Forside:Midt-Telemark kommune

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • (Distrikt: Grenland • Aust-Telemark • Vest-Telemark) • Vestfold • Østfold
KOMMUNE: Bamble • Drangedal • Fyresdal • Hjartdal • Kragerø • Kviteseid • Midt-Telemark • Nissedal • Nome • Notodden • Porsgrunn • Seljord • Siljan • Skien • Tinn • Tokke • Vinje
 • Sauherad
TIDLIGERE KOMMUNE:  • Sauherad

Om Midt-Telemark kommune
Midt-Telemark kommune ligg i Telemark fylke og blei oppretta 1. januar 2020, da Bø kommune og Sauherad kommune slo seg saman som er eit resultat av kommunereforma 2014–2018. To av grunnkrinsane i Sauherad, Angard og Hjuksebø med 466 innbyggjarar, blei samstundes ved grensejustering overført til Notodden kommune.

Kommunen Midt-Telemark omfattar to av dei tre kommunane i regionen Midt-Telemark, som mellom anna har et regionråd (Midt-Telemarkrådet) og utgjer næringsregionen Midt-Telemark. Den tredje kommunen, Nome, valde å halde fram som sjølvstendig kommune.

Bø er administrasjonssenteret i Midt-Telemark kommune.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
E.S.Høyum. Kunstnar ukjent.
Enevold Steenblock Høyum (fødd i Heddal eller Sauherad 15. mai 1775, død i Holla i nåverande Nome kommune 24. januar 1830), var offiser, gardbrukar og eidsvollsmann. Henrik Wergeland skriv følgjande om han at han var «Falsensk i Forsamlingen, men udenfor i Samtaler med Modpartiet mindre krigersk. Man fik saaledes af ham at vide, at de militære havde værre end de andre Repræsentanter ved at være oprigtige i det Punkt»   Les mer …

Simon Olaus Wolff.
Simon Olaus Wolff (født 10. oktober 1796, død 11. desember 1859) var prest, diktar og målar. Han var sokneprest i Mo, Aurskog og Sauherad, og hadde ein stor kjærleik til folkekultur og folkemål i Telemark. Wolff er millom anna kjent som diktaren av fedrelandssongen Hvor herligt er mit Fødeland.   Les mer …

Jostein Nerbøvik 2001
Foto: Ragnar H. Albertsen
Jostein Nerbøvik (fødd 10. juli 1938 i Volda, død 18. mars 2004 i Oslo) var ein framståande historikar med omfattande lokal- og annan faghistorisk produksjon. Etter oppveksten i Volda studerte han historie hovudfag i Oslo og avla eksamen i 1967 med oppgåva Antiparlamentariske straumdrag i Noreg 1905-1914. Oppgåva kom ut i bokform kort tid etter. Nerbøvik var ein av pionerane i oppbygginga av distriktshøgskulesystemet i Noreg, med tilsetting ved Telemark distriktshøgskule i Bø i Telemark i 1971. Der skreiv han òg første versjon av den læreboka som fram til 2012 var i bruk på dei fleste årsstudium (grunnfag) i historie ved norske høgskular og universitet: Norsk historie 1870-1905 (1973). Siste utgåva av denne boka kom i 1999. Medan han var i Bø engasjerte han seg i forsking og formidling av lokal- og regional historie for Telemark, m.a. gjennom boka Bønder i kamp. Bygdefolkets krisehjelp 1925-1935 (1991), som han i 1993 disputerte for graden dr.philos. med ved Universitetet i Trondheim.   Les mer …

Bø Meieri, truleg på 1940-talet.
Foto: Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Bø Meieri vart stifta i 1895. Meieriet låg på Solvang i Bøgata (Bø i Telemark) 27 i i Telemark.Tomta til meieriet blei skild frå Prestegarden i Bø i 1900. Den fyrste driftsbygning blei sett opp allereie då meieriet blei stifta i 1895, men denne brann i 1901. Ein ny bygning, Solvang, blei straks sett opp.

Hovudproduksjonen i Bø Meieri var mjølk og heilfeit gaudaost, men det blei også produsert smør, fløte og anna ost. Både bygningane og maskinene i meieriet blei modernisert fleire gonger. I 1931 fekk m.a. meieriet større lager og eit moderne kjølerom.

I 1927 blei meieriet forandra til andelsselskap med gardbrukarane i Bø som andelseigarar.   Les mer …

Bø Damefrisørsalong ble startet av frk. Mildred Gulbrandsen.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Bø Damefrisørsalong ble startet av frk. Mildred Gulbrandsen i 1943.

Salongen lå sentralt til i samme gård som Bø Sparebank. Gulbrandsen drev salongen sammen med tre damer i faste stillinger. Salongen utførte alt i faget: Permanent, vannondulasjon, bleking, farving, olje- og øyenbrynsbehandling, hudpleie og brudepynting.   Les mer …

Gvarv målestasjon, Sauherad i Telemark, ligger 93 moh. Stasjonen, som ble oppretta i mai 1997, måler nedbør, temperatur, snødybde og vind. 25. mai 2012 ble det målt 31,1 grader her. Dette er stående norgesrekord for mai.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Midt-Telemark kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar