Ein typisk Olaviuskniv Foto: Narve F. Birkeland
Olavius Nilsen født 19. januar 1860, død 5. september 1927, kom til Volda frå Hatlelid, Førde i Sunnfjord, og markerte seg som ein knivmakar utanom det vanlege. Han kom ved århundreskiftet 1800/1900, der han sette opp eit hus ved elva, eit stykke frå annan busetnad. Som betaling for tomta gjorde han ein del arbeid på garden som eigde området. Elles livnærde han seg med ein del jakt og fiske. Men mest med å vere knivmakar. Les mer …
Flaggpryda «Arne Longva» vert her sjøsett. Etter sjøsetting skal båten ligge ved kaia å få om bord barlasten. Då vert også dei siste tinga ordna, og båten skal prøvekøyrast.
MB «Arne Longva» M-25-S. Kjennesignal: LDNX. L/L Vik Båtbyggeri i Høydalen bygde denne båten i 1955 for Leiv Longva, Gjerdsvika. Seinare fekk båten namnet «Straumingen». Båten er nærast kopi av «Nybør» som var bygd året før. Skilnaden ligg stort sett i litt slakkare akterende, altså ikkje fullt så rund som «Nybør». Med det skulle han sleppe sjøen lettare, og var også enklare å «hude». Trematerialene til «Arne Longva» kom frå Bjørkedalen i Volda kommune. På den tid var det ikkje veg til Høydalen, det var biltransport frå Bjørkedalen til Straumshamn. Der vart det lasta om bord på båt for frakt til Høydalen. «Arne Longva» vart ferdig og levert i slutten av desember i 1955. Les mer …
Utsyn over Austefjorden. Ulykka skjedde der fjorden svingar mot venstre og knip seg saman omtrent midt i bildet.
12. juni 1878 drukna 11 ungdomar frå Volda og Ørsta på veg heim frå bryllaup i Follabygda i Austefjorden. Ungdomane, ti frå Åmdalen i Ørsta, ein frå Halse og ei frå Ervika i Hjartåbygda hadde vore i bryllupet til Jon Ivarsson frå Dalskaret som gifta 10. juni seg med Anne Marte Jonsd. frå Rasmusgarden på Løfolla. I stykket i Voldaminne 1987 er namna og tilknytinga til heimar i Ørsta og Volda gjeve opp. Der er og den spesielle sokningsteknikken Hans H. Geitvik (1856-1934) nytta for å finne att dei omkomne skildra i detalj av han sjølv. Les mer …
Her har Dyrhaug fått fiskerinummeret måla på, og går ei runde utanfor båtbyggeriet MB «Dyrhaug» (M-470-HØ / M-77-HØ) var bygd som kryssar, og er det største nybygget ved L/L Vik Båtbyggeri. Det vart rekna med at båten var 70 fot, men i fiskeriregisteret står båten med 68,3 fot. Båten vart levert på vårparten 1957. I fiskeriregisteret har båten, M-470-HØ. På baugen var påmåla M-77-HØ. Eigaren hadde rekna med å få bruke oppatt fiskerinummeret frå gamlebåten, men det vart ikkje slik det var tenkt. Sjå også spesifikasjonar i båtlista for Vik. Då båten vart sjøsett som ferdig båt, fekk skuleborna i Høydalen fri. Dei var om bord under sjøsettinga. Båten vart brukt til linefiske, og sildegarn på vinteren. Så vart båten vekkleigd til Måløyveringar som dreiv pigghåfiske. Eigaren var med som mannskap. På vårparten 1959 gjekk dei i fjøra sør om Shetland. Der havarerte båten, men mannskapet berga seg i det dei gjekk og stod i. Den største og kraftigaste båten fekk altså eit kort liv på sjøen. Les mer …
|