Forside:Nordmøre

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. nov. 2010 kl. 13:46 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: HustadvikaSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalSmølaAureHeimRindal

Om Nordmøre
Kart over Midt-Noreg med det noverande Nordmøre markert i grønt.

Nordmør (eldre namneform) eller Nordmøre (den vanlegaste namneforma i dag) er eit historisk landskap og ein region i Midt-Noreg. I nyare tid blir Nordmøre vanlegvis definert som dei noverande kommunane Aure, Averøy, Eide, Gjemnes, Kristiansund, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll i Møre og Romsdal samt Rindal og delar av Heim i Trøndelag.

Historisk sett har Nordmøre lege under Frostating lagdømme (til dags dato) og Nidaros bispedømme (til Møre bispedømme vart oppretta i 1982). Frå 1500-talet til i dag har Nordmøre sortert under Trondheims len (til 1662), Trondhjems stiftsamt (til amtssystemet vart avvikla først på 1900-talet. Lokalt har Nordmøre vore eige futedømme (fogderi), og frå 1662 av har landskapet sortert under Romsdals amt, som frå 1689 av har inkludert Sunnmøre òg. Frå 1919 av har nordmørskommunane utgjort dei nordaustlegaste 40 % av Møre fylke, no Møre og Romsdal fylke. Av desse gikk Rindal kommune over til Trøndelag den 1. januar 2019.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Utsyn over Nerskogen frå Skaret i Oppdal i 2010.

Nerskogen er i dag namnet på ei grend som ligg både i Rennebu kommune og Oppdal kommune. Frå Oppdalssida vart området elles kalla Skardalen, etter som ferdsla frå den sida gjekk opp frå Vognild, forbi Skarvatnet og over Skaret.


Nerskogen var inn til etter andre verdskrigen hovudsakleg eit rikt utmarksområde der gardane i Rennebu og Oppdal hadde setrar, dreiv markaslått og henta ved og tømmer heim til bygdene. Det har òg vore drive tjørebrenning i omfattande grad i området. Ein kan framleis sjå rester etter tjøremiler i myrer over heile Nerskogen, sjølv om den verksemda nok ikkje vart drive her etter 1890-åra.   Les mer …

Ola Stemshaug (født 20. januar 1936 i Stemshaug, død 27. august 2013 i Trondheim) var språkforsker. Stemshaug ble cand.philol. i 1965 med fagkretsen norsk og nordisk språk, historie og geografi. Han var førsteamanuensis ved Norges Teknisk Naturvitenskapelige Universitet i Trondheim og statens navnekonsulent for Midt-Norge. Han var gift med Marit Stemshaug. Navnegransking var ett av spesialfelta til Stemshaug. Han er særlig kjent for verka Namn i Noreg, Norsk personnnamnleksikon og Norsk stadnamnleksikon, det siste redigert sammen med Jørn Sandnes. Norske innbyggjarnemningar i overført tyding (2002) handler om hvordan innbyggernavn som rørosing og setesdøl stundom får en ekstra betydning.   Les mer …

Kjerkjesteinen ved Solskjel.
Foto: Olve Utne
Kjerkjesteinen (uttale /"çerʰçestɛ:’n/ (nominativ/akkusativ), /"çerʰçestɛ:na/ (dativ)) er ein stor stein som ligg 90 meter nordom tunet på Solskjel, ved sørenden av ei opa slette, på Solskjelsøya i Aure kommuneNordmøre. Tradisjonen seier at det var brukeleg å kvile der og skifte om til kyrkjeklede på veg ut mot Hamna (620 meter nordafor), der dei gikk ombord i båtane og tok seg over Edøyfjorden, ei fjordkryssing på 2,68 nautiske mil (4,96 km), til Edøykyrkja i eldre tid. I nyare tid har vestenden av steinen vorte bortsprengt for å gje meir plass til vegen, men størsteparten står enda på plass.   Les mer …

Inni Den hellige Birgittas kapell.
Foto: Olve Utne
Den hellige Birgittas kapell er eit katolsk kapell vigd til St. Birgitta av Vadstena i JørenvågenTustna i Aure kommuneNordmøre. Kapellet, som er tilknytt Villa Humaniora / LS Holst–NK Larsens Bureau og ligg under St. Eystein meinigheit i Kristiansund, er lafta og vart innvigd av pater Alexandre Semajangwe Polepole den 4. juli 2007. Det er berre plass til kring tolv stolar inne, men etter inspirasjon frå det litle St. Georgskapellet i Neiden er det lagt opp til bruk av området utafor kapelldøra òg.   Les mer …

Satellittbilde av Edøyfjorden frå juli 2004. Edøya er den smale øya litt ovom midten av bildet. På andre sida av fjorden, rett sør for Edøya, ser vi øya Solskjel, og kring Solskjel att ymse andre øyar i noverande Aure kommune.
Foto: NASA
Edøya er ei 7,5 km² stor øy i Smøla kommuneNordmøre. Det ligg to matrikkelgardar på øya, Edøy (gnr. 13) og Kyrhaug (gnr. 12). Edøya, som ligg strategisk til ved inngangen til Trondheimsleia (tidlegare kalla Skeida), var stormannssete i mellomalderen og gav namn til det sørlege halvfylket av det gamle Norðmǿrafylki, etterkvart kjent som Edøy len. Edøy len vart vidareført i Nordmørs futedømme, som i sin tur i hovudtrekk svarar til dei elleve nordmørskommunane i vår tid. Øya er blant anna kjent for Edøy gamle kyrkje, ei steinkyrkje som vart bygd kring 1190 — opprinneleg truleg som gardskapell. I nyare tid har øya gjeve namn til Edøy prestegjeld, som vart utskilt frå Aure prestegjeld i 1749, og Edøy formannsskapsdistrikt.   Les mer …

Innsida av eit typisk avlettjønn frå Skjåk. Merk rutemønsteret, som er så karakteristisk for avlett- eller jønnbrødjønn i nyare tid.
Foto: Hans P. Hosar
Jønnbrød eller avlettor, òg kalla tynnbakels nokre stader, er ein type tynne og sprøe kaker laga av ei røre av vatn, fløyte/rømme og mjøl og blir i våre dagar ofte steikte i krumkakejarn — eller nokre stader i litt tjukkare utgåve i gorojarn. I tidlegare tider vart jønnbrøda steikte i grua, så dei riktig gamle jønnbrødjønna (avlettjarna, tynnbakelsjarna) har oftast svært lange skaft. I nyare tid har jønnbrødjønna vorte tilpassa kjøkenkomfyren, så dei nyare jarna ser ut på lag som vanlege krumkakejarn eller vaffeljarn utvendig.   Les mer …
 
 
Kategoriar for Nordmøre
 
Andre artiklar