Jakob Liv Rosted Sverdrup ( Jakob Sverdrup) (fødd 27. mars 1845 i Kristiania, død 11. juni 1899 i Østre Aker) var teolog, folkehøgskulestyrar og ein av dei mest sentrale og omstridde norske politikarane sist på 1800-talet. I januar 1871 opna han Sogndals folkehøiskole. Han hadde vore på studiereise til danske folkehøgskular i 1869, men stilte seg kritisk til dei grundgvigianske ideane. Medan dei andre folkehøgskulane på same tida var grundtvigianske, hadde Sverdrups folkehøgskule eit pietistisk og antigrundtvigiansk grunnlag. Han var styrar ved folkehøgskulen til 1878, men overlet frå 1875 frå seg meir og meir av drifta til Henrik Mohn Dahl som han hadde fått inn som lærar i 1874. Les mer …
Jakob Bøthun. Foto: Faksimile frå Nesse (1966): Sogn lærarlag. Jakob Bøthun (fødd 28. januar 1851, død 24. mars 1931) frå Fresvik i Leikanger (no Vik kommune) var lærar, målmann og politikar. Bøthun fekk ein framståande posisjon i styre og stell i Leikanger kommune. Han var medlem og formann i skulestyret i mange år, og han var ordførar i Leikanger 1885-1902. Les mer …
Olav Sande (fødd 26. juni 1850 i Kyrkjebø, død 23. august 1927 i Bergen) var lærar, folkeminnsesamlar, tonediktar og målmann. Sande vart tidleg engasjert i målsaka og var med i Målvinarlaget ved Stord seminar. I Sogn og Fjordane vart han ein av pionérane for målsaka. Han tok opp spørsmålet alt i 1872 på eit lærarmøte i Sogndal. I 1880 heldt han føredrag om målsaka på eit prostilærarmøte på Skjolden i Luster, eit møte som ofte vert framheva som eit vendepunkt for målreisinga i Sogn. Les mer …
|