Forside:Luster kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. nov. 2010 kl. 23:01 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Aurland • Bremanger • Fjaler • Gloppen • Gulen • Hyllestad • Høyanger • Kinn • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Stad • Stryn • Sunnfjord • Vik • Årdal

Om Luster kommune
Luster kommune er ein kommune som ligg langs Lustrafjorden, ein arm av Sognefjorden, i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane). Kommunesenteret er Gaupne. Kommunen grensar til Skjåk, Lom og Vang i Innlandet, og til Årdal, Sogndal, Jølster og Stryn i Vestland.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Hafslo Bedehus, Luster kommune. Dette bygget vart teke i bruk vinteren 1965 og vigsla 28. mai 1967.
Hafslo bedehus står i Luster kommune i Sogn og Fjordane. I 1964 reiv bedehusfolket på Hafslo bedehuset sitt, og bygde nytt. Det førti år gamle huset hadde eit svært uvanleg bedehuseksteriør og var bygd av reisverk heilt utan isolasjon. Styret søkte råd hjå fagfolk som rådde til å byggja nytt framfor å utbetra. Det nye huset vart teke i bruk med opningsfest i februar 1965.   Les mer …

Mor og son, Brita og Mons H. Takle.
Foto: Norland, Bergen.

Mons H. Takle (fødd 7. mars 1877 i Brekke, død 18. juli 1958 i Askøy) var lærar og kyrkjesongar. Han var son av gardbrukar Hans Monsson Takle og Brita Monsdotter og bror til læraren Magnus Takle.

Mons Takle tok lærareksamen på Stord lærarskule i 1898 og var lærar i Jostedalen frå 1899 til 1903. Deretter var han lærar i Lindås fram til 1917, i framhaldsskulen i tre år og andrelærar ved Nordhordland fylkesskule i eitt år. Frå 1919 var han lærar og kyrkjesongar i Brekke.   Les mer …

Nærleiken til breen har alltid prega livet i Jostedalen. Her Nigardsbreen fotografert av Knud Knudsen mellom 1895 og 1902.

Jostedal (Jostedalen, Justedalen, Jøstedalen) er ei bygd og ein tidlegare kommune i Sogn og Fjordane fylke, som i 1963 vart ein del av nye Luster kommune. Jostedal er òg namnet på eit kyrkjesokn, og det var namnet på eit prestegjeld fram til 2004. I dag omfattar skulekrinsen Jostedal den tidlegare kommunen. Bygda er særleg kjend for segna om Jostedalsrypa og for Jostedalsbreen, spesielt Nigardsbreen. Busetnaden finn ein over ei strekning på kring 20 km i hovuddalføret Jostedalen mellom grendene Myklemyr og Fåberg, og i sidedalen Krundalen.

Jostedalen har i dag 26 matrikkelgardar. Framover på 16- og 1700-talet låg gjerne talet på gardbrukarar oppunder 30 før bruksdelinga skaut fart utover 1800-talet. Dei gamle gardane låg gjerne oppe i dalsida medan busetnaden i bygda i dag er dominert av dei nyare grendene i dalbotnen.   Les mer …

Bergset.
Bergset (Luster, gnr. 211) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden er den vestlegaste i Krundalen og har gjeve namnet til Bergsetbreen. I aust grensar Bergset mot Grov. Garden er fyrste gong nemnd i skattelista frå 1600 då Thore Bersetter var leiglending. Heimane under Bergset sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.   Les mer …

Anders Hjellum (døypt Andreas, fødd 13. februar 1870 i Aurland, død 21. november 1950 i Kvinesdal) var gardbrukarson frå Hjellum i Undredal i Aurland. Han tok lærareksamen på Stord seminar i 1891 og var deretter lærar i Vinje i Telemark til 1893. Etter dette var han lærar og kyrkjesongar i Kvinnherad 1893-1895 og Gaular 1896-1897. Han gifte seg i Aurland 26. juni 1895 med Kari Olsdotter Underdal (fødd 1867). I 1898 vart Anders Hjellum tilsett som lærar og klokkar i Jostedalen, og han vart den fyrste klokkaren som budde på Øvregarden, som Jostedal kommune året før hadde kjøpt som klokkargard. Øvregarden var før dette ein fråflytt husmannsplass under Jostedal prestegard. Han var òg postopnar alle åra han budde i Jostedalen.   Les mer …

Johannes Flintoe: Krondalen (1834), akvarell. Flintoe var i Jostedalen i august 1822. Dalen er sett frå Haugen med Høgenibba og Bergsetbreen sentralt i biletet. Original i Bergen kunstmuseum.

Krundalen (Krondalen) er eit dalføre, ei grend og ein tidlegare skulekrins i Jostedalen i Luster kommune, Vestland fylke. Krundalen er ein sidedal til Jostedalen. Det er ein flat U-dal 3-400 m.o.h. omkransa av høge fjell som går aust-vest frå bygdesentrumet Gjerde i hovuddalføret og etter knapt 10 km endar i den bratte Bergsetbreen. Strekninga frå den siste garden i Krundalen, Bergset, og fram til breen, vert kalla Bergsetdalen. Andre og mindre brear i Bergsetdalen er Vetledalsbreen, Baklibreen og Tuftebreen.

Gjennom dalen renn elva Krundøla, som går saman med Jostedøla ved Gjerdekvile i hovuddalføret. Sidedalar til Krundalen er i sør stølsdalen Røykjadalen, Tverradalen og Grøneskreda med Vetledalsbreen, og på nordsida Tufteskardet som fører til Tuftebreen. Fjella som omkransar Krundalen, er i sør Dugurdskulen, Tverranibba og Høgenibba, og i nord Kråfjellet og Haugafjellet med Haugavarden.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Luster kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar