Familien Skappel på Skapal i 1893. Simen Skappel nr. 2 frå venstre med foreldra Halvor og Julie nærast på hans venstre side.
Simen Skappel (fødd i Ringsaker 7. februar 1866, død i Oslo 15. juli 1945) var agronom, statistikar, landbruks- og lokalhistorikar. Mest kjend i ettertid er han for avhandlinga Om husmandsvæsenet i Norge frå 1922, som framleis er eit standardverk for studiet av emnet. Han stod sentralt i utviklinga av jordbruksstatistikken i dei fyrste tiåra av 1900-talet. Han var fødd og oppvaksen på Skapal, ein av dei største og beste gardane i Ringsaker. Foreldra var gardbrukarparet Halvor Skappel (1829-1906) og Julie fødd Flifleth (Hersoug) (1833-1909). Faren var mellom anna bankmann, ordførar og hadde ei rekkje andre tillitsverv, engasjert i Venstre-rørsla frå 1870-åra. Det er openbert at Simen Skappel må ha hatt mykje erfart kunnskap frå oppveksten både om landbruk og sosiale forhold som skulle kome han til nytte i hans yrkesgjerning. Les mer …
Eldevik sin 80-årsdag. Han sit til venstre, medan vi ser sønene Sigmund og Leif bak til høgre.
Lars Eldevik (fødd 17. juni 1860 i Davik i Nordfjord, død 4. desember 1952) var lærar og lokalpolitikar, engasjert i mellom anna landsmålssak, ungdomslagsarbeid og lokalhistorie. Han verka lengst i Davik, der han var ordførar i to år, og på Nes på Hedmarken. Han vaks opp på garden Eldevik i Davik, i noverande Vågsøy kommune. Foreldra var bonde Jørgen Larssen og Marthe Aleksandersdatter.
Lars Eldevik vart gift med lærarinna Sigrid Samsonsdatter Midnes (1857-1928) frå Ullensvang. Kona var dotter av Samson Larsen og Synneva Larsdatter. Lars og Sigrid Eldevik fekk sønene Sigmund (1888-?) og Leif (1890-1959). Les mer …
Inntunet på Breili ca. 1900. Schultz bodde sannsynligvis i bygningen til høgre. Foto: Jens Raabes bok En storbygd
Børge Johan Schultz (født 24. juli 1764 i Ringsaker, død på Breili i Østre Toten 18. august 1826) var jurist og embetsmann. Schultz var fra 1790 til 1796 inspektør for Nordgrønland, der han blant annet måtte håndtere gjenstridige engelske hvalfangere. Fra 1800 til 1825 var han fogd i Totens fogderi, med bolig og kontor på Breili. I februar 1813 ble fogden utsatt for det første store bondeopprøret i Norge i forbindelse med matmangelen dette året. Sjøl var Schultz kjent som storeter og gourmand, og ble av opprørerne kalt «det feede best». Børge Schultz var sønn av major Christopher Jørgen Schultz (1725–73) og Johanne Crantz Eeg (død 1824). Som mange andre embetsmannsbarn fikk han hjemmeundervisning og begynte deretter som kontorist for ulike embetsmenn. Schultz reiste så til København for å studere jus, og 30. juli 1788 tok han eksamen med karakteren «bekvem». To år seinere gifta han seg i Eidsvoll med Martinette Christine Schultz Eeg (1753-1836), datter av romsdalsfogden Jacob Andreas Eeg (ca. 1715–87) og Elisabeth f. Leganger (1720–79). At Schultz' mor var født Eeg, kan antyde at han var i slekt med kona. Les mer …
Foto: Ukjent (Digitalt Museum) Ole Wernsen Klungseth (fødd på Nes i Hedmark 1782, død same stad 1836) var gardbrukar og politisk aktivist. Han var saman med Halvor Hoel og andre sambygdingar aktiv under bondeaksjonane mot sølvskatten i 1818. Som aktivist under bondeaksjonane i 1818 vart Ole Klungset dømd to års straffarbeid i 1826 pluss sakskostnader. Fengselsstraffa vart ved kongeleg benådning nedsett til to månader.
Ole Wernsen hadde markert seg i det offentlege også tidlegare. Han er ein av fire underskrivarar av eit inspel til grunnlovsdebatten som kom inn til riksforsamlinga på Eidsvoll frå Hedmarken fogderi Les mer …
|