Guro Heddelid er ein sagnfigur frå middelalderen. Hun kom frå storgarden Heddelid i Grunningsdalen i Seljord. Grunningsdalen går rett over fjellet frå Seljord til Sauland, mellom Lifjell i sør og Mælefjell i nord. Det heiter seg at garden Heddeli låg innerst i Grunningsdalen, men blei tatt av ras. Ein kan sjå at det ein gong har gått eit stort ras i området, men ingen veit heilt sikkert kor garden har lege.
Guro var ei stolt, sterk og vakker kvinne som det gjekk gjetord om. Til Heddelid kom kjempekarar og friarar for å kjempe om henner gunst. Det skal ha vore mange kampar i Grunningsdalen for Guro si skuld. Det er fleire bygdeviser om Guro Heddelid. Den mest kjente er nok «Guro rid til ottesong». Les mer …
Flatdal mekaniske verkstad i Flatdal. Foto: Siri Iversen (2023) Flatdal mekaniske verkstad blei starta av Hallvard Haugen (1924–1984) i Flatdal i Seljord kommune i 1958. Verkstaden produserer mellom anna grafikkpresser for kunstnarar. Terje Grøstad var den fyrste som bestilte ei slik presse.
I 1960 kjøpte broren Gunnar Haugen (1934–2014) seg inn, og i 1961 tok dei opp lån for å kjøpe fleire maskiner. I 1971 selte Hallvard Haugen seg heilt ut av verkstaden. Gunnar Haugen videreutvikla Flatdalspressa på 1980-talet, og eksporterte presser til både England, Island og USA. Les mer …
Kartskisse som viser kvar gamlevegen i Åsebrekkene gjekk i forhold til tidlegare E-76 (noverande Rv.134).
Åsebrekkene (Åsebrekkun) er ein vegstrekning mellom Flatdalsbrua, forbi Svingen (Nutheim gjestgiveri) og vidare oppover mot avkjøringa til Svartdal og Skarsvegen - den gamle vegen til Åmotsdal. Desse bratte kleivane var ferdselsvegen mellom Flatdal og Hjartdal i gamal tid, og det var denne vegen presten Landstad skreiv om i første del av det lange diktet Aneksreisen.
Gamlevegen hadde vore i bruk i uminnelege tider. Ein finn enno restar av den. Vel hundre meter frå brua, i retning nordvest kan ein, fylgje ein gangstig på høgre side som kliv oppover bratte bakken, og endar ved bilvegen ovanfor Åsegardane. På toppen , der ein kan sjå innover Svartdal, er Vadder.
Omkring 1860 og åra frametter var det stor aktivitet i vegbygging mange stader i landet. Vegdirektørembetet blei oppretta, og vi fekk etter kvart eit fagleg senter og ein etat.
I 1861 tok arbeidet med utbetring av vegen til og i 1862 var den nye vegen opp Åsebrekkun ferdig. I Flatdal blei vegen lagt i lia i vestleg retning mot Nutheim og svinger der 180 grader austover mot gamlevegen til Åse. Les mer …
Eidsborg stavkirke i januar 2013. Foto: Siri Johannessen (2013)
Eidsborg stavkirke er en stavkirke i Tokke i Telemark. Kirken i Eidsborg er enskipet og blant de minste i landet. Selve stavkirken er et rom på ca. 30 kvm. Den er 6,9 m. fra grunnmur til øverst i mønet.
I motsetning til laftebygninger med horisontale stokker over hverandre, er tømmeret stilt på høgkant. De store stokkene i hvert hjørne kalles staver. Øverst og nederst er disse bundet sammen ved rammeverk, som taket hviler på. I Eidsborg mangler bunnrammen så veggplankene (tilene) hviler direkte på grunnmuren. Veggplankene har not og fjær som i moderne panel.
Kirken er datert til midten av 1100-tallet. Den ble delvis ombygd på 1800-tallet og 1900-tallet. Den er en pilegrimskirke, eller vakekirke, idet den ligger langs Pilegrimsvegen til Røldal. Les mer …
|