Maran Ata (arameisk bønnerop: Vår herre, kom!) er en karismatisk kristen bevegelse som har sin bakgrunn i en splittelse innen den norske pinsebevegelsen i 1957. Den første menigheten ble dannet i Skien i 1958. Fra 1960 hadde bevegelsen et eget organ: Maran Ata-bladet. Predikanten Aage Samuelsen var fram til 1966 den fremste lederen. Bevegelsen har et samarbeidsorgan for de lokale menighetene og det årlige stevnet som arrangeres i Seljord: Maran Ata Norge.
Det praktiseres bare dåp på grunnlag av personlig bekjennelse av kristen tro, på samme vis som i pinsebevegelsen. Også på mange andre områder har teologien i Maran Ata store likheter med pinsebevegelsen. Les mer …
Rikard Berge, frå boka Ljos over Telemark. Foto: Ukjend
Rikard Berge (fødd 7. november 1881 i Rauland, død 26. september 1969 i Skien) var konservator, folkeminnesamlar og bygdebokforfattar. Han gjorde eit stort arbeid med å samle folkeminne, særleg frå Telemark, og la mykje av grunnlaget for seinare kulturhistorisk arbeid.Rikard Berge voks opp hos morfaren Rikard A. Berge (1815–1902), som han hadde namnet sitt etter. Etter å ha teke lærarprøva var han skulemeister ei tid. Sjølv om han ikkje tok examen artium følgde han førelesingar hos Moltke Moe på Det Kgl. Frederiks Universitet i Kristiania. Han var òg i København og fekk råd frå Axel Olrik.
I 1908 gifta han seg med Johanna Bugge. Faren hennar, professor Sophus Bugge, døydde året før. Berge fekk då tilgang til oppskriftene etter Bugge, mellom anna kring 1200 balladeoppskrifter. Berge og kona kom i konflikt med universitetet om retten til desse manuskripta. Universitetet meinte å ha rett på dei, medan ervingane meinte at det var deira eigedom. Berge tapte i retten. I åre som følgde var det strid mellom Berge på den eine sida, og først Moltke Moe og så Knut Liestøl på den andre. Liestøl skipa i 1914 Norsk folkeminnesamling, og var tilhengar av eit sentralinstitutt for folkeminne for heile landet. Berge var ueinig, og ville ha samlingar på musea rundt i landet, og eit samarbeid mellom lokale einingar og eit sentralt organ. Særleg i artikkelen «Decentralisation» frå 1920 var Berge kvass i ordbruken i denne strida. Les mer …
Folsæ i 1923, då det vart landbruksskule her. Undervisnings- og internatbygningen Dovrehalli er under bygging. Foto: Ukjend
Foldsæ i Hauggrend i Fyresdal kommune (gnr. 93) er ein gard med ei mangslungen soge. Fyrst rydda i sameigeskogen i grenda, så ved kjøp utvida til ein relativt stor gard. Deretter ein periode som fattiggard, vidare som landbruksskule, økosenter, steinerskule, omgjort til aksjeselskap og til slutt i privat eige att. Namnet på garden har vore skrive på mange ulike måtar, til dømes Folsæt og Folsæ, men i 2011 vert namnet på garden skrive Foldsæ. Det er lite vi kjenner til garden frå eldre tider. I skattelistene av år 1585 er det nemnd at garden låg øyde, der er heller ikkje førd opp brukar i skattelista av 1593. I ein matrikkelprotokoll frå 1665 står det mellom anna: «Folsiøe skylder 2 Tønder Mel., er god Skouff.»
I 1595 kom Oslobispen Jens Nilssøn på visitasferd framom Foldsæ. Han skriv ikkje om sjølve garden, men fortel om namnet Foldsæ i ulike samanhengar, namn på veg, bru, elv og vatn. Les mer …
Frå informasjonsskriv om Telemarkskyri meieri 2008.
Telemarkskyri meieri i Fyresdal var eit meieri der sjølve tanken bak produksjonen var å vere med på å berge telemarksfe som eigen rase. Telemarkskyri meieri AS var eit småskala meieri på Molandsmoen i Fyresdal som vart opna med stor festivitas og optimisme 19. oktober 2006. Produksjonen skulle vere smør og knaost ( pultost) frå telemarkskua, dette var god utnytting av mjølka, men desse produkta gav ikkje lønsam drift. I slutten av 2007 revurdera meieriet både produkta og distribusjon og kanalar for sal av produkta. Det vart nyteikning av aksjar og meieriet satsa då vidare på fire produkt derav tre var nye. Produktporteføljen vart med dette smør, salatost (basera på skumma mjølk, bare 8% feit), kvitskimmelost (brie) og prim. Les mer …
J.L. Qvisling (ukjent fotograf)
Jon Laurits Qvisling (fødd 16. september 1844 i Fyresdal, død same stad 5. februar 1930) var prest og forfattar. Han var den eldste av ti sysken derav ni vaks opp. Foreldra, Gro og Lars Abraham Qvisling, kjøpte garden Lunden i Hegglandsgrend i 1844.
Jon Laurits budde på Lunden til han reiste som ung til Skien for å gå på Skiens lærde Skole. Her tok han eksamen artium i 1862 med karakteren prae ceteris. I 1869 tok han teologisk embetseksamen, men var lærar i Drammen og Grimstad til han blei tilsett som sokneprest i Fyresdal i 1879. Her virka han til 1893.
Under opphaldet i Fyresdal gifta han seg med den omtrent seksten år yngre Anna Karoline Bang (1860-1941) i Grimstad i 1886. Ho var dotter av skipsreiar Jørgen Bang og Antonette Dorothea Huseland. Dei hadde fire born saman: Vidkun, Jørgen, Esther og Arne. På Digitalt museum, Norsk folkemuseum, Fyresdal, er der ein album med ei lang rekke bilete frå livet i prestegarden og frå Lunden teke av Jon Laurits Q. sjølv meiner ein. Les mer …
|