhordland Årbok at slik inngjerding var meir i bruk på Vestlandet enn andre stader. Kolerakyrkjegarden på Dukaneset er i dag overgrodd av gras og buskar og lite vedlikehalde. Det finst ingen synlege spor etter dei ti gravene der. Les mer …
Arnoldus Koren, 85 år gammal. Etter målarstykke av Anna Nerdrum.
Arnoldus von Westen Sylow Koren (fødd i Bergen 22. juli 1764, død i Ullensvang 8. oktober 1854) var jurist, eidsvollsmann og stortingsmann. Lengste embetstenesta si hadde han som sorenskrivar i Hardanger og Voss. Han var også kjend som ein føregangsmann i landbruket, ikkje minst kva gjeld fruktdyrkinga i Hardanger.
I Riksforsamlinga på Eidsvoll var han ein konsekvent sjølvstendemann, og han vidareførde denne linja på omframstortinget hausten 1814. Av politiske motstandarar vart han framstilt nærmast som ein overivrig våsekopp, og også hans eigne vener kunne finne han meir enn nødvendig taletrengd. Dette har nok verka til å setje i skuggen Korens fortenester som politikar, embetsmann og gardbrukar. Og det har svekt ettertidas syn for hans heilskaplege samfunnsideal, prega framfor alt av moderne liberale og demokratiske haldningar. Han var kanskje den på Eidsvoll som tydelegast målbar tanken om eit konsekvent brot med det gamle samfunn, for å realisere den franske revolusjonens ideal om fridom, likskap og brorskap. Les mer …
Uggdalseidet med landhandelen til Ole Våge. Flyfoto frå 1961.
Uggdalseidet er eit bygdelag i Tysnes kommune, tidlegare kalla Opdalseidet - kommunesenter, industri- og bustadområde. Bygdesenteret Uggdalseidet har to tyngdepunkt og eit langstrakt preg. Grovt sagt ligg kommunesenteret - med offentlege bygg - i nord (på Myklestad) og bustadområdet - med næringsverksemder - i sør (på Eie). Mellom ytterpunkta er det ein avstand på nesten to km. - frå Eiavikjo til Reiso. Namnet på bygdesenteret er ein konstruksjon frå seinare tid. Men lekkjen -eidet kjem frå det daglegdagse namnet på området mellom Kyrkjevatnet og Eiavikjo, som på folkemunne vert omtala som Eie. I skriftlege kjelder vert området på Myklestadsida av elva ved fleire høve kalla Myklestadeidet, m.a. så tidleg som i 1845. Les mer …
Kong Oscars gate er ei gate i bydel Bergenhus i Bergen. Gata ble oppkalt etter Kong Oscar I i 1857, da Norge var i union med Sverige. Tidligere har denne gata vært kjent under navn som Sutarestretet (Skomakerstredet), Skredderstretet, Adelgade og Hospitalsgaden. Kong Oscars gate går fra Bryggesporen til Stadsporten, og passerer på veien bl.a. Korskirken og Bergen domkirke. Kryssende gater er Hollendergaten, Nedre Korskirkeallmenningen, Øvre Korskirkeallmenningen, Skostredet, Domkirkegaten, Lille Øvregaten, Nygaten, Mollesmauet, Danckert Krohns gate, Tverrgaten, St. Jørgens gate og Strømgaten. Les mer …
Postkort frå Onarheim, poststempla i 1908.
Onarheim er ein kyrkjestad og tidlegare adeleg setegard på øya Tysnes i Tysnes kommune, Sunnhordland. I mellomalderen heldt St. Olavsgildet til her, i dag kjend som Onarheimsgildet. Garden er kjend sidan 1100-talet, då Erling Skakke heldt tingsamling på Onarheim. På 1200-talet budde hovdingen Sigurd her. Sigurd på Onarheim var ein av dei fremste mennene i kongeriket, som lagmann på Gulatinget og rådgjevar for den unge Håkon Håkonsson. Etterkomarane hans styrte den store garden godt, med alt som fanst av arbeid, bygningar, drenger og tausar. Det vart drive både med fiske og skogshogst. Les mer …
Garden Lilleheie på Tysnes i Sunnhordland. Foto: Kopiert frå Mindernes bok, 1939. Lilleheie er ein gard i Uggdal i Tysnes kommune, Sunnhordland. Frå denne garden utvandra i 1890-åra ein heil familie til USA som skulle koma til å setja sitt preg på det norskamerikanske miljøet. På folkemunne har det vorte sagt at ingen annan einskild norsk familie har hatt ei slik innflyting på det amerikanske samfunnet som nett Lilleheie-folket. Av dei sju sønene som kom til Amerika, utan andre kunnskapar enn det vesle dei hadde fått med seg frå ein landsens bygdeskule, vart fleire akademikarar og forfattarar, innan fag som medisin, språk, filosofi og teologi. Frå desse har det gått ut fleire generasjonar vitskapsfolk, akademikarar og prestar - mellom dei dr. C. Walton Lillehei, som var den første kirurgen i verda som utførte ein open hjarteoperasjon. Les mer …
|