Hytta i Lii 20.3.2006. Foto: Aanund Olsnes
Den lisle plassen Lii under Nordstog låg i dalsøkket mellom det gamle Gjerdentunet og der Kanada i Jåro ligg i dag, og beint nordom Myri på motsett side av vegen. Der plasstunet låg står ei lita hytte, som Olav A. Haugen sette opp etter at den gamle plasstoga datt ned. Hytta er i dag i eiga til Georg Lidtveit i Åraksbø (sjå Øystre Haugen, gnr 14, bnr 21). Plassen har aldri vore utskilt eller matrikulert, så bortsett frå den nemnde hytta høyrer han framleis til Nordstog.
Nett kva tid plassen vart busett er uvisst, men mannen i den familien som budde her vert fyrste venda nemnd som husmann her i 1867. Han var frå Nordstog, og yngste son åt Auver Knutsson på det bruket og kona, Margit Knutsdotter.
- Olav Auversson Gjerden (y.), f 1832, d 1915
- g 1858 m Ingebjørg Torleivsdotter Haugo, f 1837, d 1888. Les mer …
Teigen 5.8. 2005. Stoga vart renovert på 1990-talet, då den eldste delen vart riven og erstatta av eit nytt inngangsparti i ei høgde innåt det tohøgders bygget frå 1931. Foto: Aanund Olsnes
Teigen er eitt av bruka på Stavenes i Bykle kommune. Det er vanleg å tenkje seg at det av bruka i ein gard som har det lågaste bruksnummeret lyt vera det eldste. Dette kan vera tilfellet, men treng ikkje vera det, ettersom bruksnummera er tilstelte av lokale matrikkelkommisjonar, som stundom la heilt andre omsyn enn dei historiske til grunn. Teigen i Stavenes er då eit instruktivt døme. Bruket har bnr 1, men likevel er det klårt sekundært i høve til Nordstog, og ettersom Nordstog etter alt å døme er sekundært i høve til Utistog, lyt Teigen også vera yngre enn det bruket.
Vidare vil me meine at Teigen også er yngre enn Systog, men der møter me ein vanske, ettersom dei to bruka dukkar opp om lag samstundes i dei skriftlege kjeldene, noko etter år 1700. Oppfatninga vår av den relative alderen til dei to bruka, har då ikkje anna å stø seg til enn ei aldersrangering av bruksnamna. Men denne er til gjengjeld klår nok: Namnet Teigen lyt vera det yngste av bruksnamna i Stavenes, ettersom namn i Setesdal som ender på -stog mest sannsynleg skriv seg frå høgmellomalderen (tida 1050-1350), medan namn som Teigen, Haugen, Flaten og Øyne vanlegvis ikkje er eldre enn frå 1600- eller 1700-talet, og jamvel kan vera frå 1900-talet.
Sjølvsagt kan ein finne unntak frå reglar som denne, ma. hender det at gardsbruk har fått nye namn i samband med tunflytjing, men me har ingen haldepunkt for å plassere Teigen i Stavenes som eit slikt unntak. Me vil difor meine at alderen på bruksnamnet tilsvarar alderen på bruket, og plasserer båe litt etter 1700.
Når det gjeld tydinga av namnet, er ho beint fram nok. Ein teig er eit avgrensa jordstykke. Les mer …
Gjerden 1965. Frå venstre Der Nord, Derinne og Attistog. I øvre, venstre biletkant skimtar ein Huldreheimen. Foto: Fjellanger Widerøe
Gjerden er ein matrikkelgard i Bykle. Dei gamle gardane i Kyrkjebygdi er Byklum, Mosdøl og Gjerden. Av desse er Byklum, som ligg i midten, klårt den eldste, medan Mosdøl i vest og Gjerden i nordaust er sekundære i høve til denne.
På denne bakgrunnen vil me meine at det peikar litt gale i veg, når Tarald Nomeland i den gamle gards- og ættesoga (217) seier at «Jarinn er ein eigen gamal gard, medan Mosdøl kan ha gått ut ifrå Byklum». Både Mosdøl og Gjerden har ein gong i tida gått ut frå Byklum, men desse delingane ligg sjølvsagt langt attende, heilt sikkert fyre 1350.
Utover den nemnde plasseringa i bygda er det fleire grunnar til å meine dette. Ein er landskyldsatsane i 1600-åra, som for Byklum er så mykje høgare enn for grannegardane. Ein tredje er gardsnamnet. Om det siste hermer me den fylgjande passasjen etter Amund B. Larsen (NG IX, 214):
| Udtaleformene [dvs. Jarinne (Nom.) og Jåro (Dat.)] svarer saa korrekt som det er muligt mod oldn. *Jarðirnar og dets Dat. *Jǫrðunum, Flt. af Jǫrð, f. som meget hyppigt bruges i Betydningen Jordstykke, Jordeiendom. At navnet altid har været skrevet som om det var oldn. Gerði, n, Jorde, kan ikke opveie dette, thi dette Ord vilde havt ganske andre Bøiningsformer.
|
|
|
Denne tolkinga virkar innlysande rett, så me skriv under på henne utan vidare.
I den gamle gards- og ættesoga (119-130) ser det ut til at Attistog vert rekna som det eldste av dei tre gamle bruka i Gjerden. Det er smått med konkrete haldepunkt for å avgjera dette spursmålet heilt sikkert, men i den mon Gjerden fylgde det normale garddelingsmønsteret bør bruket i midten, dvs. Der inne, vera det eldste. Me har valt å satse på at det faktisk var såleis, og så langt dette er rett, var då den fyrste delinga ei to-deling, der Attistog vart kløyvd ifrå. Dinest vart den andre halvparten ( Nordstog / Der inne) dela på nytt, slik at det vart 3 bruk. Desse var i hovudsak dei same som dei me kjenner idag. Les mer …
Bratteland på 1950-talet, Nordstog til venstre. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Bratteland ligg austom Dysje, og er den austlegaste av dei gamle gardane i Botnen i Bykle. Som gardsnamnet tilseier, er terrenget her nokså bratt, men på nedsida av der husa sto var likevel tolleg slakt hallande jorde. Nå er desse neddemde.
Tydinga av namnet trengst ikkje seiast meir om. Når det gjeld alderen, kan me melde at namnegranskarane meiner at dei fleste gardsnamn som endar på -land skal skrive seg frå folkevandringstida, dvs. frå perioden mellom åra 400 og 600. Om dette slår til når det gjeld Bratteland, vil det stille denne garden på alder med busetnaden på Tveiti og Nesland, og jamvel om me ikkje har registrerte oldfunn å vise til, tykkjer me ei slik datering virkar rimeleg. Les mer …
Brotteli ein gong mellom 1903 og 1910. Frå Setesdalsmuseet. Foto: August Abrahamson
Brotteli ligg heilt i vestre enden av Nordbygdi og inst i Bossvatn i Bykle kommune. Garden er bratt og går heilt ned mot Brotteliåni. Lenger ut, ned mot vatnet, var det flatare jorde, men desse vart neddemde i vassdragsreguleringa i 1978. Dei fyrste husa sto etter alt å døme oppå flaten i øvre enden av jordet. Her står framleis grunnmuren av ei husrekkje på over 24 meter. C14-dateringar viser at denne går attende til 1600-åra.
Brotteli ligg djupt i terrenget, så her var sollaust 24 veker i året, men endå rekna dei med at her var like tidleg vår som i Bjørnarå. Kornet fraus mest aldri om hausten. Støylen Flatstøyl låg på sørsida av elva, og var ein grei og god heimestøyl.
Gardsnamnet er det ikkje så mykje å seia om. Det tyder den bratte lia, og bratte liar er her nok av, både nordover og sørover.
Den gamle landskylda på garden var sett til 1/2 hud. Etter landskyldrekninga i Bykle i eldre tid svarar 1/2 hud til 12 nottungar, 6 kalveskinn eller 2 geiteskinn. Då det vart sett på ny skyld i 1838-matrikkelen vart Brotteli tildela 1 dalar 2 ort og 11 skilling, og i 1886 vart skyldverdet sett til 2,07 nye skyldmark.
Garden er nokså gamal, og eit brev frå 1614 peikar mot mellomalderbusetnad. Dette kjem me straks attende til. I nyare tid finn me ingen oppsitjarar nemnde fyrr i året 1622, men eigarar får me vita om litt tidlegare. Les mer …
Åsheim 5.8.2005. Foto: Aanund Olsnes
Åsheim ligg heilt i nordkanten av Hoslemo-gardsvaldet, opp imot Løyningsåni. For å koma hit må ein fylgje vegen frå Berdalsbru eit par km mot Vatnedalen.
Åsheim vart utkløyvd frå Uppigard og Nordigard i 1927, etter at Sigbjørn Eivindsson Bø året fyre hadde kaupt eit jordstykke av Gjermund Sigbjørnsson Hoslemo, og eitt til av Olav Knutsson Vatnedalen. Bruket gjekk altså ut ifrå to eldre bruk, og vart difor tildela 2 bruksnummer med ei samla landskyld på 2 øre, mao. 1 øre frå kvart av morbruka.
Sigbjørn kom frå Berdalen Der uppe, og var eldste son åt Eivind Hallvardsson Bø på det bruket og fyrste kona Tone Sigbjørnsdotter, fødd Glidbjørg. Etter at han flutte hit nytta han etternamnet Åsheim:
Frå Vatnedalsanlegget ein gong på 1940-talet. Sigbjørn Åsheim står om lag midt på biletet med vest, sixpence og latein i neven. Frå venstre: Knut A. Byklum, Auver Åsen, Knut E. Berdalen, Ånund Skarberg, Johan Johansen, Sigbjørn Åsheim, Åsmund A. Byklum og Knut H. Byklum. Mannen i sixpence som sit i profil heilt til høgre er ikkje identifisert. Bilete frå Åsmund G. Tveiten.
Tone T. Stavenes. seinare Åsheim. Bilete frå samlinga til Tore K. Mosdøl.
- Sigbjørn Eivindsson Åsheim, f 1899, d 1988
- g 1920 m Ingebjørg Olavsdtr. Vatnedalen, f 1897, d 1982. Les mer …
|