Ved Storhøhalsen på fjellet ovanfor Lesjaskog finst eit tydeleg fangstanlegg for villrein.
Storhøhalsen er ei brei skrånande li ovanfor skoggrensa, nedanfor Storhøe (1868 m.o.h.). På ei litt flatare terasse ca. 300 m nedanfor høgste punktet går det ein tydeleg sti etter reinstrekket, og erfaringar frå eldre jaktperiodar er at reinen ofte trakk her, noko som må ha freista dei gamle fangstfolka til å bygge eit fangstanlegg.
Anlegget er kartlagt av Øystein Mølmen (1979 og 1986). Han påviste fire fangstgroper her, to ved sidan av kvarandre of kopla saman med ledegjerde, og to enkeltgroper.
Les mer …
Satellittbilde av storparten av Nordmøre og Sør-Fosen med «finn»-namn markert.
Det finst fleire stadnamn på «finn-» i Romsdal, på Nordmøre og i Sør-Fosen. Finn-namna har i alle fall fire etablerte hovudetymologiar: (1) Dei kan vise til ei landskapsform; (2) dei kan vise til ymse spesifikke typar vegetasjon; (3) dei kan vise til dei norrøne mannsnamna Finnr og Finni; og (4) dei kan vise til folkenamnet finn. Olav Rygh sett generelt slike namn i samband med dei lite bruka norrøne mannsnamna Finnr og Finni, men i seinare tid har det vorte vanligare å sjå ein del av desse namna i samband med samisk nærvere. Det siste er særlig tydelig i namn som «Finnhøtthaugen», der «finnhøtt-» viser til kåter eller gammar. Les mer …
Ei runebomme eller trolltromme er eit samisk musikkinstrument bruka i samband med sjamanisme og til akkompagnement av joik. Runebomma blir halden med eine handa og består av eit dekorert reinskinn spent på ei ramme. Noaiden, den samiske sjamanen, slår på runebomma med ein karakteristisk T-forma hammar av reinhorn, og ein «visar» forma som ein ring, ein trekant eller ein frosk ligg på skinnet og legg seg til på eitt av symbola etter kvart. På samiske språk finst det ulike namn på tromma: Gievrie er det sørsamiske ordet. På pitesamisk heiter tromma gåbdes, på lulesamisk goabdes og på nordsamisk heiter ho anten goavddis/ goabdis eller meavresgárri. Det skoltesamiske namnet er kyömdes. Les mer …
|