Asjkenaziske jødar eller asjkenazím, òg kalla ( høg) tyske jødar og austjødar, er den gruppa av jødar som tradisjonelt har jiddisch til morsmål og som dei siste kring 1000 åra tradisjonelt har heldt til i Sentral- og Aust-Europa. Asjkenazim hadde i nokre kortare periodar innreiserett til Noreg føre 1814, vanligvis med leidebrevsplikt. I 1851 fikk asjkenaziske jødar full innreise-, busettings- og arbeidsrett i Noreg. Fleirtalet av dei norske jødane i dag er asjkenaziske. Les mer …
I St. Jørgensveita 7 i Trondheim låg den første synagogen i byen — eit midtpunkt for jødane i Midt-Noreg frå slutten av 1800-talet. Foto: ukjent
Jødar ( nynorsk) eller jøder ( bokmål/ dansk) er ei folkegruppe av hovudsakleg semittisk opphav som tradisjonelt praktiserer religionen jødedom med sine variantar. I Nord-Europa er har det tradisjonelt vore to hovudgrupper av jødar — portugisarjødar, som er den vest- og nordeuropeiske undergruppa av sefardím, og høgtyske jødar, som det same som asjkenazím. Jødar har vore nemnt i offisielle dokument i Noreg sidan 1400-talet, og vi veit om jødar som har hatt varierande tilknyting til Danmark-Noreg sidan tida kring 1600. Fram til 1814 var hovudregelen at høgtyske jødar hadde generelt innreiseforbod, medan portugisarjødar hadde lov til å reise til og i Danmark-Noreg og livnære seg med eller utan leidebrev i nokre periodar. Frå 1814 til 1844 var det totalforbod mot jødar i Noreg, og dei fleste jødane i Noreg i dag ættar frå jødar som kom inn etter 1851. Jødane er ein av dei nasjonale minoritetane i både Noreg og Sverige. Les mer …
Snublesteiner er minnesmerker som er lagt ned i fortauet utenfor eller nær bygninger hvor jøder eller andre ofre for nazismens utrydningspolitikk bodde eller arbeidet under andre verdenskrig. De er utforma som messingplater på ti ganger ti centimeter, som støpes ned i fortauet. Prosjektet ble starta av den tyske kunstneren Gunter Demnig i 1993, og har spredd seg til en rekke land. I Norge ble de første steinene lagt ned i 2010.
Det finnes pr. 2019 606 snublesteiner i Norge, fordelt mellom Oslo, Bærum, Hønefoss, Hurum, Tønsberg, Larvik, Skien, Bergen, Trondheim, Narvik, Harstad og Tromsø og flere andre kommuner. På verdensbasis er det lagt ned over 30 000 slike minnesmerker.
Jødisk Museum i Oslo har hovedansvaret for nedlegging av steiner i Norge. Det har også blitt lagt ned noen få snublesteiner for ikke-jødiske ofre for nazismen; steinen til minne om Tormod Nygaard i Oslo var den første av disse. Det internasjonale snublesteinprosjektet er definert slik at alle ofre for nazismen kan få en snublestein. Det kan også brukes for personer som overlevde, men som var ofre for konsentrasjonsleirenes grusomheter. Et norsk eksempel på dette er Herman Sachnowitz, der det står på steinen at han overlevde fangenskapet. Les mer …
|