Forside:Valdres

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Østfold • Akershus • Oslo • Hedmark • Oppland • Buskerud • Vestfold • Telemark
Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres
Etnedal • Sør-Aurdal • Nord-Aurdal • Øystre Slidre • Vestre Slidre • Vang

Om Valdres
Kart over Valdres, med den historiske vandreruta Stølsrute teikna inn.

Valdres er eit landskap i Oppland, med kommunane Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Vang og Etnedal.Dalføret femner størstedelen av nedbørsområdet for Begnavassdraget nord for Sperillen og den øvre delen av Etnedal landskapsområde med kringliggande fjellstrok. I sør finn ein Begnadalen og Hedalen. I nord er Valdresflye ein del av Jotunheimen. Valdres reknast med til Austlandet, men er òg eit grenseområde til Vestlandet. Den eldste busetninga i dalen kom vestfrå, og Valdres var lenge under Gulatingslagen. I 1153 vart dalen ein del av Stavanger bispedøme.

Den største tettstaden, og den einaste mer over 1000 innbyggjarar er Fagernes i Nord-Aurdal. Fagernes som fekk bystatus i 2007 og har drygt 1900 innbyggjarar (2018). Andre tettstader, med folketal per 2018 i parentes, er: Leira i Nord-Aurdal (873), Bagn i Sør-Aurdal (668), Aurdal i Nord-Aurdal (681), Beitostølen i Øystre Slidre (349), Slidre i Vestre Slidre (346), Røn i Vestre Slidre (283), Heggenes i Øystre Slidre (283), Moane i Øystre Slidre (230) og Bruflat i Etnedal (248).

E16 og fylkesveg 51 går gjennom Valdres. Det er bussamband frå fleire stader i dalen til Oslo, Bergen, Gjøvik og Gol. Valdresbanen gjekk til Fagernes, og vart nedlagd i 1989. Fagernes lufthamn, Leirin var den høgast liggande flyplassen i Nord-Europa, på 822 moh. Den hadde daglege avgonger til Oslo lufthavn, Gardermoen. Lufthamna vart opna i 1987, og nedlagd i 2018.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Eiler Rosenvinge Kaurin (1828-1896)
Foto: Ukjent fotograf
Eiler Rosenvinge Kaurin (født 21. september 1828, døde 27. juli 1896) var teolog og prest i Den norske kirke. Han var sogneprest i Beiarn (1862-1868), Bud (1868-1875), Sør-Aurdal (1875-1883) og Eiker (1883-1896). Han var kjent som en kraftfull og uredd prest, samt som en ivrig friluftsmann og en kunnskapsrik jordbruksadministrator og hagedyrker.   Les mer …

Utstilling på Gjøvik bibliotek i forbindelse med Margit Sandemos død, laget av Oppland fylkesbibliotek.
Foto: Oppland fylkesbibliotek
(2018)

Margit Sandemo f. Underdal (født 23. april 1924Østre Toten, død 1. september 2018 i Skillinge i Skåne) var forfatter. Hun ga ut over 150 bøker, og var på slutten av livet den dalevende norske forfatteren som hadde kommet med flest utgivelser. Antallet hang sammen med at hun ble regna med blant kiosk- eller serielitterære forfattere, og hun ble avvist da hun søkte medlemskap i Den norske Forfatterforening. Hun var datter av forfatter Anders Underdal (1880–1973) og lærer Elsa Reuterskiöld (1892–1967). Margit Sandemo hevda at faren var en utenomekteskapelig sønn av Bjørnstjerne Bjørnson, noe som senere har blitt motbevist.

Da Margit ble født, bodde familien på Tovollen i Østre Toten.   Les mer …

Trygve Bjørgo.
Foto: Henta frå Studentene fra 1940 (1965)
Trygve Bjørgos gravminne på Aurdal kyrkjegard.
Foto: Ola Helge Fløene (ca. 2008)

Trygve Bjørgo (fødd 5. januar 1916 i Nord-Aurdal, død 2. mars 1997) var lyrikar, skulemann og aktiv i målrørsla. Han var fødd og oppvaksen på garden Nørdre Bjørgo på Sørskogen i Nord-Aurdal. Foreldra dreiv garden. Trygve var yngstemann i ein stor søskenflokk.

I ungdomen arbeidde han ei tid heime på garden, men søkte så vidare skulegang. Han gjekk eit år på Valdres folkehøgskule. Seinare gjekk han på privatskulen Grimeland skole i Oslo, som førde han fram til eksamen artium i 1940. Han tok språkleg-historisk embetseksamen med norsk som hovudfag ved Universitetet i Oslo 1947. I studietida var Bjørgo aktiv i Filologisk Forening, der dei mellom anna ei tid arrangerte årlege «olympiadar» for song, dikt, musikkstykke og liknande. I 1946 fekk Bjørgo sølvmedalje ved å lese eigne dikt. I 1947 var han med blant eit tjuetals studentar som gav ut Studentlyrikk.   Les mer …

Johan Skrindsrud - faksimile frå Norske skolefolk (1952).

Johan Skrindsrud (fødd 23. november 1897 i Etnedal i Valdres, død 19. mai 1961) var gardbrukar og lærar. Han arbeidde ved Bergsbakken skule i Nord-Etnedal frå 1922 til han døydde. Han hadde eksamen frå den 2-årige lærarskulen i Oslo og tok seinare meir utdanning, mellom anna engelskkurs. Skrindsrud hadde òg vore elev ved Valdres folkehøgskole.

Utanom skulearbeidet var Skrindsrud aktiv i kommunepolitikken i Etnedal, som medlem av Arbeidarpartiet. Han vart i 1934 vald inn i heradsstyret som partiets einaste representant frå Nord-Etnedal sokn.   Les mer …

Nordli skole rundt 1950, Lundstein bak til venstre.
Foto: Ukjent
Håkon Lundstein (født 1. mai 1908 i Etnedal, død 11. april 2001 i Østre Toten) var lærer. Lengst var han ved Nordli skole i Østre Toten. Han vokste opp i Etnedal i Valdres, som sønn av Martin (1872-1973) og Gunhild Lundstein (1886-1983). Også faren var lærer, og i tillegg ordfører, skribent og en kjent person i Etnedal. Håkon Lundstein tok lærereksamen på Hamar i 1934 og hadde dessuten utdanning fra jordbruksskole, håndverksskole og Norges Lærerhøgskole (1946/47).   Les mer …

Logoen til historielaget.

Sør-Aurdal historielag er ei lokalhistorisk foreining i Sør-Aurdal kommune i Valdres. Laget vart stifta i 1980 som eit lokallag av Valdres historielag. Det «har til formål å vekke interesse og skape forståelse for Sør-Aurdals historie. Det skal arbeide for å utbre kjennskap til vår kulturarv og våre kulturminner av alle slag».

Laget har sidan 1982 gitt ut Sagn og Soge i Søndre Ourdahl annakvart år, samt fleire lokalhistoriske bøker. I 1995 vart laget tildelt Sør-Aurdal kommunes kulturpris. Ein av grunnleggjarane og formann gjennom mange år, Gudbrand O. Waagaard, fekk prisen i 2007.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Valdres
 
Andre artiklar