Forside:Smøla kommune: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring

Sideversjonen fra 17. mai 2010 kl. 00:59

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: HustadvikaSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalSmølaAureHeimRindal

Om Smøla kommune
1573 Smola komm.png
Smøla er ei øy og ein kommune på Nordmøre og den aller nordlegaste kommunen i Møre og Romsdal fylke. Kommunen grensar til Hitra i Trøndelag fylke over Ramsøyfjorden i aust og til Aure kommune over Edøyfjorden i sør. I vest, vestom Griphølen, ligg fiskeværet Grip i Kristiansund kommune, og sjølve Kristiansund ligg på andre sida av Talgsjøen i sørvest. Personar frå Smøla blir kalla smølværingar eller smølaværingar. Kommunen består av ei stor øy (Smøla, stundom kalla Fastsmøla), nokre mellomstore øyar (Jøa, Rossvolløya, Kuli og Edøya) og over 5000 mindre øyar, holmar og skjer, noko som gjer at kommunen har heile ⅓ av den totale kystlina i fylket.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Finvêr på Edøyfjorden. Vi ser sjølve Edøy-garden og Edøykyrkja i bakgrunnen.
Foto: Olve Utne
Edøyfjorden er den yttaste delen av Trondheimsleia og ligg mellom Solværet, Kuli og Edøya utom leia og Tustna, Solskjel, Ertvågsøya og Grisvågøya innom leia. Edøyfjorden utgjer den «sørlege» (eigentleg vestlege) inngangen til den hovudsakleg innaskjers Trondheimsleia frå Griphølen og Talgsjøen. Vidare «nordover» (eigentleg austover) dannar den inste delen av Ramsøyfjorden mellom Smøla og Hitra overgangen til den delen av leia som berre blir kalla Trondheimsleia. Edøyfjorden har vore strategisk viktig i alle fall frå vikingtida av. Vi kan som eksempel nemne slaga ved Solskjel kring 900; slaget ved Solskjel i 1206; Edøya som lenssete på 1300-talet; trefninga i Hammarsunda 9. april 1537; dei tyske forsvarsstillingane frå andre verdskrigen ved Edøy gamle kyrkje; og Shetland-Larsen si minelegging av Edøyfjorden med MK «Nordsjøen» i 1941.   Les mer …

Edøy gamle kyrkje (bygd kring 1190) var hovudkyrkja for Edøy prestegjeld fram 1885, da Edøy nye kyrkjeStraumen vart innvigd.
Foto: Olve Utne
Edøy prestegjeld vart utskilt frå Aure prestegjeld i 1749. Fram til 1874 omfatta gjeldet den noverande Smøla kommune, og i tillegg øyane Golmøya, Tustna, Solskjelsøya og Stabblandet, så vel som vestsida av Ertvågsøya og nokre gardar innanfor Vinjefjorden. Ved opprettinga av Tusterens Herred i 1874 vart den delen av gjeldet som låg innanfor Edøyfjorden lagt til Halsa prestegjeld, og frå den tid har Edøy prestegjeld svara til den noverande Smøla kommune.   Les mer …

Tyrhaug fyrstasjon på Ringholmen ved Kyrhaug.
Foto: Olve Utne
Kyrhaug (trad. uttale /"cørʌu/ (Edøya) el. /"çy:rʌu/ (Tustna), ofte skrive Tyrhaug, er ein matrikkelgard og ei grend på Edøya i Smøla kommuneNordmør. Den mest pålitelige skrivemåten vi kjenner til i eldre skrifter er Kyrhofuit/Kirhofuit, som vi finn i P. Claussøn Friis (15451614) sine skrifter; namnet er eigentlig Kyrhau (Kyrhovud), av norrønt *Kýrhǫfuð (‘kuhovud’). Skrivemåten med t-, som finst belagt frå sist på 1500-talet og framover, kjem av at namnet har vorte tolka som tyr + haug: Tørhogh (1590), Thiurhoug (1643), Tyrhoug (1667).   Les mer …

Kyrkja sett frå nordaust.
Foto: Olve Utne
Edøy gamle kyrkje, tradisjonelt kalla Edøykjerkjå (dativ Edøykjerkjonn) på folkemunne, er ei steinkyrkje frå tida kring 1190 som ligg på Edøya i Smøla kommune på Nordmøre. Eit skriv frå 1695 nemner at kyrkja vart lengd med sju alen. Kyrkja vart nedlagt i 1885, og ho brann etter eit lynnedslag den 14. januar 1887. Frå 1947 vart kyrkja oppattbygd med 120 sitteplassar, og ho vart atterinnvigd den 4. juni 1950. Kunsten i kyrkja inkluderer eit krusifiks av Oscar Lynum og treskurden «Det brukne kors» av Daniel Hagerup. I samband med 900-årsjubiléet i 1990 vart kyrkja nyoppussa og det vart sett inn nytt orgel bygd av Mike Zuber der i 1991.   Les mer …

Satellittbilde av Edøyfjorden frå juli 2004. Edøya er den smale øya litt ovom midten av bildet. På andre sida av fjorden, rett sør for Edøya, ser vi øya Solskjel, og kring Solskjel att ymse andre øyar i noverande Aure kommune.
Foto: NASA
Edøya er ei 7,5 km² stor øy i Smøla kommuneNordmøre. Det ligg to matrikkelgardar på øya, Edøy (gnr. 13) og Kyrhaug (gnr. 12). Edøya, som ligg strategisk til ved inngangen til Trondheimsleia (tidlegare kalla Skeida), var stormannssete i mellomalderen og gav namn til det sørlege halvfylket av det gamle Norðmǿrafylki, etterkvart kjent som Edøy len. Edøy len vart vidareført i Nordmørs futedømme, som i sin tur i hovudtrekk svarar til dei elleve nordmørskommunane i vår tid. Øya er blant anna kjent for Edøy gamle kyrkje, ei steinkyrkje som vart bygd kring 1190 — opprinneleg truleg som gardskapell. I nyare tid har øya gjeve namn til Edøy prestegjeld, som vart utskilt frå Aure prestegjeld i 1749, og Edøy formannsskapsdistrikt.   Les mer …

Hans Grøn Bull: «Et og Andet om Edøe-Præstegjeld paa Nordmøer»

Edøe-Præstegjeld, som ogsaa kaldes Smølens Kald, adskilles fra Hitterens Præstegjeld i Fosens Fogderie paa den nordøstre Kant ved Ramsøe-Fjord, en bred Arm af Havet, og paa den vestre fra Øen Grib ved den vide Havaabning Gribhølen, samt fra Qvernæss ved den 1/2 Miil brede Talg-Søe, som gaaer imellem Øen Tustern og Nordlandsøen samt den lille Øe Skorpen i Dalesundet ved Christiansund, paa den østre og søndre fra Oure og Stangvig; imod Nord er Havet. Dette Kald har fordum ligget under Oure da dets Annexer Odden, Bratvær og Veien bleve betjente af en residerende Capellan, som boede i Bratvær-Sogn, for en ring Løn af Sognerpræsten paa Oure, og denne betjente Oure- og Edøe-Kirker; Veien imellem disse to Kirker er haard og henved 2 Mile lang.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Smøla kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar