Forside:Tustna

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: HustadvikaSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalSmølaAureHeimRindal
TIDLIGERE KOMMUNE: TustnaStemshaug

Om Tustna
Satellittfoto av den tidlegare Tustna kommune. Tustna er den store øya kring midten og til venstre i bildet.

Tustna var den største og mest folkerike øya i den tidlegare Tustna kommune. Sidan kommunesamanslåinga den 1. januar 2006 har øya vore ein del av Aure kommune. Lokal uttale er ['thʉs:na] (N/A) med ['thʉs:n] (D). Tilstadsform blir ofte uttrykt med preposisjonen «på» + akkusativ og påstadsform ved same preposisjon + dativ:

  • «E ska på Tussna (A) næste vikkå.» (Eg skal [reise] til Tustna neste veke.)
  • «E é på Tussn (D) mykjy tå ti’n.» (Eg er på Tustna mykje av tida.)

Namnet vart oftast skrive Tusterendansk1800-talet. På nederlandske kart og bøker frå 1600-talet finst namnet i forma Toster Poster, Ooster Poster og Toester. Det er vel rimeleg å tenkje seg at Toster Poster er ei feiltolking av ei (ukjent) eldre kjelde med namn Toster Þoster. Ein antek at namnet kjem av norrønt Þústr (= ‘slegel’, ‘sliul’, ‘tust’) og at dette står i samband med Stabben på naboøya Stabblandet.   Les mer ...

 
Smakebitar
Dalan kring 1935
Dalan (dial. ["dɑɽaɲ:] (nominativ/akkusativ), ["dɑɽɔ] (dativ)), oftast skrive som Dalen i offisiell samanheng, er eit småbruk under matrikkelgarden Hals ved Sålåsundet i Aure kommuneNordmøre. Bruket vart bygsla den 27. desember 1847, og den 8. september 1866 vart plassen frådelt b.nr. 6 (Søstua) som sjølveigande bruk. Bruket ligg mellom Ekkerbekkjen (Ekrebekken) i sør og Kvennabekkjen eller Sagelva i nord. Namnet Dalan kjem av dei mange dalane som var her føre innmarka vart planert i 1970-åra. Dalane er framleis der i utmarka. Det er funne fleire hundre flintavslag i Dalan. Truleg har det vore flintverkstad her ein gong kring yngre steinalder. Det vart òg funne restar av ei jarnmile under pløying. Det seiest at det var oppgangssag ved Sagelva i hollendartida. Seinare vart det sett opp kvennhus òg, og Sagelva skifta namn til Kvennabekken. Bekken blir òg stundom kalla Slettabekkjen. Både kvennhuset og saga vart rivne kring 1870. Tradisjonen seier at det første huset i Dalan var det som no er kjellaren på gammalhuset, og så vart tømmerkassen sett oppå seinare. Kjellaren hadde doble murar av naturstein i langveggene. I atterveggen var det ei luke som vart bruka til å ta inn potetane. Framveggen, med døra midt på, var lett. Det var ei stor grue i kjellaren. Etter at tømmerkassen vart sett opp vart grua bruka til flatbrødbakst på baksthelle og korntørking i gryte.   Les mer …

Nautsundet (Nordheimsundet) mellom Stabblandet (nærmast kameraet) og Solskjelsøya sett frå åsryggen Nauthatten.
Foto: Olve Utne
(februar 2012)
Under forliset i Nautsundet (no Nordheimsundet) mellom Solskjelsøya og Stabblandet i noverande Aure kommuneNordmøre måndagen den 24. januar 1876 omkom to mann. Dagen føre, søndagen den 23. januar, hadde tre båtlag på veg frå Surnadalen og Kvenna (Kvanne) til Veiholmenskreifiske lagt seg til ved Skomakarøya (Solskjeløygarden). På måndagsmorgonen begynte det å blåse opp, og fem mann frå det eine av dei to surnadalsbåtlaga la utpå i ein trirøing for å sikre seglet på storbåten.   Les mer …

«Johanna» malt av Daniel Hagerup.
«Johanna» av Indresæter er ei hardangerjakt som vart bygd i 1892 på verftet åt Gjermund T. Øvrevik ved SålåsundetTustna. Jakta gikk i slofartLofoten og Finnmarka — med salt nordover og fisk salta rett i lasterommet sørover att. Skipper frå 1916 til 1937 var Hans T. Gimnes. Jakt «Johanna» vart selt til Erling og Haakon Taftø ved årsskiftet 1937/1938; skroget vart forlenga og ho vart avrigga og gjort om til motorfarty. I 1980 vart ho selt til Egil Torhus i Mosjøen. I 1992 vart ho kjøpt av Norway Yacht Charter i Oslo, og i dag er ho rigga som brigantin og bruka til turar på Oslofjorden. Laurdagen den 9. juli 2016 rente ho i land og sokk på grunt vatn ved Nesoddtangen. Alle 156 som var ombord vart berga. Tysdagen den 12. juni vart skuta heva, og eigarane seier dei vil gjera alt for å få ho i drift att.   Les mer …

Sørveggen på Hals skule.
Foto: Olve Utne
(2008)
Hals skule, Halsskulen, var ein folkeskule på Tustna i Aure kommune. Skulebygninga vart tømra i 1890-åra på grunn frå garden Hals. Skulekretsen inkluderte matrikkelgardane Hals, Innersetra og StorsetraTustna så vel som Innerberg og FjelnesdalenStabblandet. Skulen har eitt klasserom, og i tillegg er det eit lærarkammers, yttergang og mørkloft. Hals skule vart nedlagt i juni 1972 og er no skulemuseum.   Les mer …

Jørenvågen er flat og omkransa av låge, men bratte bergsider.
Foto: Olve Utne
Jørenvåg(en) (uttale: /'jø:rn,ˌvɔjen/ nominativ/akkusativ, /'jø:rn,ˌvɔja/ dativ; slektsnamn: Jørgenvåg) er ein våg, namnegard og matrikkelgard nærme den sørvestlege enden av Tustna i Aure kommuneNordmøre. Garden har matrikkelnummer 205. Han grensar til Lervågen i vest, til dei mindre matrikkelgardane Ljustad og Hagan i søraust og til Sør-Halsnes i aust. Fjellvaldgrensa går langs egga frå Jurtinden til svokka mellom Jurtinden og Leirtinden (Vakta). På austsida av fjellryggen grensar valdet til Gullstein.   Les mer …

Innmarka på Storsetra på Tustna med Seterlia og Seteraksla i bakgrunnen
Foto: Olve Utne
Storsetra (IPA ["stu:se:tɾa] (nominativ/akkusativ), ["stu:se:tɛn] (dativ)), òg skrive Storsæter, er ein matrikkelgardTustna i Aure kommuneNordmøre i Møre og Romsdal. Garden ligg på vestsida av Sålåsundet og grensar til Innersetra i sør og Baggan i nord.   Les mer …
 
Kategoriar for Tustna
 
Andre artiklar