Forside:Nordmøre: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
 
(2 mellomliggende revisjoner av samme bruker vises ikke)
Linje 1: Linje 1:
{{Distriktsmal tabell
{{Distriktsmal
|Flertall(er/ar)      = ar
|Flertall(er/ar)      = ar
}}
}}

Nåværende revisjon fra 16. nov. 2010 kl. 13:46

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: HustadvikaSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalSmølaAureHeimRindal

Om Nordmøre
Kart over Midt-Noreg med det noverande Nordmøre markert i grønt.

Nordmør (eldre namneform) eller Nordmøre (den vanlegaste namneforma i dag) er eit historisk landskap og ein region i Midt-Noreg. I nyare tid blir Nordmøre vanlegvis definert som dei noverande kommunane Aure, Averøy, Eide, Gjemnes, Kristiansund, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll i Møre og Romsdal samt Rindal og delar av Heim i Trøndelag.

Historisk sett har Nordmøre lege under Frostating lagdømme (til dags dato) og Nidaros bispedømme (til Møre bispedømme vart oppretta i 1982). Frå 1500-talet til i dag har Nordmøre sortert under Trondheims len (til 1662), Trondhjems stiftsamt (til amtssystemet vart avvikla først på 1900-talet. Lokalt har Nordmøre vore eige futedømme (fogderi), og frå 1662 av har landskapet sortert under Romsdals amt, som frå 1689 av har inkludert Sunnmøre òg. Frå 1919 av har nordmørskommunane utgjort dei nordaustlegaste 40 % av Møre fylke, no Møre og Romsdal fylke. Av desse gikk Rindal kommune over til Trøndelag den 1. januar 2019.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Milnbrygga som rommar Norsk Klippfiskmuseum i Kristiansund.
Foto: Harald Oppedal
Norsk klippfiskmuseum ligg i Kristiansund og er etablert som ein del av Nordmøre Museum. Museet held til i Milnbrygga, ei autentisk kleppfiskbryggje frå midt på 1700-talet. Museet viser korleis kleppfiskproduksjonen har føregått i Noreg gjennom meir enn 250 år. Til bryggja hører kleppfiskberg og vaskeplass for fisk. Anlegget ligg sentralt ved hamna, midt i bybildet i Kristiansund. Kvart år blir det arrangert bacalaofestival der firma og kleppfiskentusiastar konkurrerer om å laga den beste bacalaoen. På norsk blir ordet bacalao bruka om ein gryterett av kleppfisk.   Les mer …

Magda og Christian Bøbak.
Foto: Christian Bøbak
Christian Bøbak (fødd 2. januar 1891Bøbakken i Bøgrende i Lesja, død 29. desember 1955 i Bergen) var ein landskjent fotograf. «Mange har regnet Bøbak som en av landets, kanskje Skandinavias fremste portrettfotografer» står det i omtalen av han på Nasjonalbibliotekets oversyn over fotografar i Noreg. Fotohistorikaren Roger Erlandsen lister Bøbak som nr. 2 blant 8 sentrale norske portrettfotografar i det han kallar «portrettets gullalder» (tida kring første verdskrigen). Kristian Hosar har referert den mangeårige formannen i Norges Fotografforbund, H. Johnsrud: «Hans portretter, representerer i utpreget grad fotografiets absolutte virkelighet. Han viser for oss mennesket, uretusjert og i all sin opprinnelighet, uten forloren pynt.» Bøbak arbeidde lengst i Bergen.   Les mer …

Halfdan Cock-Jensen
Foto: Ukjent.
Halfdan Cock-Jensen (fødd i Larvik 10. desember 1865, død i Lørenskog 23. november 1923) var lærar, bladmann, organisasjonsmann og landbrukskunnig. Han er best kjend som stiftar av Norsk Bonde- og Småbrukarlag (1913) saman med Henrik Egeberg. Cock-Jensen hadde ikkje sjølv bakgrunn frå noko småbrukar- eller bygdemiljø, men var fødd inn i ein skipparfamilie i Larvik. Det låg openbert ein sterk idealisme bak engasjementet hans for småbrukarsaka. Det heiter i nekrologen over han i Tidsskrift for Smaabruk i 1923: «Hans virksomme ånd, hans varme hjertelag for de undertrykte og det som burde rettes på i samfundet, gav ham aldri ro eller anledning til å tenke på sig selv eller spare sine egne krefter.»   Les mer …

«Fjordamerra» på utstilling i Geitbåtmuseet.
Foto: Olve Utne
«Fjordamerra» er ein kyrkjebåt frå Årvågsfjorden i AureNordmøre som vart bygd i 1842. Båten, ein tverrskotta geitbåt av aurgjeldstypen med sju par årar, stod i mange år ute under eit provisorisk tak på Trøndelag folkemuseum - Sverresborg, men har seinare vorte flytta til GeitbåtmuseetEngjan i Valsøyfjord i Halsa kommune på Nordmøre. Nybygde kopiar av «Fjordamerra» inkluderer «Fjordamerra» (1996), som vart bygd av Gunnar Eldjarn og Arne Terje Sæther på oppdrag for Aure historielag, og «Halsabrura», som vart bygd av og for Geitbåtmuseet i 1997.   Les mer …

Faksimile frå Romsdalsposten 14. mai 1924; utsnitt av nekrolog over Edvard Langset.
Edvard Langset (fødd 9. mars 1867, død 12. mai 1924), òg kjent under pseudonymet «Ola Vonheim», var ein forfattar, lærar, folkeminnesamlar og målmann som i dag er mest kjent for boka Folke-eventyr fraa Nordmør (1921). Edvard Langset vart fødd i 1867 på Langset i daverande Straumsnes kommune (no i Tingvoll kommune) på Nordmøre av foreldra Eli Olsdotter Langset og Ole Gundersen Langset. Han var ein aktiv forfattar og skribent og gav ut i alt 13 bøker i si levetid.   Les mer …

Erkebispegarden var lensherresete frå kring 1556 til overgangen til amt i 1662.
Foto: Olve Utne
Trondheims len, òg kalla Trondhjems len, og i ein periode frå 1530-åra til 1550-åra Steinvikholms len, var eit av fire hovudlen i Noreg som vart oppretta i 1503, og det bestod som len med ymse grensejusteringar fram til lenssystemet vart avvikla og erstatta med amt i 1662. Administrasjonsstaden for hovudlenet var for det meste byen Nidaros, seinare kalla Trondheim og Trondhjem. Kjerna i hovudlenet var sjølve slottslenet, og i tillegg fanst det eit varierande antal smålen som underlen. Lensherrens residens ble kalt Kongsgaarden eller Trondhjemsgaard. Smålena vart ofte samanslegne i ulike, meir eller mindre kortvarige konstellasjonar, men etter kvart vart smålena tekne inn i sjølve slottslenet, slik at dette dekte heile Trøndelag, Namdalen og Nordmøre midt på 1600-talet.   Les mer …
 
 
Kategoriar for Nordmøre
 
Andre artiklar