Forside:Tinn kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Tinn kommune (forside)»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • (Distrikt: Grenland • Aust-Telemark • Vest-Telemark) • Vestfold • Østfold
KOMMUNE: Bamble • Drangedal • Fyresdal • Hjartdal • Kragerø • Kviteseid • Midt-Telemark • Nissedal • Nome • Notodden • Porsgrunn • Seljord • Siljan • Skien • Tinn • Tokke • Vinje

Om Tinn kommune
0826 Tinn komm.png
Tinn kommune ligg i Telemark fylke. Kommunen grensar i nord og aust mot Buskerud fylke (kommunane Nore og Uvdal, Rollag og Flesberg), i vest og sør mot kommunane Vinje, Seljord, Hjartdal og Notodden i Telemark. Dagens kommune vart oppretta i 1964, da det tidlegare Hovin herad vart delt mellom Tinn og Notodden. Det opphavlege Tinn herad frå 1838 fall saman med Tinn prestegjeld, som da bestod av sokna Hovin, Atrå, Mæl og Dal. Hovin sokn vart skilt ut frå Tinn og lagt til Gransherad i 1860. Tinn kommune omfattar Rjukan by, industristad og kommunesentrum. Rjukan har ein eigen plass i historia om motstandsrørsla under andre verdskrigen, spesielt på grunn av Tungtvassaksjonen i 1943, og fordi ei rad av dei fremste motstandsfolka kom frå Rjukan, deriblant Gunnar Sønsteby. Med sine ca. 3300 innbyggjarar (2012) har byen godt og vel halvparten av befolkninga i kommunen. Andre, mindre tettstader eller bygdesentra er Miland, Atrå, Austbygde og Hovin. Kommunen forandra sterkt karakter da Rjukan-fossen vart utbygd og Norsk Hydro etablerte verksemd i Vestfjorddalen tidleg på 1900-talet. Framleis er det ein god del jordbruk og skogbruk i kommunen, og kommunen omfattar store høgfjellsområde, mellom anna med søraustre delen av Hardangervidda. Gaustatoppen (1883 moh) ligg i Tinn, rett opp for Rjukan. Før jordbruket vart mekanisert, var Tinn kjent for sine mange ljåsmedar. Bygda er elles kjend for folkekunst, særleg felespel og rosemåling.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
HKH Kronprins Haakon Magnus og HKH Kronprinsesse Mette Marit avduket denne skulptur ved besøk i Nedre Eiker kommune den 21.09.2003. Det er hva en kan lese på en av de fire steinene som pryder inngangen til Killingrud Ungdomsskole. Foto: Frode Caspersen
Syretårn fra Solbergelva i Nedre Eiker, Drammen, ble levert til Rjukan Salpeterfabrikker mellom 1911 og 1913. Etter at Hydro la ned produksjonen av kunstgjødsel på Rjukan på slutten av 1960-tallet, ble syretårna gjenbrukt på ulike måter både på Rjukan og andre steder i landet. Ved Killingrud ungdomsskole i Nedre Eiker pryder fire av dem inngangspartiet. Skulpturene ble avduket av kronprinsparet i 2003.   Les mer …

Snowshoe Thompson fotografert i USA.
Foto: Ukjent
Snowshoe Thompson (1827-1876) - fødd som Jon Torsteinson Rue i Tinn Austbygd – er tvillaust den av alle utvandra tinndølar som har blitt mest berømt i USA. Etter nokre år i USA endra han namnet sitt til John A. Thompson og vart etter skibragdene sine seinare mest kjend som Snowshoe Thompson. I statane California og Nevada er det reist ei rekke minnesmerke og teksttavler til ære for «the mailman and Hero of the Sierra» og området rundt olympiastaden Squaw Valley vart vedtatt å skulle kallast Snowshoe Thompson State Park. Han er truleg den einaste tinndøl som har fått minneord i New York Times ved sin død, og som har blitt heidra med helsing frå president Gerald Ford og guvernør Ronald Reagan på hundreårsdagen for sin bortgang.   Les mer …

Atrå kyrkje frå sud.
Foto: Per Espeland
(mai 2011)
Atrå kyrkje i Tinn stod ferdig i 1836, og vart innvigd av prost og sokneprest Søren Schive 4. september 1836 med fleire av prestane i prostiet til stades. I 1936 var det arrangert eit gildt 100-årsjubileum med biskopen James Maroni som det naturlege midtpunktet. Ein komité med Halvor Gjøystdal, Olav Høgehaug og Anders E. Hedem førebudde festmarkeringa. Dei utarbeidde òg eit hefte med ein gjennomgang av Atrå kyrkjes historie. Gjøystdal skreiv ein liten prolog til festen   Les mer …

Luraasbutikken i 2011.
Luraasbutikken var ein landhandel som var i verksemd i Luråsgrende i Tinn frå 1926 til 1979.Det var Torstein H. Luraas som stod for oppstarten av landhandelen, og han hadde da tidlegare drive med handel på fleire stader og i mange år. Kanskje var han og litt arveleg belasta ettersom far hans hadde drive med skreppehandel bl.a i Sverige. Torstein hadde gått på Treiders handelskole i Oslo og hadde hatt jobb som handelsbetjent i ein forretning der. Han gifta seg med Gunhild Miland i 1902 og kjøpte garden Lurås søndre. Han var med på å starte opp Miland Handelslag, som nemnt involvera i butikkdrift på Dale og som styrar av Østbygdens Forbruksforening.   Les mer …

Faksimile fra Aftenposten 7. oktober 1938: Utsnitt av omtale av utnevnelsen av Ivar Arctander til sorenskriver i Voss.
Ivar Arctander (født 14. januar 1885 i Kristiania, død 29. desember 1953) var jurist og samfunnsøkonom. Han virket som overrettssakfører på Rjukan i en årrekke før han ble statsadvokat i Bergen, senere var han sorenskriver på Voss, deretter i Sandsvær og Numedal. Arctander var medlem av Tinn herredstyre 1923-25, og formann i Tinn ligningsnemnd 1921-23. I 1928 utga han et verk om Grunnlovens vern mot statsmonopoler.   Les mer …

Theodor Kielland. Fra boka Asker, utgitt 1917.
Paul Gabriel Theodor Kielland (født 20. mai 1843 i i Rogaland, død 27. februar 1911) var prest. Etter teologisk embetseksamen i 1868 var han en periode misjonsarbeider i Afrika, før han begynte sin prestegjerning i Norge, hvor han var prest i Ramnes, Rollag, Tinn, Flekkefjord og Asker. Theodor Kielland er gravlagt på Asker kirkegård. Tittelen Sogneprest til Asker er benyttet på gravminnet.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Tinn kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar