Forside:Hallingdal: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
mIngen redigeringsforklaring
 
Linje 1: Linje 1:
{{Distriktsmal_new|
{{Distriktsmal
|Flertall(er/ar)      = ar
|Flertall(er/ar)      = ar
}}
}}

Nåværende revisjon fra 29. apr. 2010 kl. 23:03

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
DISTRIKT: Eiker • Hallingdal • Numedal • Ringerike
KOMMUNE: Flå • Gol • Hemsedal • Hol • Nesbyen • Ål

Om Hallingdal
"Dragt fra Naes i Hallingdal og fra Flaae ditto".

Hallingdal er eit dalføre i Buskerud. V-dalen følgjer for det meste Hallingdalsvassdraget. Som distrikt omfattar Hallingdal kommunane Flå, Nesbyen, Gol, Hemsedal, Ål og Hol. Historisk var dette området Hallingdalens futedøme, og det er no rettsområde for Hallingdal tingrett.

Den nordvestlege delen av Hallingdal har hatt sterk tilknyting til Vestlandet, medan dei sentrale og sørlege delene har vore knytte til Austlandet og spesielt til Ringerike. Da Bergensbanen opna, vart heile dalen i sterkare grad knytt til Austlandet.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Gunhild Larsgard, ugift, stelte heime, tenestjente, storprodusent av brunost, kvitost og smør, dronning i eige rike: Randen gard i Hovet/Hallingdal på 950 moh., 7 km til nemmaste granne. 1981.
Foto: Joronn Sagen Engen
(1981)
Gunhild Larsgard (fødd 3. august 1909 i fjellbygda Hovet i Hol kommune i Hallingdal, død 29. september 1993 i bygda Hol, Hol kommune) var tenestjente, budeie, og dronning i eige rike. Ho gjorde ein stor innsats under andre verdskrigen.Ser ein nærare etter finn ein ei uhyre produktiv kvinne, men produkta, som ost, smør og rumme ligg ikkje att i landskapet som varige merke etter lange dagar med tunge lyft og slit, slik til dømes arbeidsrøyser etter menns innsats gjer det.   Les mer …

Studentene fra 1902
Foto: 1927

Guttorm Narum (født 17. juni 1881 i Gol, død 5. desember 1929) var ordfører i to kommuner, Vadsø og Odda, og seinere rådmann i Bodø og Bærum.

Han var sønn av gårdbrukerparet Ole Narum (1838–) og Margit f. Christensen (1847–1917). Etter Tønders middelskolekursus og middelskole-eksamen ved St. Hanshaugens skole i 1900 ble det høyere skolegang samme sted, til han tok eksamen artium ved Otto Anderssens skole i 1902. Han var huslærer på Helgøya før han begynte på universitetet, hvor han var ferdig cand.jur. i 1908. Han gjorde seg lite bemerket i livet rundt studiene, fortalte han selv.   Les mer …

Stølsområde ved Ruken på Ustaoset, Hol kommune.
Foto: Lars K. Ødegaard/Hol bygdearkiv
Lars Kristianson Ødegaard (Øygarde) (fødd 17. november 1877, død 5. april 1933) var lærar og fotograf. Han vaks opp på nordre Øygarden i Lien, aust for Geilo, Hol, som femtemann i ein syskjenflokk på åtte. Foreldra, Kristian Tolleivson (1828-1912) frå nordre Sveinhaug og Barbro Eilivsdotter (1843-1919) frå Bryplassen (Dagali), var gardbrukarar. Lærarutdanninga tok han ved Elverum friseminar, der han er oppført som elev i 1900. Før han var ferdigutdanna, virka Lars som lærar ved Skurdalen skule mellom 1897 og 1899. Etter lærarskulen flytta han i 1902 til Nes, der han fyrst arbeidde ved Dokken skule og seinare ved Skåterudmoen.   Les mer …

Olav Reinton foreviga kvardagslivet i bygda. Denne vesle pjokken i velbruka brok er Ingvald Slettemoen kring 1911.
Foto: Olav Reinton. Kjelde: Bilete frå Hol, 1993.
Olav Reinton på orgelkrakken, kring 1910-12. Hol bygdearkiv eig biletet.

Olav Reinton (født 31. januar 1886, død 17. september 1916) var heradskasserar i Hol kommune. Han verka også som organist og fotograf.

Reinton vaks opp på klokkargarden Solvang (19/8) i Holet, Hol kommune, og var son av lærar og klokkar Sigurd Olson Reinton og Ågot, født Tolleivsdotter Skattebøl frå Ål. Han var eldst i ein syskjenflokk på tolv (to døydde rett etter fødselen), og blant syskjena var Sigurd og Lars Reinton. Reinton døydde av tuberkulose berre 30 år gamal.

Kring 1907 byrja Reinton å fotografere, og det heldt han fram med til han vart sjuk kring 1914. Reinton reiste mykje rundt og dokumenterte både kvardagsliv og høgtid i bygda. I tillegg tok han portrett og landskapsbilete og utga også prospektkort. Mange av fotografia er samla i boka Bilete fra Hol [1] Dei to siste åra han levde var det syskjena som reiste ut for å ta bilete. Det finst kring 900 glassplater etter Reinton, som Hol kommune har fått i gåve frå syskjena. Reinton førte også protokollar med notat for kvart bilete, som også er bevarte.   Les mer …

Faksimile fra Aftenposten 3. juni 1976: utsnitt av nekrolog over Hjalmar Andreas Mjelstad.
Hjalmar Andreas Mjelstad (født 27. juli 1895 i Skånevik i Etne kommune, død 28. mai 1976) var sivilingeniør. Gjennom hele yrkeskarrieren arbeidet han med elektrisitetsforsyning og kraftutbygging, lengst var han ved Oslo Lysverker, der han blant annet var kraftutbyggingssjef. Hjalmar Mjelstad var sønn av brukseier Berge Mjelstad (f. 1860) og Martha f. Hillesdal (f. 1862), og ble gift i 1932 med Ingeborg Vinje Ludvigsen (1903-1993).   Les mer …

Denne rokken er truleg produsert av Tragetonane. Fotograf: Ukjend, 1915-20. Eigar: Hol Bygdearkiv.

Mellom dei fyrste som ser ut til å ha hatt rokkemaking som hovudvirke i Hol, var Svein Nilson (1776-1836) frå søre Trageton i Kvisla. Han vart kalla "svarvaren", og garden han busette seg på (Nystølen, 44/2) fekk namnet Svarvarøyne. Andre holingar som truleg verka som rokkemakarar utover på 1800-talet, var Hermann Knutson Sveingard (f. 1825) og Tomas Torsteinson Røo (f. 1827). Reinton nemner også Herleik og sonen Ola frå søre Årset, Kvisla, i bygdesoga

.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Hallingdal
 
Andre artiklar
  1. Alsvik, 1993.