Forside:Nordmøre

Sideversjon per 17. mai 2010 kl. 01:03 av Dena Utne (samtale | bidrag) (Erstatter sida med «{{Distriktsmal |Flertall(er/ar) = ar }}»)

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: HustadvikaSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalSmølaAureHeimRindal

Om Nordmøre
Kart over Midt-Noreg med det noverande Nordmøre markert i grønt.

Nordmør (eldre namneform) eller Nordmøre (den vanlegaste namneforma i dag) er eit historisk landskap og ein region i Midt-Noreg. I nyare tid blir Nordmøre vanlegvis definert som dei noverande kommunane Aure, Averøy, Eide, Gjemnes, Kristiansund, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll i Møre og Romsdal samt Rindal og delar av Heim i Trøndelag.

Historisk sett har Nordmøre lege under Frostating lagdømme (til dags dato) og Nidaros bispedømme (til Møre bispedømme vart oppretta i 1982). Frå 1500-talet til i dag har Nordmøre sortert under Trondheims len (til 1662), Trondhjems stiftsamt (til amtssystemet vart avvikla først på 1900-talet. Lokalt har Nordmøre vore eige futedømme (fogderi), og frå 1662 av har landskapet sortert under Romsdals amt, som frå 1689 av har inkludert Sunnmøre òg. Frå 1919 av har nordmørskommunane utgjort dei nordaustlegaste 40 % av Møre fylke, no Møre og Romsdal fylke. Av desse gikk Rindal kommune over til Trøndelag den 1. januar 2019.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Milnbrygga som rommar Norsk Klippfiskmuseum i Kristiansund.
Foto: Harald Oppedal
Norsk klippfiskmuseum ligg i Kristiansund og er etablert som ein del av Nordmøre Museum. Museet held til i Milnbrygga, ei autentisk kleppfiskbryggje frå midt på 1700-talet. Museet viser korleis kleppfiskproduksjonen har føregått i Noreg gjennom meir enn 250 år. Til bryggja hører kleppfiskberg og vaskeplass for fisk. Anlegget ligg sentralt ved hamna, midt i bybildet i Kristiansund. Kvart år blir det arrangert bacalaofestival der firma og kleppfiskentusiastar konkurrerer om å laga den beste bacalaoen. På norsk blir ordet bacalao bruka om ein gryterett av kleppfisk.   Les mer …

Gressetbåten.
Foto: Olve Utne
(2011)
Gressetbåten, òg kalla Gressetgeita, er ein honnfyring frå Gresset i Aure kommuneNordmøre. Han er ein geitbåt av aurgjeldstypen og skil seg ut frå andre bevarte aurgjeldgeiter dels ved at han manglar nyare trekk lånt frå åfjordsbåten som vaterbord, skottdrigle og så vidare, og dels ved ein alderdommelig konstruksjon som inkluderer at alle borda er hogne og at framstamnen har ei karakteristisk, alderdommelig form. Da Gressetbåten vart oppdaga av fagfolk, trudde ein at dette var ein båt frå 1700-talet, men ein dendrologisk analyse har datert treverket i båten til 1853.   Les mer …

Våningshuset på bnr. 1 under Innersetra.
Foto: Olve Utne
Innersetra (IPA ["iɲ:əˌse:tɾa] (N/A), ["iɲ:əˌse:tən] (D)), òg skrive Indresæter, eller Øygarden (IPA ["ʌ:ˌgɑ:’n] (N/A), ["ʌ:ˌgɑ:ɾa] (D)) er ein matrikkelgardTustna i Aure kommuneNordmøre i Møre og Romsdal.   Les mer …

Avishode fra 1920.
Avishode fra 1942.
Adresseavisen (i dagligtale ofte Adressa) er ei dagsavis utgitt i Trondheim. Den ble grunnlagt i 1767 som Kongelig allene privilegerede Trondhiems Adresse Contoirs Efterretninger, og er landets eldste avis som fortsatt utgis. Den er også nest største avis utafor Oslo, og dekningsområdet inkluderer Trøndelag og Nordmøre. Adresseavisen har skiftet navn flere ganger, og fikk sitt nåværende navn i 1927. Pr. 2013 eies avisa av Polaris Media.   Les mer …

Johan Ulrik Olsen taler ved åpningen av rådhuset i Kristiansund i 1953.
Foto: Monge

Johan Ulrik Olsen (f. 2. august 1885Hitra, d. 4. oktober 1963 i Kristiansund) var en kjøpmann og politiker som representerte Arbeiderpartiet på Stortinget fra 1934 til 1961. Olsen ble statsråd i det nyopprettede Kommunal- og administrasjonsdepartementet i 1948, og han satt deretter som sjef for kommunaldepartementet gjennom tre regjeringer fram til 1958.

Tre av Olsens sentrale merkesaker var gjennomføringen av den store kommuneinndelingsreformen i 1960-årene, gjenreisningen av Nord-Norge og etableringen av den sosialdemokratiske boligpolitikken etter annen verdenskrig. Dette var komplekse og kontroversielle politiske saker, og Olsen ble også oppfattet som en kontroversiell, men kanskje ikke kompleks politiker. Han var imidlertid kjent for sin store arbeidskraft og sin ukuelige praktiske gjennomføringsevne, som inkluderte et bredt register av politiske virkemidler, noen i ytterkanten av hva både meningsfeller og meningsmotstandere anså som korrekt.Annen verdenskrig ble viktig for Ulrik Olsens omdømme og videre karriere etter krigen. Som ordfører opptrådte han meget tydelig og konsekvent i sin motstand mot okkupasjonsstyret. Det verserer flere historier om hans klare, men av og til også underfundige språkbruk i møte med tyske militære myndigheter etter bombingen av Kristiansund i slutten av april 1940.   Les mer …

Kokse i støa ved Nordheim på Stabblandet.
Foto: Olve Utne
Ei kokse (nordmørsk) «ko’ks») eller prame (nordmørsk) «pra’m») er ein liten, flatbotna robåt hovudsakleg bruka til heimefiske, småærend og lett transport. Typiske særtrekk inkluderer spiss framstamn, akterspegel, flat botn med tverrbord og langsgåande kjøl, og eitt par tollepinnar. Botnen kan elles vera forsterka med eit langsgåande bord på kvar side av kjølen. Koksa har normalt to band med tofter, og i tillegg kan dei ha ein sess ved akterspegelen. I rorsrommet er det gjerne ei opa tilje med tversgåande ribber som er gode å ta spenntak mot når ein ror. Framskotten og akterskotten blir gjerne bruka til last. Lengda på koksa er normalt kring 10–12 fot. Geografisk sett er koksa vanleg på Nordmøre og i Fosen (kysten av Trøndelag fylke sør for Flatanger). Namnet kokse kjem frå sørsamisk guksie (uttala goksie i namdalssamisk), som elles tyder ei lita drikkeause av tre og med eitt skaft.   Les mer …
 
 
Kategoriar for Nordmøre
 
Andre artiklar