Lærar og ordfører Nils Lyslo Foto: Norske skulefolk, 1952 Nils Lyslo var fødd på Lyslo (gardsnr. 48, bruknr. 7) i Innvik i Nordfjord 30. januar 1900, og døydde på Bru i Sunnfjord 10. desember 1959. Han gjekk Volda lærarskule og var frå 1922 lærar i Åseral, før han drog til Lærdal og vart verande der til 1947. Han var ordførar i Borgund i 12 år og hadde fleire andre verv.
Frå 1948 til 1951 var han lærar i Lesja, der han òg var aktiv i Lesjaskog Arbeiderlag og leiar for Bjorli skilag eitt år. Han var òg aktiv i Lesjaskog skyttarlag og fortalde til Norges skyttere i ord og bilder. Østre del i 1953 at han begynte som skyttar i 1916 fordi han fekk delta i premieskyting med salonggevær på skulen. Les mer …
Rosekyrkja i Stordal Foto: Kristian Almås/Fortidsminneforeningen Webjørn Maler, eller Webjørn Olsen Hamersbøen, var ein av dei markerte rosemalarane i Hallingdal i si tid. Webjørn var fødd i 1766 i Hol. Det var mange framståande rosemalarar i Hallingdal i hans samtid. Webjørn flytte derfor tidleg ut, til Vestlandet, der det var lettare å finne arbeid enn i heimetraktene. Her blei han etter kvart ein ettertrakta kyrkjemalar, kjend som Webjørn Malar eller Webjørn Halling. Etter ei tid slo han seg ned i Loen i Nordfjord, der han gifte seg og skaffa seg gard. Les mer …
Henrik Mohn Dahl (fødd 8. januar 1844 i Bergen, død 19. juni 1909) var teolog, folkehøgskulestyrar i Sogndal og politikar. Framfor nokon var det Dahl som gjorde Sogndal folkehøgskule til eit kulturelt og politisk sentrum i Sogn dei siste tiåra på 1800-talet. Som Sverdrup sokna Dahl til den lågkyrkjelege vestlandsfløya i Venstre som skipa Moderate Venstre i 1888. Han vart vararepresentant til Stortinget i 1882 og møtte våren 1885. I 1888 vart han vald til representant og møtte 1889-91. I Sogndal var han ordførar 1886-1893. I 1893 skilde han lag med Moderate Venstre, men då var han òg ute av politikken. Den 17. mai 1914 reiste Sogn høgskulelag ein minnestein over Henrik og Mette Dahl på folkehøgskulen. Les mer …
Flofjellsvegen ved Nedstevatnet i Sunnylvsbygda Flofjellsvegen er ein gamal ferdsleveg over fjellet mellom Sunnylvsbygda i Stranda kommune og grenda Flo i Stryn kommune. Allereie Hans Strøm omtalar vegen i skildringa si av Sunnmøre frå 1764-66. Dei øvste gardane på Sunnylvssida, Brekke og Vollset, høyrde faktisk til Oppstryn sokn fram til 1848. Dei laut da krysse Flofjellet for å kome til kyrkje og utføre offentlege ærend.
Overgangen passerer tre vatn. Rekna frå Sunnylvssida er det Nedstevatnet, Stegholvatnet der kommune- og fylkesgrensa delar vatnet i to og Ångelsvatnet. Det er elles Stegholsvatnet som har vore problematisk for ferdsla; der er det høge hamrar rett i vatnet på båe sider. Det måtte ofte brukast båt for å kome forbi her. Les mer …
|