Forside:Hordaland

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Forside:Hordaland fylke»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Askøy • Austevoll • Austrheim • Bergen • Bjørnafjorden • Bømlo • Eidfjord • Etne • Fedje • Fitjar • Kvam • Kvinnherad • Masfjorden •Modalen • Osterøy • Samnanger • Stord • Sveio • Tysnes • Ullensvang • Ulvik • Vaksdal • Voss • Øygarden

Om Hordaland
12 Hordaland vapen.png
Hordaland var eit fylke på Vestlandet, med administrasjonssenter i Bergen. Det grensa mot Sogn og Fjordane i nord, Buskerud og Telemark i aust, og Rogaland i sør. Den 1. januar 2020 vart det som del av regionreforma 2014–2018 slått saman med Sogn og Fjordane til nye Vestland fylke.

Fylket hadde fem distrikt: Sunnhordland, Midthordland og Nordhordland ved kysten, og innlandsdistrikta Hardanger og Voss.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Jarle Knut Geelmuyden i SS-uniform.
Foto: Ukjent fotograf / Lokalhistorisk senter Horten
Jarle Knut Geelmuyden, f. Johannessen og oftest omtalt som Knut Geelmuyden (født 14. august 1897 i Bergen, død 31. mars 1959) var prest i Masfjorden, Førde og Horten. Han ble under andre verdenskrig feltprest i Den norske legion etter å ha vært aktiv i Nasjonal Samling siden 1934. I 1946 ble han dømt til sju års tvangsarbeid og fradømmelse av embetet. Geelmuyden var svært bitter over dommen, og mente den var for streng i forhold til andre dommer. Etter å ha fått dommen fikk han et års permisjon før soning. Denne tida brukte han på å sette i stand huset slik at familien hadde et skikkelig sted å bo. I løpet av denne perioden søkte kona om benådning for ham, noe som gjorde ham rasende. En benådning var nemlig avhengig av innrømmelse av skyld.   Les mer …

Ole Myklestad (1841-1918) frå Tysnes kommune i Sunnhordland.

Ole Torbjørnsen Myklestad (fødd 19. januar 1841 i Tysnes, død 1918 i Fana) var agronom og gardbrukar, men er best kjent som mannen som utrydda smaleskabben i Noreg og på Island.

Myklestad vart fødd på garden Myklestad i Uggdal i Tysnes kommune. Han var yngste son på garden. Av det som finst att av dokument etter han, tyder alt på at han må ha vore både driftig og føretaksam. Han vart elev ved jordbruksskulen i Kvinnherad, der han fekk tittelen ”Landbrugsseminarist”. Det finst mange attestar frå forskjellig hald etter han, og alle stader er det berre vellæta. Han vert omtala som ”et flittigt og agtværdig Menneske” med stor lærehug. Etter kvart vart han agronom, og garden han kjøpte i Fana, vart snart drive fram til eit mønsterbruk. Og slik kunne han ha enda sine dagar, som ein flittig og dyktig bonde om det ikkje hadde vore for smaleskabben som herja land og strand rundt.   Les mer …

Øya Lunnøy (utheva) i Austevoll.

Lunnøy er ei fråflytta øy i Austevoll kommune. Ein finn spor etter menneske frå førhistorisk tid ved at det ligg gravhaugar og fleire mindre klebersteinsbrot frå yngre jernalder her. Dei første skriftlege kjeldene som fortel om busetjinga, er frå 1600-talet. Det har aldri vore fleire enn fire gardsbruk på øya, og det høgaste folketalet var 40 personar i 1940. Talet på husstandar var åtte i 1940-åra. Gardbrukarane på den 0,6 kvadratkilometer store øya var fiskarbønder. I 2019 flytta den siste fastbuande frå Lunnøy. Fleire fritidsbustader er bygde dei siste tiåra, og den lokale snøggbåtruta har stjernestopp her.

Namnet kjem av norønt hlunnr som betyr lunne eller rund stokk, ein såkalla rullestokk, som vart lagt under båten når den skulle dragast på land. Ser ein øya frå nord, skrår ho austover, og dei runde haugane på austsida liknar lunnar som ligg etter kvarandre oppover eit båtoppdrag   Les mer …

Arnoldus Koren, 85 år gammal. Etter målarstykke av Anna Nerdrum.

Arnoldus von Westen Sylow Koren (fødd i Bergen 22. juli 1764, død i Ullensvang 8. oktober 1854) var jurist, eidsvollsmann og stortingsmann. Lengste embetstenesta si hadde han som sorenskrivar i Hardanger og Voss. Han var også kjend som ein føregangsmann i landbruket, ikkje minst kva gjeld fruktdyrkinga i Hardanger.

I Riksforsamlinga på Eidsvoll var han ein konsekvent sjølvstendemann, og han vidareførde denne linja på omframstortinget hausten 1814. Av politiske motstandarar vart han framstilt nærmast som ein overivrig våsekopp, og også hans eigne vener kunne finne han meir enn nødvendig taletrengd. Dette har nok verka til å setje i skuggen Korens fortenester som politikar, embetsmann og gardbrukar. Og det har svekt ettertidas syn for hans heilskaplege samfunnsideal, prega framfor alt av moderne liberale og demokratiske haldningar. Han var kanskje den på Eidsvoll som tydelegast målbar tanken om eit konsekvent brot med det gamle samfunn, for å realisere den franske revolusjonens ideal om fridom, likskap og brorskap.   Les mer …

Ungdomsbilete av Jacob Aaland. Fotograf ukjent.
Jacob Aaland (fødd i Innvik i Stryn kommune 27. april 1865, død på Sandane i Gloppen 18. oktober 1950) var lærar og lokalhistorikar. Med sine bygdebøker frå Nordfjord under samletittelen Nordfjord frå gamle dagar til no er han ein av dei som har hatt størst innverknad på utviklinga av innhald og form i denne sjangeren. Jakob Aaland verka som folkeskulelærar i 48 år. Fyrste stillinga etter lærareksamen var i Sigdal 1884-1886, så i Brevik 1887-1890, Kragerø 1891-1892 og frå 1892 til 1932 i Bergen ved Fortunen og seinare Lungegården skule. I åra 1914-1919 hadde Aaland statsstipend for å drive med bygdebokarbeidet, og var ute av skulearbeidet. I denne perioden heldt han til på Nordfjordeid, og var da redaktør i Fjordenes Blad. Jacob Aaland var Venstre-mann, og sat ei tid som representant i Bergen bystyre. Han hadde fleire tillitsverv i Bergen, mellom anna var han formann for Bergen lærersamfund.   Les mer …

Bygdebokforfattar, lyrikar og omsetjar Johan Tufteland.
Johan Tufteland (fødd i Austevoll 28. mai 1913, død i Kvam i Hardanger 25. februar 1998) var fiskar, lærar, lyrikar, omsetjar og bygdebokforfattar. Utdanninga hans var frå Stord lærarskule 1938-1942, Noregs Lærarhøgskule i Trondheim (NTNU) 1949-1950, Sløyd- og teiknelærarskulen på Notodden 1951-1952 og Universitetet i Oslo 1958. Han arbeidde som lærar i Austevoll, i Bergen, i Kvam og på Kvitsøy. Tufteland skreiv både fag- og skjønnlitteratur. Han gav ut kultursoge og tre gards- og ættesoger for Austevoll kommune, tre diktsamlingar og ein roman. Dessutan skreiv han artiklar i aviser og tidsskrift. I tillegg gjendikta han til nynorsk dikt av den amerikanske lyrikaren Emely Dickinson. Fleire av Tufteland sine gjendikta salmar av mellom anna Nikolai Grundtvig er med i Norsk salmebok.   Les mer …

Offersteinen i Lundo.
Foto: Knut Rage (2009)
Lundo høyrer til garden Myklestad i Uggdal i Tysnes kommune. På området er det registrert fleire gravrøyser, ei hustuft og ein stein som er tolka som ein offerstein. I tillegg vart det like etter krigen funne ein laus stein med ristingar, den såkalla runesteinen frå Myklestad. Området på Myklestad, som Lundo er ein del av, vart undersøkt så tidleg som i 1888, der det vart gjort hellerfunn. Sjølve Lundo vart undersøkt på ny i 1949, like etter funnet av runesteinen, og meir grundig i 1988 - det var då ei større tuft som stod i sentrum for undersøkingane. Tufta ligg på flate Lundo, nord for ein berghammar nord for tunet på bruket og aust for kapellet ved Uggdal kyrkje, i den sørvestre kanten av flata der lendet skrår slakt ned mot nordvest, men går brattare ned mot dyrka mark i sørvest. Tufta måler ca. 18 x 5 m (nordvest-søraust) i ytre mål.   Les mer …

Flyfoto over Våge på Tysnes, teke ein solskinsdag i august 1961.
Foto: Ukjend
Våge er den største tettstaden i Tysnes kommune og det viktigaste trafikknutepunktet på øya, med ferjeruter til Halhjem sør for Bergen. Bygda er samstundes det merkantile tyngdepunktet i kommunen. Det er også her ein finn ungdomsskulen, fleirbrukshall og flest kulturelle aktivitetar. Innbyggjartalet er 524 personar pr 2006. Våge er eit usamansett naturnamn og har med ordet ”våg” å gjera, ei nemning som kan sporast tilbake til norrønt og sannsynlegvis endå eldre tid. Namn av denne typen viser gjerne til den aller eldste busetnaden i eit område. Det tyder såleis på at garden Våge må vera ein svært gammal gard.   Les mer …
 
Sjå óg
 
Kategoriar for Hordaland
 
Andre artiklar