Forside:Nordhordland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Austrheim • Fedje • Masfjorden • Modalen • Osterøy • Vaksdal

Om Nordhordland
Nordhordland er eit distrikt i den nordlege delen av det tidlegare fylket Hordaland. Det omfattar sju kommunar: Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal. Desse hadde til saman 45 838 innbyggjarar pr. 1. juli 2008, og eit areal på 2753 km². Tidlegare vart òg delar av Gulen kommune og bydelane Arna og Åsane medrekna til Nordhordland. Øygarden vart òg rekna med, men etter at den slo seg saman med Fjell og Sund til nye Øygarden kommune, reknast den gjerne ikkje med lenger. Den største tettstaden i distriktet er Knarvik, som er kommunesenter i Alver.

Saman med Midthordland inngår Nordhordland i regionen Bergen og omland.

  Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Om lag 1960, nordre del av Rognsvågen. Til venstre Nedst-Tangen bnr 218, busetnaden i Rognsvågen bak.
Nedst-Tangen er eit gardsbruk i Fedje kommune.

Dette er det sørlegaste av bruka i Tangane. Uttalen er «nestånjenn». Det tidlegare namnet Tangen Indre er brukt første gong i 1645. Søre Tangen har av og til vore nytta som nemning, m.a. i 1666, 1701 og 1769. Den gamle landskylda var på ½ våg fisk.

1. Ola Jonsen er nemnd i 1603, 1612, 1614 og 1617, så då var det to bruk i Tangane, nordre og indre.   Les mer …

Flyfoto 1963. Heilt til venstre Kremmarholmen bnr 2 og bnr 1. Prestestova står enno. I midten bnr 6 (Holmen), så bnr 60 og bnr 62. Bak frå venstre vegfyllinga til Moldøyna, så Børhaugen og Brotet.
Foto: Widerøes Flyveselskap
KremmarholmenFedje er første gongen skriven med dette namnet i 1665. Det var i matrikkelen frå dette året, og her heiter det «Kremmerholmb nu først taxerit», med landskyld 18 merker fisk og kan fø eit naut, utsåd ikkje nemnt. Dette må tyda at Kremmarholmen alt hadde vore eit eige bruk ei tid, men at det først no vart utskilt frå Holmen. Ein av brukarane under Holmen nr 4 kan ha budd her, utan at ein kan seia kven av dei. Namnet kjem naturleg nok av kremmar, landhandlar. Det har igjen sin bakgrunn i at det var her handelsmannen på Fedje etter kvart vart buande. Tidlegare hadde han halde til på nabobruket Ertsholmen (1). Bakgrunnen for opprettinga av handels- og gjestgivarstader, er den rolla som skipsleia har spelt i å binda menneska frå ulike delar av distrikt og land saman. Etter kvart som det vart aukande trafikk og samhandel mellom dei ulike distrikta, oppstod det ein trong for høvelege stoppestader langs kysten, der ein kunne få overnatting og elles proviantera. Det var stader med gode hamner som låg lagleg til som peikte seg ut og etterkvart danna sentrale knutepunkt i båttrafikken. Med sine gode hamnetilhøve og gunstige plassering i skipsleia langs kysten og ved innløpet til Bergen, vart Kremmarholmen på Fedje den naturlege handels- og gjestgivarstaden i dette området. Saman med dei andre tilsvarande stadene i skipsleia, var såleis Fedje del av eit større kommunikasjonssystem. I Bergen byprivilegium av 1702 fekk kjøpmennene i byen løyve til å oppretta kremmarleier på landet. Eigaren måtte ha borgarskap i Bergen, og handelsstaden skulle styrast av ein «gesell». Som nemnt under nr 1 på Holmen, hadde det alt lenge vore eit kremmarleie på Fedje.   Les mer …

«Gneisenau» fotografert i 1939/40.
Foto: Deutsches Bundesarchiv
Fjell festning (også Fjell fort, Batterie Fjell, Festung Sotra, MKB 11/504 Fjell eller Torden Felix) er et kystforsvarsanlegg på Sotra, Fjell i Øygarden kommune. Anlegget ligger på et høydeplatå over Fjell gard midt på øya. Anlegget ble bygget av den tyske okkupasjonsmakten under andre verdenskrig og tilhørte den tyske Kriegsmarine og inngikk i Atlanterhavsvollen. Festningen var bygget som et forsvar rundt hovedvåpenet, en trippel 28,3 cm kanon, plassert i et pansertårn med en maksimal rekkevidde på 37 km. Kanonen var opprinnelig en skipskanon fra slagkrysseren «Gneisenau», som hadde tre slike kanoner og disse ble demontert etter at skipet ble skadd etter britisk bombing i Kiel i februar 1942. Festningens hovedformål var å forsvare innseilingen til Bergen, nord og sør for Sotra. Bergen var en viktig by for okkupasjonsmakten, ikke minst på grunn av ubåtbunkeren i Laksevåg.   Les mer …

Mikkeliva (Liva) Djupevåg (fødd 5. august 1907 på Fondenes i Austrheim, død 14. februar 2014 i Austevoll) voks opp i ein søskenflokk på 11 på husmannsplassen Torvneset i Austrheim. 17 år gammal kom ho som tenestjente, taus, til Selbjørn i Austevoll. Der gifte ho seg i 1937 med fiskar Knut Olav Djupevåg, og dei fekk to barn. 104 år gammal var Mikkeliva omvisar på husmannsplassen Torvneset.   Les mer …

Holmengrå fyr i 2022
Foto: Karsten Madsen
Holmengrå fyrstasjon er eit fyr i Fedje kommune i Nordhordland. Det vart oppretta i 1892. I 1986 vart det automatisert og avbemanna. 1. Fyrkommisjonen av 1828 hadde gjort framlegg om Holmengrå for eit nordre innseglingsfyr til Bergen. Men fyrkommisjonen av 1851 kom til eit anna resultat, då dei etter ei synfaring rådde til eit kyst- og innseglingsfyr på Hellisøy. Dette kom då i første omgang, sjå gnr 173. I 1890 kom det framlegg om å flytta fyret på Rongeværet i Austrheim (oppretta i 1870, sjå Austrheimb. III s 649) til Holmengrå. Rongeværet vart deretter nedlagt og erstatta av ei fyrlykt, og Holmengrå fyr vart bygd i 1892, på den nordlegaste holmen på Fedje. Det gav rettleiing for m.a. innseglinga til Sognesjøen. Fyrvesenet fekk skøyte for 1400 kr på holmen i 1893, frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 2 same året. Det vart bygd ein fyrvaktarbustad med tårnlykt på taket, eit uthus og naust. I 1908 vart det bygd assistentbustad. I 1916 rapporterte fyrvaktaren at fyrbygningen var skadd pga uvær, sjøen slo ikkje sjeldan mot den. Same året vart fyrbygningen flytta eit stykke mot søraust til eit høgare punkt. I 1948 vart det vedteke at det ikkje lenger skulle vera familiebustader her. Fyrvaktarbustaden vart ominnreidd med hyblar og fellesrom, og assistentbustaden vart seld og riven. I 1955 vart det bygd eit nytt fyrtårn med maskinhus på vestsida av holmen. Fyret vart automatisert og avfolka i 1986. Forsvarsbygg fekk skøyte på fyrstasjonen i 2013.   Les mer …

Avishode frå 1893.

Hordaland er ei lokalavis som vert utgjeven på Voss i Hordaland. Ho vart skipa i 1883, og var fram til 1972 ei Venstre-avis. Sidan har ho vore partipolitisk ubunden. Området avisa dekkjer, er kommunane Voss, Ulvik, Granvin, Vaksdal og Modalen. I Voss kommune har avisa ei dekning på meir enn 93 % av husstandane (2008).

Avisa vart omlagt frå fullformat til tabloid i oktober 2003. Ho kjem ut tysdag, torsdag og laurdag, med eit gjennomsnittleg sidetal på kring 28. Avisa er eigd av eit familieaksjeselskap, med disponent Astrid Kløve-Graue som største aksjonær. Redaktør sidan hausten 2013 er Elin Madsen.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Nordhordland
 
Andre artiklar