Forside:Jødisk historie og kultur

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Forside:Jødedom»)
Hopp til navigering Hopp til søk

RELIGION OG LIVSSYN
buddhisme • folketru • hinduisme • islam • jødedom • kristendom • samisk religion •
URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
samisk • skogfinsk • kvensk • rom • romani • jødisk

Om Jødisk historie og kultur
I St. Jørgensveita 7 i Trondheim låg den første synagogen i byen — eit midtpunkt for jødane i Midt-Noreg frå slutten av 1800-talet.
Foto: ukjent

Jødar (nynorsk) eller jøder (bokmål/dansk) er ei folkegruppe av hovudsakleg semittisk opphav som tradisjonelt praktiserer religionen jødedom med sine variantar. I Nord-Europa er har det tradisjonelt vore to hovudgrupper av jødar — portugisarjødar, som er den vest- og nordeuropeiske undergruppa av sefardím, og høgtyske jødar, som det same som asjkenazím. Jødar har vore nemnt i offisielle dokument i Noreg sidan 1400-talet, og vi veit om jødar som har hatt varierande tilknyting til Danmark-Noreg sidan tida kring 1600. Fram til 1814 var hovudregelen at høgtyske jødar hadde generelt innreiseforbod, medan portugisarjødar hadde lov til å reise til og i Danmark-Noreg og livnære seg med eller utan leidebrev i nokre periodar. Frå 1814 til 1844 var det totalforbod mot jødar i Noreg, og dei fleste jødane i Noreg i dag ættar frå jødar som kom inn etter 1851. Jødane er ein av dei nasjonale minoritetane i både Noreg og Sverige.   Les mer ...

 
Smakebiter
Dei første taktene av Ungarisch : Skizze, eit av dei mest populære pianostykka av Mathilde Berendsen Nathan.
Mathilde Berendsen Nathan (f. 10. juni 1857 i København, d. 22. februar 1926 i Italia) var ein pianist og klaverkomponist av dansk-jødisk bakgrunn. Ho var gift med grosserar John Nathan og dei budde i Kristiania frå 1884 og fram til noko etter 1916. Mathilde Berendsen Nathan var blant dei meir populære norske komponistane i tida kring 1900. Ho skreiv i seinromantisk stil med eit pianoteknisk til tider virtuost preg, men samtidig med vekt på det sangbare og med ein del pedagogisk orienterte stykke.   Les mer …

Gerson og sonen Samuel under slåttonna sommaren 1939.
Foto: ukjent
Gerson Karpol (f. 27. januar 1865 i noverande Litauen; d. 1947), òg skrive Gerson Karpel og Gernos Karpol, var ein litauisk-fødd, jødisk handelsmann og gardbrukar som kom til Norge i 1890-åra og er nemnt i Den israelitiske menigheds protokoll i 1897. Under anleggstida til Raumabanen frå 1913 av dreiv Gerson ein butikk i Verma øvst i Romsdalen. Frå 1918 til andre verdskrigen dreiv han og familien eit gardsbruk på Harpefoss i Sør-Fron kommune i Gudbrandsdalen. Gerson og kona Jette overlevde krigen, men tre av borna deira vart deporterte og drepne av nazistane vinteren 1942/43. Gerson og Jette døydde i 1947 og vart gravlagde på Helsfyr gravlund i Oslo.   Les mer …

Halász Ignácz.
Foto:  ukjent, seinast 1901

Halász Ignácz eller Ignaz Fischer (f. 26. mai 1855 i Tés i Ungarn, d. 9. april 1901 i Budapest) var ein ungarsk-jødisk filolog som i Skandinavia særlig er kjent for arbeidet sitt med å dokumentere samiske språk.

Ignaz Fischer vart fødd i Tés laurdag den 26. mai 1855. Han gikk på gymnas i Veszprim og Stuhlweissenburg og studerte så ved Universitetet i Budapest. Frå 1877 til 1892 underviste han ved overgymnaset i Stuhlweissenburg, og i 1893 vart han utnemnt til professor i ungarsk filologi ved Universitetet i Klausenburg. Mellom 1880 og 1890 sendte Det ungarske vitskapsakademiet han til Noreg og Sverige for å gjera filologisk feltarbeid blant samane.   Les mer …

Eva, Isak og lille Harry Simon Shotland.
Foto: Ukjent fotograf.

Isak Shotland (født 28. mars 1907 i Trondheim, død 24. februar 1943 i Auschwitz) var kjøpmann i Harstad. Shotland bodde sine første år i Trondheim, som sønn av Rose og Meier Lieb Shotland. Foreldrene var jøder, født i Litauen, den gang en del av Det russiske imperiet.

Han ble gift i Trondheim i januar 1940 med Eva Glick, født i Trondheim i 1909. Hennes foreldre het Kalman Glick og Rakel Glick f. Bekker. Familien tilhørte den mosaiske menigheten i Trondheim. Kort tid etter bryllupet brøt 2. verdenskrig ut, og på sommeren 1940 ble Harstad invadert av det tyske naziregimets hær, og verden ble snudd på hodet for alle jøder.

Isak Shotland deltok som sersjant i bn-staben til major Nils J. Hunstad under kampene om Narvik 9. april til 10. juni 1940.

26. oktober 1942 ble Isak Shotland hentet i sitt hjem og satt i arrest og skulle aldri komme til å se kona og sønnen igjen. Han ble sendt til Falstad fangeleir i Ekne ved Levanger, så til Berg leir ved Tønsberg, før han den 26. november befant seg om bord på D/S «Donau».   Les mer …

Hovudrommet i den tidlegare synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim.
Foto: Ukjent, tidleg i 1920-åra
Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim (aktiv 18991925) låg i loftsetasjen av St. Jørgensveita 7 og vart innvigd som den første synagogen i Trondheim i 1899. Synagogen var i bruk fram til den noverande synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim vart innvigd i oktober 1925. Ein del av inventaret frå synagogen i St. Jørgensveita 7 finst i dag i den nye synagogen — blant anna arka, sjulḥánen (lesepulten) og eit par benker.   Les mer …

Minnesmerket står i ein park rett ved Kirkelandet kyrkje.
Foto: Chris Nyborg
(2017)
Minnesmerket over kristiansundsjødane som omkom under holocaust vart avduka søndag 29. juni 2003. Bronsestatuen på sokkel av fjøresteinar frå Klubba er laga av bildehoggar Tore Bjørn Skjølsvik. Minnesmerket er finansiert ved privat innsamling, gåver og støtte frå Kristiansund kommune. Føre andre verdskrigen var KristiansundNordmøre blant dei byane i Noreg som hadde størst andel jødiske innbyggjarar. Med Nazi-Tysklands okkupasjon av Norge 9. april 1940 vart det slutt på det stort sett trygge livet for kristiansundsjødane — først med tysk terrorbombing av Kristiansund, og seinare med antijødiske lovar, og hausten 1942 med arrestasjonar og deportasjon av alle jødar nazistane greidde å finne.   Les mer …
 
Kategorier for Jødisk historie og kultur
 
Andre artikler
 
Siste endringer for Jødisk historie og kultur


Flere endringer ...