Forside:Nordmøre

Sideversjon per 17. mai 2010 kl. 01:03 av Dena Utne (samtale | bidrag) (Erstatter sida med «{{Distriktsmal |Flertall(er/ar) = ar }}»)

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: HustadvikaSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalSmølaAureHeimRindal

Om Nordmøre
Kart over Midt-Noreg med det noverande Nordmøre markert i grønt.

Nordmør (eldre namneform) eller Nordmøre (den vanlegaste namneforma i dag) er eit historisk landskap og ein region i Midt-Noreg. I nyare tid blir Nordmøre vanlegvis definert som dei noverande kommunane Aure, Averøy, Eide, Gjemnes, Kristiansund, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll i Møre og Romsdal samt Rindal og delar av Heim i Trøndelag.

Historisk sett har Nordmøre lege under Frostating lagdømme (til dags dato) og Nidaros bispedømme (til Møre bispedømme vart oppretta i 1982). Frå 1500-talet til i dag har Nordmøre sortert under Trondheims len (til 1662), Trondhjems stiftsamt (til amtssystemet vart avvikla først på 1900-talet. Lokalt har Nordmøre vore eige futedømme (fogderi), og frå 1662 av har landskapet sortert under Romsdals amt, som frå 1689 av har inkludert Sunnmøre òg. Frå 1919 av har nordmørskommunane utgjort dei nordaustlegaste 40 % av Møre fylke, no Møre og Romsdal fylke. Av desse gikk Rindal kommune over til Trøndelag den 1. januar 2019.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Markus Elias Schmedling (fødd 3. mai 1853 i Nesset kommune, død 1912) var son av den danskfødde byggmeisteren Frants Ferdinand Schmedling. Markus Elias Schmedling dreiv som bokbindar og fotograf, og han signerte bilda sine både med Kristiansund og med "Atelier ved Kristiansund". Han bruka òg signaturen "Schmedling & Co.". I Aalesunds Museums bildearkiv finst eit par portrett i visittkortformat med namnet åt Schmedling kartongbaksida. Utvandra til USA i 1880 og dreiv som fotograf i Chattanoga i Tennessee. Han reiste heim att og bygde huset "Lokaut" ved Flatsetsundet på Frei.   Les mer …

Sørveggen på Hals skule.
Foto: Olve Utne
(2008)
Hals skule, Halsskulen, var ein folkeskule på Tustna i Aure kommune. Skulebygninga vart tømra i 1890-åra på grunn frå garden Hals. Skulekretsen inkluderte matrikkelgardane Hals, Innersetra og StorsetraTustna så vel som Innerberg og FjelnesdalenStabblandet. Skulen har eitt klasserom, og i tillegg er det eit lærarkammers, yttergang og mørkloft. Hals skule vart nedlagt i juni 1972 og er no skulemuseum.   Les mer …

Georg Ulrich Wasmuth. Ukjent kunstnar
Georg Ulrich Wasmuth (fødd i Kristiansund 19. mars 1788, død på Ytterøya 16. oktober 1814) var offiser og eidsvollsmann. Foreldra var kjøpmann Christian Fredrik Wasmuth og Johanne Susanne Holck. Familien tilhøyrde eliten av borgarskapet i Kristiansund. Dei hadde i ein herskapeleg bustad på Innlandet, som kjøpmann Wasmuth hadde bygd kring år 1800. Vi finn dei der i folketeljinga 1801, foreldre med to søner og tre døtrer. Men firmaet gjekk konkurs i 1804. Den unge Georg Ulrich var da under utdanning ved Krigsskolen. Han byrja i teneste som korporal ved Nordafjelske skiløperbataljon, truleg i 1804, medan han framleis var kadett. Frå 1805 var han offiser og tilsett som fenrik ved 1. Trondhjemske infanteriregiment, 1. gevorbne grernaderkompani.   Les mer …

Kornstad stavkyrkje i Averøy kommune var frå først av ei enkel stavkyrkje, som blei reven i 1871. Over kordøra stod namnet “Niels Hindricksøn”. Tyder dette “Niils Henrikson Gyldenløve til Østråt” (fru Ingers ektemake), kan vel kyrkja vera bygd av han mellom år 1510 og 1520, og kom da i lag med Giske-godset. Joh. Brodal meiner ho er eldre. Han fortel at ho vart laga til korskyrkje med to timbra sideskip i 1649. I 1665 var det fleire store reparasjonar i koret, i korset og i kyrkjestolane, og loft innlagt. Da Chr. Lossius 1725 kjøpte kyrkja, var ho forfalla. Han gjorde storflidnad, bygde tårn som fekk årstalet 1761 på spiren. Truleg var det da dei to galleri “for mandspersoner” vart bygde. På altertavla var måla: Jesus innset nattverden. Kring tavla var sett fem trefigurar, truleg Moses og dei fire evangelistar. Ei innskrift synte at altertavla var sælebotsgåve i 1638 av enkja etter kongeleg gastgjevar på Smørholmen, Ole Olsen Helt (“Jelt”), fødd 1571, død 1637. Nederst på altertavla var utskore ein smågut som kvilde på høgre hand og heldt eit timeglass i venstre. På austre vegg hang ei tavle med to felt. I øvste felt var bilete av Jesus på krossen og dei to røvarar. I nederste felt var Ole Helt sjølv teikna med langt kvitt skjegg mellom fem søner på den eine sida, og på den andre sida var enkja Marit Svendsdotter avbilda med sine fem døtre. Denne tavla var og forært av “Oluf Heltis efterleverske” anno 1638.   Les mer …

Gravstein over Holger J. Aresvik og kona, Beret Aresvik, f. Fugelvåg på kyrkjegarden ved Otnes kyrkje i Valsøyfjorden.
Foto: Olve Utne
Holger Aresvik (fødd 10. januar 1883; d. 17. februar 1938) var ein felespelmann og målar frå ArasvikaErtvågsøya i Aure kommuneNordmøre. Han er blant anna kjent for å ha gjeve form til «Bruramarsj frå Valsøyfjord» — ein mangedelt bruremarsj som har utgangspunkt i to kortare bruremarsjar.   Les mer …

Tingvoll kyrkje
Foto: Arve Holmeide

Tingvoll kyrkje (lokal uttale /"tiŋvɔʎ:ˌçerçɔ/ (nominativ/akkusativ) / /"tiŋvɔʎ:ˌçerçɔɲ:/ (dativ)) på TingvollNordmøre er ei steinkyrkje som vart bygd kring 1180 i romansk stil. Ho er ei av dei gamle steinkyrkjene som vart bygd i Noreg gjennom tidene som enno står og framleis er i bruk. Kyrkja og det store vinkelrette våningshuset i nærheita ligg på eit sentralt plassert på nordsida av Tingvollvågen.

I eldre tider var Tingvoll truleg tingstad for Nordmøre, og det er difor ikkje unaturleg at kyrkja vart bygd her. Veggene i kyrkja er opptil 1,8 meter tjukke og har gangar inni, både på nordsida og sørsida. Dei går i trappetrinn bratt opp til murkrona oppunder sperrverket og så like bratt ned att. Det er eit mysterium kvifor dei vart bygde.   Les mer …
 
 
Kategoriar for Nordmøre
 
Andre artiklar