Forside:Sykkylven kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Forside:Sykkylven»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeHaramÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog • (Hornindal)

Om Sykkylven kommune
1528 Sykkylven komm.png
Sykkylven kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen ligg på sørsida av Storfjorden og grensar mot Fjord i aust, Stranda i søraust og Ørsta i sørvest. Nordom Storfjorden grensar Sykkylven til Ålesund og Sula kommunar.

Allment

Administrasjonssenteret ligg på Sykkylven, som også inkluderer bygdene/gardane Aure, Ørsneset, Grepstad og Vik. Til saman er det vel 4000 innbyggjarar i tettstaden Sykkylven. Dei to andre tettstadene er Ikornnes med 825 innbyggjarar og Straumgjerde (Straumgjerdet) med 482 innbyggjarar. Dei større bygdene er Velledalen, Hundeidvika og Ramstaddalen .   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Gunnar Skotte utanfor produksjonslokala til Sykkylven Sportsforretning i 1939. Eigar av biletet er Reidar Skotte.
Gunnar Lorentz Skotte (fødd 16, august 1919 i Borgund, død 19. januar 2010 i Stranda) var ein sykkelprodusent, handelsskulelærar og rektor frå Sykkylven. Det var Skotte som stod bak etableringa av Sykkylven Sportsforretning i 1937. Hovudaktiviteten til verksemda var dei første åra produksjon av syklar. Alt etter eit par års drift var årsproduksjonen komen opp i om lag 150 syklar. Gunnar Skotte var son til styraren av Sykkylven Handelslag, Edvard Skotte. Mora, Olivia, dreiv Sykkylven Hotell på Aure, og der budde også familien ei tid. I 1933 flytte dei til Fauskebygda der borna i familien fekk meir tumleplass. Det viste seg snart at Gunnar var ein gut med uvanleg tiltak og virkelyst. Alt då han gjekk i folkeskulen, tok han brevkurs i hagedyrking og prøvde ut dei teoretiske kunnskapane på jordlappen dei hadde ved bustaden. Han laga drivbenkar der han dyrka fram blomster og kålplanter. Han dyrka også kål på hyttetomta dei hadde ved Andestadvatnet, og på eit jordstykke han leigde i Kagholen.   Les mer …

Bedehuskafeen i Sykkylven var ein serveringsstad som vart driven i lokala til bedehuset i Sykkylven sentrum nokre år. Kafeen kom i gang i 1960 i første høgda i bedehuset som då var nybygt. Første styrarinna var Karen Fauske, og med eit kort avbrot stod ho føre drifta i mange år. Alt frå byrjinga hadde Bedehuskafeen god søknad både av faste og tilfeldige gjestar, dessutan vart det halde mange bryllaups-, gravferds- og konfirmasjonslag der. Målfrid Rødal, som hadde arbeidd på Bedehuskafeen i mange år, tok over drifta i 1982, og leigde lokala av bedehuset. Samstundes vart namnet forandra til Cafeen. Attåt seg i arbeidet hadde ho fem personar som arbeidde på deltid.   Les mer …

Arnold Weiberg-Aurdal, kalt Alla på folkemunne i Sykkylven.
Foto: Sykkylven Rotaryforening
Arnold Weiberg-Aurdal (fødd 18. juni 1925 i Ålesund, død 3. februar 2016 i Sykkylven) var Sp-politikar. Weiberg-Aurdal, som var utdanna agronom, var ordførar i sunnmørsbygda Sykkylven i to periodar (1963-69 og 1990-91). Mellom desse to bolkane i lokalpolitikken sat han 16 år på Stortinget for Møre og Romsdal (1969-85), og markerte seg særleg som samferdslepolitikar. Weiberg-Aurdal var også aktiv som skribent og gav ut bøker om Tysklandsbrigaden, om Stranda og Sykkylven Billag og om si eiga slekt. I 2003 mottok han Kongens fortenestemedalje i gull.   Les mer …

Edvard Drabløs les Ivar Aasens brev og dagbøker.
Foto: Leif Ørnelund
Edvard Drabløs (fødd 1. april 1883 i Sykkylven, død 27. april 1976 i Oslo) var skodespelar, fødd og oppvaksen på Dravlaus i Velledalen, Sykkylven kommune. Foreldra var Jens Helgesen Drabløs (1856–1925) og Olave Velle (1852–1917). Edvard Drabløs vart i 1920 gift med Astrid Peersen (1895–1979). Edvard Drabløs var i nesten heile sin karriere ein av hovudkreftene ved Det Norske Teatret, som han hadde vore med å grunnlegge. Drabløs var æresmedlem i Norsk skuespillerforbund, fekk Statens kunstnarløn frå 1959 og vart riddar av St. Olavs Orden i 1953.   Les mer …

Vestlandske Møbler i 1953.
Vestlandske Møbler vart skipa i 1929 under namnet AS Sykkylven kurvvarefabrikk. Initiativtakarar var Fridtjof Fredriksen og bror hans, Asbjørn Fredriksen snr. Skipingsmøtet, som vart halde på romet til Fridtjof Fredriksen i Lied-huset på Aure i oktober 1929, samla ti personar, som alle teikna seg for aksjar. Fridtjof var på denne tida kontormann hos Ole T. Lied, som dreiv konfeksjonsfabrikken Fønix. Det var også i fabrikklokala til Lied at korgvareproduksjonen kom i gang seinhausten 1929. Møbelfabrikken i Sykkylven vart på 1960-talet særleg kjend for stolen Siesta, som òg førte til internasjonalt gjennombrot. I 1997 vart bedrifta seld til Ekornnes.   Les mer …

Carl Eliassen Tandstad (fødd 3. februar 1875 i Sykkylven, død 1938) var lærar, musikar og komponist frå Sykkylven. Han vart fødd i Johannesgarden på Tandstad, som son av Elias og Guri Tandstad. Carl E. Tandstad ville nytte dei rike evnene sine, og som ung reiste han til Volda der han gjennomførte mellomskulen. Volda-tida vart ei rik tid for han. Der fann han også kona si, Ida. Etter som åra gjekk, fekk dei ein stor barneflokk. I Volda kom han i lag med den vidgjetne spelemannen og komponisten Per Bolstad. Begge var, trass i unge år, framifrå felespelarar. Dei inspirerte kvarandre som musikarar og utvikla ein varm, livslang venskap.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Sykkylven kommune
 
Andre artiklar