Gateskilt på Cille Gads plass i Bergen. Foto: Mads Iversen (2007)
Cille Gad (fødd ca. 1675, død 1711) var fødd i Bergen. I si samtid vart ho rekna mellom dei mest lærde kvinnene i Norden. I 1705 vart ho dømd til døden for barnedrap, men ho vart benåda av kongen.
Cille Gad var allereie frå barnsbein av eit språkgeni. Ho skal ha vore berre fem år då ho pløygde seg gjennom Absalon Beyer sitt store verk "Norgis Rige" - og som femtenåring snakka ho gresk, hebraisk og latin flytande. Ho dikta vers som sjølv ikkje Ovid kunne gjort meir elegant, vart det sagt. Og det blei òg sagt at ho kunne ha disputert med dei lærde herrar på universitetet i København om kva emne det skulle vera - og teke sin doktorgrad med glans. Om ho då altså hadde vore gut.
Like fullt levde Cille Gad eit tragisk liv. Då ho døydde fattig og elendig i København i 1711, 36 år gammal, hadde ho bak seg fleire år i fengsel etter å ha sona ein dom for barnemord. Eigentleg vart ho dømt til døden ved halshogging, men etter mykje om og men vart ho benåda – nettopp fordi ho var så lærd - "for hennes yndelige lærdoms skyld," som det heiter i bøna om benådning. Les mer …
Walter Scott Dahl Foto: Ukjent. Oslo Museum
Walter Scott Dahl (fødd 21. februar 1839 i Melhus, død 4. september 1906 i Bergen) var advokat, sorenskrivar, stortingsmann og statsråd for Venstre. Han var aktor i riksrettssaka mot ministeriet Selmer 1883-1884.Han var son av daverande residerande kapellan i Melhus Nils Nilssøn Dahl (1806-1854) og hustru Christopha Kirstine Rønneberg. Faren var bondeson, og vart seinare sokneprest og stortingsmann. Mora kom frå ein kjøpmannsfamilie i Ålesund. Walter hadde tre yngre sysken som levde opp: Nicoline (1841-1898) gift Harbitz, forfattar, Konrad (1843-1931), prest og forfattar og Ulrikke (1846-1923). Walter Scott Dahl var gift med Beret Rebekka Stokkeland, dotter av gardbrukar C.R.Stokkeland og Marie Scherffenberg i Vestnes. Dei to fekk ikkje born sjølve, men hadde ei pleiedotter. Les mer …
Herman Olai Hermandsen (1827-1882).
Herman Olai Hermandsen (1827-1882) var ein forretningsmann frå Bergen som slo seg ned på Tysnes i Sunnhordland og bygde opp eit handelssenter i Gjersvik utanfor Våge. Etter nokre år forsvann han sporlaust, etter ein mistanke om underslag i den lokale banken, og handelssenteret vart lagt ned. Herman Olai Hermandsen var far til Thomas Hermandsen, den første stiftsarkivaren i Bergen, som i 1887 gav ut boka Bygdeliv, ei samling nærgåande skisser frå miljøet kring faren sin handelsstad. Les mer …
Claus Pavels Riis med svoger og svigerinne.
Claus Pavels Riis (fødd i Bergen 19. februar 1826, død i Mandal på reise 8. oktober 1886) var forfattar, gardbrukar og hagebruksmann. Han var amtsgartnar i Søndre Bergenhus amt 1860-1864. Som forfattar er han mest kjend som representant for studentdiktinga i Christiania i 1840-åra, med viser og lette komediar som dei viktigaste uttrykksformene. Studentkomedien Til Sæters var fyrste gong oppført på Christiania Theater i 1850, og seinare mykje brukt som spelstykke i frilynde ungdomslag. Claus Pavels Riis er forfattaren bak teksten til songen “Anne Knutsdotter”. Han budde i mange år (1855-1882) på øya Tysnes i Sunnhordland, der han dreiv ein større gard med tittel av “ proprietær”, og henta mykje inspirasjon frå Sunnhordland. Claus Pavels Riis hadde oppveksten sin i Bergen. Han var son av Boye Christopher Riis og hans fyrste kone Marianne Sophie Pavels. Faren var justitiarius ved Bergen stiftsoverrett. Morfaren var Claus Pavels, som var slottsprest på Akershus frå 1805 og biskop i Bergen frå 1817. Claus Pavels Riis gav seinare ut morfarens sjølvbiografi og delar av dagbøkene hans, noko som med seinare kompletterte utgåver har vorte eit sentralt kjeldemateriale til politiske tilhøve og kulturhistoria i tida rundt 1814. Les mer …
|